Archive - Date

Collected lists

Tre turar aust i Nord-Østerdalen

Date:
20.09.2020

Siste dag på helgetur i Nord-Østerdal. Ikkje så bra vêr i dag som på dei to førre dagane. Første tur var inne på Øversjdal/Narbuvoll-vegen. Kort og fin tur på godt råk opp på Sletthøa. Neste tur gjekk Kvennvikhøgda. Veldig bra råk opp dit og. Siste tur gjekk til Vålåberget ved Drevsjø. Veldig bra råk her og, og flott hytte på toppen.

Map    

Sålekinna og Tynsethøgda

Date:
19.09.2020

Fint vêr på starten av dagen, men meldt ein del vind. Vi tok sjansen på at vinden ikkje vart for sterk i høgda, og drog i veg for å gå på Sålekinna. Vi parkerte på parkeringa ved Øversjøen. Derifrå gjekk vi i vegen på veldig godt råk oppover til Sålekinntoppen. Godt vêr til å byrje med, men sur vind frå om lag 1400moh. Rim på steinane oppover mot toppen, så det var svært glatt. På Midtre Sålekinna tok vi ein lang pause i ly av ein steinhylle, før vi gjekk til Nørdre Sålekinna. På veg ned roa vinden seg ein del, og det vart godt og varmt. Vel nede frå Sålekinna var dagen framleis ung, så vi tok ein tur til. Så vi køyrde til Håkåtjønna, og gjekk på godt råk ned til vatnet. Derifrå var det kolossalt tungt terreng opp til Tynsethøgda. Først myr, så mose. Greitt >>>

Map    

To turar ved Sølenstua

Date:
18.09.2020
Characteristic:
Hillwalk

Vi hadde vore heldige å låne ei hytte nord i Østerdalen av ein kollega av meg. Så rett etter jobb drog vi i vegen nordover. Litt over halvvegs stoppa vi og gjekk to turar. Den første turen gjekk til Vardefjell. Vi gjekk på grusveg opp til Volskarven. Der var det flotte fargar og fin utsikt, men Sølen var borte i skodda. Fint råk vidare til Vardefjell. Den andre turen gjekk til Ulvåberget. Bom til skianlegget var stengd, så vi parkerte der. Greitt råk oppover, men det forsvann like før skiheisen. Heilt fantastisk utsikt mot Sølen. Etter turen køyrde vi vidare hytta ved Narbuvoll. Flott sted.

Map     1 comment

Ilsengstiene

Date:
16.09.2020
Distance:
8.5km

Flott hausttur med Kristine etter jobb. Veldig fine råk på Ilseng. Pent vêr.

Map    

Sykkeltur heimefrå til Brumundkampen

Date:
13.09.2020
Characteristic:
Bike trip - mixed
Duration:
2:53h
Distance:
51.7km

Sykkeltur heimefrå. Hadde eigentleg tenkt til å sykle over til Målia frå Kveåa, men slo det fort frå meg. Blautt råk og lengje sidan eg har sykla i terrenget, så da vart det å halde seg på vegen i staden. Fin tur.

Map    

Bærtur på Gåsbu

Date:
12.09.2020
Distance:
9.2km
Map    

Svarttjennshaugen i Elverum.

Date:
10.09.2020
Characteristic:
Bike trip - mixed
Distance:
11.4km

Sykkeltur i Elverum etter jobb. Fann litt blåbær.

Map    

Prestkjerringa

Date:
06.09.2020
Distance:
10.8km

Tur frå Nysetra til Prestkjerringa med Kristine og pappa. Vi plukka mykje blåbær attende til Nysetra.

Map    

Høsbjør

Date:
05.09.2020
Distance:
3.9km

Tur på Høsbjør med Kristine på veg frå Gåsbu til Gausdal.

Map