Archive - Date

Collected lists

Skaugumsåsen og Bergsåsen i Asker

Date:
15.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
3.7km

Første dag på ferietur. Målet for ferien var å gå på turar i Telemark. Vi køyrde frå Gåsbu litt utpå dagen, og det vart to små turar i Asker, utanfor Oslo. Båe turane hadde bra råk, og var fine å gå. Det var varmt og godt vêr. Etter turane bada vi og åt middag på badeplassen ved Finnsrudvannet. Deretter køyrde vi vidare, og overnatta i bilen ved Øksne, om lag midt i mellom Kongsberg og Notodden.

Map    

Heievola

Date:
13.07.2021
Distance:
11.3km

Kristine sin form var ganske god i dag, men ho var skeptisk på å gå ein langtur innover mot Lyngkampen om magesmertene skulle bli ille. Så da vart det Heievola. Oppover var det fint å gå innover vegen i frå bommen ved brua over Søre Eldåa. Frå vegen og opp til toppen hadde vi sett oss ut dei skogfrie partiane på kartet, men like etter at vi hadde gått av vegen kom vi inn på eit råk. Det var kjekt. Råket var ikkje like lett å følgje overalt, så vi mista det nokon gonger, men vi fann det stort sett rask att. Overraskande flott tur eigentleg. Etter turen køyrde vi vidare innover Birkebeinervegen, og attende til Gåsbu.

Map    

Rognvola

Date:
12.07.2021
Distance:
5.8km

Grått og overskya vêr frå morgonen på Gåsbu, men det var spådd litt betre utover dagen, så vi fann ut at vi skulle ta ein todagers-tur i Stor-Elvdal. Plan var Rognvola, Heievola, Nordre Gråkampen og Lyngkampen, men Kristine sin form er ikkje på topp, med magesmerter og litt hovudvondt. Så vi var ikkje sikre på kor mykje tur det vart. Vi kom litt seint av gårde frå Gåsbu, og etter eit stopp på Rena køyrde vi inn den 120kr dyre Birkebeinervegen. Frå Storbekkvollen fekk vi køyrd innover mot Furuåsen, og parkerte i enden av vegen. Litt over halv fem gjekk vi av gårde. Råket oppover var litt vanskeleg å sjå til å byrje med, da det var ein del vegetasjon der. Heldigvis hadde nokon gått før oss og tråkka ned det høgaste graset. Litt høgere oppe vart råket betre. Flott hytte >>>

Map    

Stolpejakt på Gåsbu

Date:
11.07.2021
Distance:
6.5km
Map    

Storebøra, Tunheimshornet, Naustdalskammen og Uppnosi

Date:
03.07.2021
Characteristic:
Hillwalk

Storebøra og Tunheimshornet i Vanylven, Naustdalskammen i Eid/Stad og Uppnosi i Sjåk Dagens første tur gjekk til Storebøra i Vanylven. Vi køyrde opp den smale og bratte Fjellvegen, og parkerte på parkeringsplassen i enden. Derifrå gjekk vi på godt råk opp til toppen av Storebøra. Fantastisk utsikt. Ned gjekk vi om Litlebøra. Før dagens andre tur hadde Kristine undersøkt litt, og funne ut at Tunheimshornet såg ut som ein flott tur. Det var det! Fint råk, som gjekk bratt opp til toppen. Oppe på toppen var det flott utsikt, og ein veldig fin gapahuk, samt benker oppe på toppen. Den tredje turen for dagen gjekk til Naustdalskammen, litt vest for Nordfjordeid. Vi følgde turskildring frå ut.no. Det var ein flott tur, men fin utsikt. Spesielt ved Dagsturhytta var det fint. Til dagens siste >>>

Map    

Hanekammen, Venøya og Kvamfjellet

Date:
02.07.2021
Characteristic:
Hillwalk

Dagens første tur gjekk til Hanekammen. Vi parkerte i vegkanten ved "godlukta" til sildeolje-fabrikken. Derifrå gjekk vi i vegen på dårleg råk oppover. På litt over 200moh, kom det nokre andre turgåare frå eit anna råk, dette råket såg mykje betre ut, så vi prøvde det ned. Fin tur oppover til toppen, og bra utsikt. Toppen var ikkje eit sted å vere, da det var mykje insekt der. Ruta ned vart litt omveg, men mykje betre råk. Anbefaler andre å bruke denne ruta, men det er kanskje ikkje så lett å finn parkering. "Kremtur". Hadde lest andre rapportar som skildra turen som ille. Terrenget opp til toppen levde opp til dei forventningane. Tungt og vondt, sjølv om det ikkje var langt. Heldigvis var utsikta overraskande bra. Dagens tredje og siste tur. Vi følgde ruta >>>

Map    

Sankta Synneva-hornet og Vågsøy

Date:
01.07.2021
Characteristic:
Hillwalk

Tur 1: Sankta Synneva-hornet Etter ein god hotell-frukost på Nordfjord Hotell pakka vi ut, og drog vidare vestover. Første stopp på turen var Sankta Synneva-hornet, kommunetopp i gamle Vågsøy kommune, men ikkje lenger kommunetopp etter sammenslåinga til Kinn kommune. Det var ein grei tur, på godt råk. Det flottaste undervegs var steinhusa som låg på litt over 400moh. Flott utsikt på toppen, men mykje insekt førte til at vi hasta av gårde nedover. Tur 2: Veten og Brurahornet Neste tur vart ute på Vågsøy, til øytoppen Veten. Vi parkerte nede ved barnehagen, og tok med mat opp til Skramsvatnet. Der hadde vi ei god matpause, før vi gjekk i vegen til Veten. Veldig godt råk opp til toppen. Oppe på toppen freiste det å gå runden om Brurahornet. Det var ein fin runde. Etter turen >>>

Map