Archive - Date

Collected lists

Lomskollen og Smørkollen

Date:
17.07.2020

To turar i Lom og Øystre Slidre. Etter gårdagens tur på Glittertinden og Trollsteineggje var eg veldig tung og kjei i beina. Lomskollen er eigentleg ein kort og grei tur, men i dag var han tung som fy. Difor vart det ikkje fleire skikkelege turar. Fint råk, men det byrjar å bli ein del furubuskar tett på. Flott utsikt. På veg heim stoppa vi like før Beitostølen, og gjekk på Smørkollen. Vi har ofte prata om å stoppe der på veg over Flya. Det var ein veldig kort og grei tur. Fin utsikt der og.

Map    

Glittertinden og Trollsteineggje

Date:
16.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
14:00h
Distance:
26.6km

Tur i Jotunheimen med Kristine og Johannes. Kristine og eg drog frå Slidre halv sju, og traff Johannes ved Garmo skule halv ni. Vi satt på med Johannes inn Visdalen, og parkerte rett etter brua over Grjota. Derifrå gjekk vi oppover i terrenget. Tungt og langt oppover til første topp. Men flott utsikt undervegs. Utsikta frå Vestre Glittertindoksle over til Trollsteineggje og Glittertinden var flott. Vidare opp snøen til Glittertinden vart det enda tyngre. Mykje folk på Glittertinden. Lettgått nedover mot Austre Glittertindoksle, og ein ganske kort motbakke opp til toppen. Breutstyret vart brukt det korte strekket frå høgde 2274moh og over til Austre. Frå Austre gjekk vi nedover ryggen, der det var mykje reinsdyr. Vi kryssa så bretunga Grotbrean, og gjekk brekanten opp til skardet til >>>

Map     2 comments

Keisaren og Velshøe på Jotunheimvegen

Date:
13.07.2020

Vi parkerte på p-plassen rett ved vegen, og gjekk over demningen. Etter demningen var det flott råk heilt til toppen. Flott utsikt på toppen, sjølv om det er ein veldig låg topp. Attende klarte vi like før demningen å følgje eit saueråk eit lite stykke. Det vart blaut myr og mykje kratt, så vi gjekk litt attende å fann at råket. Fin tur, og fullført +100pf-liste i Øystre Slidre. Vi køyrde eit lite stykke vidare Jotunheimvegen, og køyrde inn mot Nedre Heimdalsvatnet. Vi parkerte like før bommen. Derifrå følgde vi vegen eit godt stykke. Frå vi tok av vegen kunne vi følgje ein del dyretråkk, men etterkvart vart det berre kratt og elende. Det vart fint terreng frå om lag 1200moh. Dette var egentleg ein ganske fin topp, men terrrenget før sjølve fjellet ødela litt. Attende >>>

Map    

Gringsdalshøi, Dyrtjørnhøi og Griningsdalskampen

Date:
12.07.2020
Characteristic:
Hillwalk

Tur i Sjodalen. Vi køyrde heilt til enda av Griningsdalsvegen, og parkerte like før Dyrtjørnbekken. Derifrå gjekk vi delvis på råk, på dyretråkk og i terrenget opp til Griningsdalshøi. På veg oppover ryggen oppretta vi den vesle toppen Bjørnberget. Oppe på Griningsdalshøi fekk vi dagens dårlegste vêr; kald vind og snøvêr. Lettgått på gras ned til dalen, før det vart ein ny, tung stigning opp til Dyrtjørnhøi. Vi gjekk via Refjellet Sørvest, som hadde ein del raud stein. Ned at prøvde vi å gå kortaste veg. Veldig fin tur og runde. På køyreturen attende stoppa vi å gjekk på Griningsdalskampen. Bratt og tungt opp, men fint råk. Flott utsikt mot Sjodalen. Kort og fin tur.

Map    

Bergsfjellet i Vang

Date:
10.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
19.7km

Tur i Vang. Vi køyrde til Vang, og inn bomvegen Nørre Skakadalen. Vi parkerte ved Øyestølen, nokre hundre meter før den registrerte p-plassen. Derifrå sykla vi ned til vegen mot Vårstølane. Veldig lett sykkeltur. Vi satt frå oss syklane i vegkanten, og gjekk i vegen oppover Uksestigen. Flott og tung tur oppover til Bergsfjellet Øst. Derifrå gjekk vi over Ø2, og mot Bergsfjellet. Dette vart ein tur med mykje oppretting av grønne nåler. I staden for å gå bortom Skjøld, og råket ned at, gjekk vi i terrenget og oppretta nokre nye toppar. Ein flott rundtur.

Map    

Veofjellet, Rundhøe og Heranoshøe

Date:
09.07.2020

Etter overnatting i bilen nede i dalen, drog vi oppover mot Jotunheimen, med mål om å gå på Veofjellet, Rundhøe og Haranoshøe. Det var spådd mykje vind, og moglegheit for regn. Vind var det mykje av, men regn fekk vi heldigvis ikkje før på bilturen heim. Første tur gjekk til Veofjellet og Rundhøe. Vi byrja med Veofjellet. Grei stigning i lettgått terreng opp til Vesttoppen, og greitt vidare derifrå. Attende droppa vi å gå oppom Vesttoppen. Innom bilen og åt ein banan, før vi gjekk opp til Rundhøe. Vi køyrde så litt vidare innover, og gjekk på Heranoshøe. Bratt og effektiv stigning opp til toppen. Veldig godt terreng å gå i. Veldig flott utsikt på denne toppen.

Map    

Toppar rundt Lemonsjøen og Randsverk

Date:
08.07.2020

Fire turar rundt Lemonsjøen og på Randsverk. Oppover til parkeringa på Gråhøe stod det fleire skilt med inga parkering i vegen, men vi val å perkere der uansett. Sparte ein god del høgdemeter på det. Veldig fin tur, på godt råk. Ganske populær tur, og vi møtte fleire. Vêrmeldinga hadde vist at det skulle vere opphaldsvêr, men ein del vind. På køyreturen over Flya kom det ein del kraftige skurar, men vi slapp unna alt av regnvêr. Mye vind var det heile dagen. Tur to vart opp til Veslvassfjellet . Veldig bra råk her og. Tungt opp skogen, veldig fint i høgda. Tur tre vart til Trollhøe og Kalvfjellet. Veldig bra råk, og vi møtte mange folk. Flott utsikt på toppen. Nede at på Kalven seter prøvde vi oss på presisjonsskudd med sprettert. Kristine traff ein gong, eg ingen. Litt >>>

Map     6 comments

Golsfjellet

Date:
06.07.2020

Tur på Golsfjellet. Vi køyrde til Gol, og så fjellvegen til Bagn. Undervegs gjekk vi fire turar. Den første turen gjekk til Veikulnatten . Vi parkerte der råket tar av frå vegen til Grangard. Råket var ganske blautt, men veldig bra. Flott utsikt mot Gol og Hemsedalsfjell, men gasnke sterk vind på toppen. Fin tur. Vidare køyrde vi til Holtelifjellet . På skilt ved stistarten sto det 2,2 km, men det var 2,9. Eigentleg en veldig fin tur, men i dag hadde vi regnvêr og sterk vind. Etter denne turen gjekk vi den veldig korte turen på Kyrkja . Vi køyrde heilt opp til Brennsætre og gjekk dei korte metrane derifrå. Vi hadde eigentleg tenkt til å prøve å komme oss på Vardefjell i Nesbyen, men ein låst bom ved Andsjøen stoppa det. Eigentleg ikkje lenger enn at vi hadde kunna gått turen, >>>

Map    

Berdalseken

Date:
04.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
20.4km

Berdalseken har vi sett på i heile år. Vi hadde eigentleg tenkt til å ta han på ski, men vinteren strakk ikkje til. Så med bra vêrmelding vart dette dagen. Og for et vêr det vart! Litt kald trekk, men ikkje mykje. Strålande sol, som varma godt, heile dagen, og nesten ikkje ei sky på himmelen. Vi parkerte på parkeringa på starten av anleggsvegen inn Valdresdalen. Vi følgde anleggsvegen innover eit stykke, før vi gjekk oppover råket på nordsida av Slutedøla. Dette råket følgde vi berre opp til det flata ut i Slutedalen. Derifrå gjekk vi oppover fjellsida mot topp 1416moh, som vi oppretta som Slutenosi sør. Vidare var det fin rygg å gå til Slutenosi. Frå Slutenosi sikta vi mot å runde Ljotetjørn på høgre sida. Vi gjekk på nordsida av Ljotetjørn, og på nedsida av topp >>>

Map    

"Kremtoppen" Marsteinberget

Date:
02.07.2020
Characteristic:
Walk
Duration:
0:19h
Distance:
1.2km

Erik W. Thommessen har lagd ei kremtopp-liste med 100 toppar sør for Trondheimsfjorden. Når ein lager ein subjektiv liste med topper er det rom for mykje diskusjon om kva topper som høyrer med. Det er mange topper som har gode argument for å vere med. Om Marsteinberget har det, er litt meir usikkert. Parkeringsplassen er to meter høgare enn toppen. Men det var ein kurant liten tur. Og utsikta var forøvrig flott mot Sæbufjorden, med Torfinnstindane, Kalvehøgda/Rasletinden og Besshøe bak.

Map