Archive - Date

Collected lists

Finnsjøvola

Date:
02.05.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
12.0km

Siste tur på helgeturen i Nord-Østerdalen. Litt slitne etter gårsdagens tur, og ikkje så altfor bra vêrmeldign utover dagen førte til at vi ikkje ville ta ein så altfor lang tur. Snømengda i området er også ganske liten, så vi valde ein topp vi trudde skulle ha greitt skiføre. Finnsjøvola vart eit bra val. Vi kunne ta på skiane med ein gong, og måtte berre ta dei av ein gong oppover sætervegen. Frå Øverdalssætra var det heilt bert der skiløypa skulle gå i følgje skisporet.no, men vi fann uansett ei bra rute i terrenget. Litt sikk-sakk for å ha snø under skia, men veldig fint å gå. Vi hadde fint vêr opp til Pika, men på Pika byrja det å blåse og det vart meir overskya. Flott utsikt på toppen, og vi tok ein liten matpause før vi gjekk vidare mot Finnsjøvola. Flott >>>

Map    

Skjellåkinna med meir

Date:
01.05.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
23.4km

Langtur på fjellski over fire toppar. Vi parkerte nedanfor Solvang gård, og bar skiane oppover vegen. Vi kunne ta på skiane med ein gong vi gjekk i vegen oppover skogen. Det var nokre berrflekker, men vi slapp å ta av skiane altfor mange gonger. Over Storbekken måtte vi ta dei av. Opp til Sleukampen satt vi frå oss skiane på om lag 1300moh. og gjekk opp til toppen. Flott utsikt! Vidare var det flatt og lettgått terreng over Eriksrudkvølve, før oppstigninga til Bukletten. Der og satt vi frå oss skiane før toppen. Flott utsikt der og, særleg mot Sølnkletten. Oppover mot Skjellåkinna følgde vi flanken, før vi satte frå oss skiane 80 høgdemeter nedunder toppen. Deretter gjekk vi over Østre Skjerallen, og fekk flott nedkøyring før oppstigninga til Eriksrudhøe. Der og satt vi >>>

Map    

Midtvola ved Atnbrua

Date:
30.04.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
7.9km

Helgetur til Nord-Østerdalen. Vi drog frå Gåsbu etter jobb, og installerte oss på ei campinghytte på Skogli camping, rett sør for Atnsjøen. Vi drog så til skiløypa til Midtvola. Derifrå gjekk vi oppover mot toppen på fjellski. Vi måtte bære skia litt på starten, men føret og snøen var overraskande bra. Flott utikt på toppen. Kort og fin tur.

Map    

Skitur til Målia

Date:
18.04.2021
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
3:07h
Distance:
24.4km

Skitur med Kristine

Map    

Kvilåsen og Venberget i Åmot

Date:
17.04.2021
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
17.1km

Målet for dagen var eigentleg Deifjellet frå søraust, men der var området stengt på grunn av mykje millitæraktivitet i skytefeltet. Da måtte vi leggje om turplanane. Kvilåsen og Venberget vart da det nye målet. Vi hadde håpa å kunne køyre opp til Holmsjøen, eller i det minste forbi Ulvåsetra, men det gjekk ikkje. Vi vart stoppa av mykje snø i vegen, og vi parkerte i vegkanten. Fint skiføre i vegen oppover mot Holmsjøen, og også fint i terrenget. På Kvilåsen var det flott utsikt nordover, og det var godt å sitte i sola der. Vi tok av kortfellane frå fjellskia før vi gjekk i vegen nedover frå Kvilåsen. Vidare mot Venberget vart det ikkje naudsynt å ta dei på igjen. Ikkje noko utsikt på Venberget, men like nedunder toppen kom vi til eit skogholdt der det var flott utsikt >>>

Map    

Skitur til Svaen

Date:
11.04.2021
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
3:07h
Distance:
26.0km

Fin skitur, og avslutning av stolpejakten på Hedmarksvidda. Stort sett fint klisterføre, men litt klabbing der vi gjekk utanom spor.

Map    

Skitur i vindmølleland

Date:
10.04.2021
Distance:
26.8km

Kristine hadde sett ut ein tur til Raskiftet, og det var nykøyrde skiløyper. Vi køyrde så høgt vi kom opp mot Raskiftet frå Osensjøen. Bra scooter-spor stort sett heile vegen, men litt attblese på åpne partiar. Skiløypa stopper litt nord for Raskiftet, så det var brøyting opp til toppen. Veldig bra skiforhold utenom løypane denne dagen. Også opp til Grasberget og Ulsjøfjellet var det brøyting. Frå Ulvsjøfjellet følgde vi beltespor i beilvegen ned att. Mykje vindturbinar i område. Dei er store og stygge, men det var faktisk flott utsikt frå nokre av toppane uansett. Fint vêr, og ein veldig fin tur. Dette vart årets første tur med nye bestigningar, det var på tide.

Map    

Skitur på Gåsbu

Date:
07.04.2021
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
1:18h
Distance:
12.0km
Map    

Stolpejakt på Hedmarksvidda

Date:
05.04.2021
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
5:54h
Distance:
40.4km

Langtur og stolpejakt på Hedmarksvidda med Kristine. Vaffelstopp på Budor.

Map    

Skitur på Prestkjerringa

Date:
03.04.2021
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
27.2km

Laurdag hadde vi gått ein runde om Blestern, denne dagen vart turen utvida med Prestkjerringa. Fin tur og flott vêr.

Map