Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (13)
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
-
Ski trip (173)
- Backcountry skiing (10)
- Cross-country skiing (147)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Trip by foot (203)
- Alpine trip (6)
- Hike (44)
- Hillwalk (134)
- Jogging (16)
- Walk (3)
Peakbook-Friends
Mannslagarnuten
- Date:
- 18.07.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:58h
- Distance:
- 15.9km
Dag 4 på Telemarksferie. Målet for dagen var Mannslagarnuten. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå råket frå Kvitsund opp mot Hestestodnuten, og i terrenget derifrå til Mannslagarnuten. Men etter at Kristine hadde sett på rapportene til Otto og JoSo endra vi plan. Det er vi glade for at vi gjorde. For det vart ein veldig fin tur.
Vi parkerte ved bommen innover mot Kvernes, og gjekk ivegen innover på grusvegen. Vi tok så av frå den. og gjekk på godt råk/ATV-veg til Tarren bålplass.
Derifrå gjekk vi i terrenget til toppen. Det var stort sett fine sva å gå på og greitt terreng. Eit lite, bratt parti med småklyving på om lag 850moh, ellers var det veldig greitt å gå. Litt kupert etter at vi kom opp på rundt 1000moh.
Vi gjekk same veg attende, og hadde ein god rast med bakevarer >>>
Skorvetoppen
- Date:
- 17.07.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 9.1km
Dag 3 på Telemarksferie. Vi vakna opp på Raudkleiv parkering, og drog ned til Seljord og åt frukost utanfor Shell-stasjonen. Vi køyrde så oppover Kivledalen, på sørsida av Kivleåi, før vi køyrde på nordsida til parkeringa ved Haugan.
Her var det fleire som skulle på tur. Flott råk heile vegen opp. Enormt bratt grusveg nedunder Karlstaul, kva slags køyretøy dei brukar opp der skjønar ikkje eg.
Veldig fin utsikt frå toppen.
Etter turen vart det bading og soling ved Bjørgesanden, middag på eit gatekjøkken i Seljord, og ei ny overnatting på Raudkleiv parkering.
Jøronnatten og Troganattan
- Date:
- 16.07.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 17.1km
Dag 2 på ferietur i Telemark. Vi køyrde frå overnattinga mellom Kongsberg og Notodden til Røksbuparkering på Lifjell. Derifrå følgde vi godt råk oppover mot Jøronnatten. God og varmt oppover, og ved Langetjønn vart det ein lang badepause.
Etter badepausa gjekk vi over eit markert toppunkt vest for vatnet. Dette val vi å kalle Tallakslinuten, som står på kartet, men nokre hundre meter sør for toppen. Frå Tallakslinuten gjekk vi vidare oppover mot Jøronnatten, og oppe på 1000moh tok vi av frå råket og gjekk mot Troganatten. Det var teikna inn fleire råk på kartet, og til å byrje med hadde vi bra råk, men midt oppe på høgda forsvann det. Ned mot bekken frå Bjørndalsvatnet vart det noko kratt, men ikkje for ille. Det såg ut som det gjekk eit betre råk litt nord for der >>>
Skaugumsåsen og Bergsåsen i Asker
- Date:
- 15.07.2021
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 3.7km
Første dag på ferietur. Målet for ferien var å gå på turar i Telemark. Vi køyrde frå Gåsbu litt utpå dagen, og det vart to små turar i Asker, utanfor Oslo. Båe turane hadde bra råk, og var fine å gå. Det var varmt og godt vêr.
Etter turane bada vi og åt middag på badeplassen ved Finnsrudvannet. Deretter køyrde vi vidare, og overnatta i bilen ved Øksne, om lag midt i mellom Kongsberg og Notodden.
Heievola
- Date:
- 13.07.2021
- Distance:
- 11.3km
Kristine sin form var ganske god i dag, men ho var skeptisk på å gå ein langtur innover mot Lyngkampen om magesmertene skulle bli ille. Så da vart det Heievola.
Oppover var det fint å gå innover vegen i frå bommen ved brua over Søre Eldåa. Frå vegen og opp til toppen hadde vi sett oss ut dei skogfrie partiane på kartet, men like etter at vi hadde gått av vegen kom vi inn på eit råk. Det var kjekt. Råket var ikkje like lett å følgje overalt, så vi mista det nokon gonger, men vi fann det stort sett rask att.
Overraskande flott tur eigentleg. Etter turen køyrde vi vidare innover Birkebeinervegen, og attende til Gåsbu.
Rognvola
- Date:
- 12.07.2021
- Distance:
- 5.8km
Grått og overskya vêr frå morgonen på Gåsbu, men det var spådd litt betre utover dagen, så vi fann ut at vi skulle ta ein todagers-tur i Stor-Elvdal. Plan var Rognvola, Heievola, Nordre Gråkampen og Lyngkampen, men Kristine sin form er ikkje på topp, med magesmerter og litt hovudvondt. Så vi var ikkje sikre på kor mykje tur det vart.
Vi kom litt seint av gårde frå Gåsbu, og etter eit stopp på Rena køyrde vi inn den 120kr dyre Birkebeinervegen. Frå Storbekkvollen fekk vi køyrd innover mot Furuåsen, og parkerte i enden av vegen. Litt over halv fem gjekk vi av gårde.
Råket oppover var litt vanskeleg å sjå til å byrje med, da det var ein del vegetasjon der. Heldigvis hadde nokon gått før oss og tråkka ned det høgaste graset. Litt høgere oppe vart råket betre. Flott hytte >>>
Storebøra, Tunheimshornet, Naustdalskammen og Uppnosi
- Date:
- 03.07.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
Storebøra og Tunheimshornet i Vanylven, Naustdalskammen i Eid/Stad og Uppnosi i Sjåk
Dagens første tur gjekk til Storebøra i Vanylven. Vi køyrde opp den smale og bratte Fjellvegen, og parkerte på parkeringsplassen i enden.
Derifrå gjekk vi på godt råk opp til toppen av Storebøra. Fantastisk utsikt.
Ned gjekk vi om Litlebøra.
Før dagens andre tur hadde Kristine undersøkt litt, og funne ut at Tunheimshornet såg ut som ein flott tur. Det var det! Fint råk, som gjekk bratt opp til toppen.
Oppe på toppen var det flott utsikt, og ein veldig fin gapahuk, samt benker oppe på toppen.
Den tredje turen for dagen gjekk til Naustdalskammen, litt vest for Nordfjordeid. Vi følgde turskildring frå ut.no. Det var ein flott tur, men fin utsikt. Spesielt ved Dagsturhytta var det fint.
Til dagens siste >>>
Hanekammen, Venøya og Kvamfjellet
- Date:
- 02.07.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
Dagens første tur gjekk til Hanekammen. Vi parkerte i vegkanten ved "godlukta" til sildeolje-fabrikken. Derifrå gjekk vi i vegen på dårleg råk oppover. På litt over 200moh, kom det nokre andre turgåare frå eit anna råk, dette råket såg mykje betre ut, så vi prøvde det ned.
Fin tur oppover til toppen, og bra utsikt. Toppen var ikkje eit sted å vere, da det var mykje insekt der.
Ruta ned vart litt omveg, men mykje betre råk. Anbefaler andre å bruke denne ruta, men det er kanskje ikkje så lett å finn parkering.
"Kremtur". Hadde lest andre rapportar som skildra turen som ille. Terrenget opp til toppen levde opp til dei forventningane. Tungt og vondt, sjølv om det ikkje var langt. Heldigvis var utsikta overraskande bra.
Dagens tredje og siste tur. Vi følgde ruta >>>
Sankta Synneva-hornet og Vågsøy
- Date:
- 01.07.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
Tur 1: Sankta Synneva-hornet Etter ein god hotell-frukost på Nordfjord Hotell pakka vi ut, og drog vidare vestover. Første stopp på turen var Sankta Synneva-hornet, kommunetopp i gamle Vågsøy kommune, men ikkje lenger kommunetopp etter sammenslåinga til Kinn kommune. Det var ein grei tur, på godt råk. Det flottaste undervegs var steinhusa som låg på litt over 400moh. Flott utsikt på toppen, men mykje insekt førte til at vi hasta av gårde nedover.
Tur 2: Veten og Brurahornet
Neste tur vart ute på Vågsøy, til øytoppen Veten. Vi parkerte nede ved barnehagen, og tok med mat opp til Skramsvatnet. Der hadde vi ei god matpause, før vi gjekk i vegen til Veten. Veldig godt råk opp til toppen. Oppe på toppen freiste det å gå runden om Brurahornet. Det var ein fin runde.
Etter turen >>>