Archive - Date

Collected lists

Horntinden og Raudbergkampen

Date:
16.04.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
12.8km

Tur med Kristine etter jobb. Vêret var pent og det var spådd avtakande vind utover dagen, da vi drog i frå Slidre. Oppe ved Tyin var det framleis sol, det var eit par kuldegradar, men det var ganske sterk vind. Vi hadde vore usikre på korleis snøforhalda var, så vi hadde med både trugar, langrennsski og toppturski. Valet fall på langrennsskia, det var eit godt val, det var stort sett gode snøforhald. Det hadde vorte mykje av og på med feller på toppturskia, og det hadde vore tungt. Truger kunne ha vore eot greitt alternativ, men det er kjekt å kunne gli på dei lange strekkane. Vinden avtok ikkje slik som det var spådd, og det var heile tida litt surt vêr, spesielt på toppane. I dei siste brattane opp til Horntinden og Raudbergkampen var det ikkje særleg føre for langrennsski, >>>

Map    

To turar på veg frå Gausdal til Slidre

Date:
13.04.2020
Characteristic:
Snowshoe trip

To turer på truger i Søndre og Nordre Land. Turen på Venholhøgda: 1t 59 min - 6,4 km - 340 hm

Map    

To skiturar i Øyerfjellet

Date:
12.04.2020
Characteristic:
Cross-country skiing

Tur 1: Storhaugen 2 t, 54 min - 20,6 km - 350 hm Skitur i delvis nykøyrde og fine løyper, og delvis i gamle løyper med veldig sugeføre. Tur 2: Sjøsæterfjellet 29 min - 2,4 km - 110 hm Vi køyrde litt vidare innover vegen. Kort skitur rett opp og ned på Sjøsæterfjellet.

Map    

Klinkenberg og Stutsberget i Ringebu

Date:
11.04.2020
Characteristic:
Snowshoe trip

Kristine, pappa og eg drog til Lillehammer og kjøpte truger, før vi drog til Ringebu for å gå på to topper oppover mot Friisvegen. Johannes og Sivanja var og med på turane. Turen på Klinkenberg: 8,4 km - 2t 15min - Om lag 200 hm Turen på Strutsberget: 2,6 - 1t 6min - 234 hm

Map    

Skardfjellet og Gråhø i Skåbu

Date:
10.04.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
17.7km

Skitur med Kristine og pappa. Johannes og Sivanja gjekk på truger. Strålande påskevêr; sol og vindstille. Fantastisk utsikt heile turen. Ganske fint å gå utanom løypane, hard skare, men litt skavlete nokre plassar.

Map    

Skitur frå Astridbekken

Date:
09.04.2020
Characteristic:
Cross-country skiing

Skitur med pappa og Kristine. Vi gjekk opp til Verskei, ned til Kittilbu og opp til Værskei igjen. Pappa og eg gjekk oppom Hærfjellet. Knall harde spor, og skare utanom løypane.

Map    

Skitur på Kvitingen

Date:
08.04.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
16.4km

Kristine og eg hadde eit hyggeleg treff med Inger Margrethe og Odd ved Mjøsbrua, og tenkte at det passa med ein ny topp sør i fylke etter det. Valet fall på Kvitingen som det var køyrd løype på dagen før. Skiløypa var ikkje all verden til å byrje med; vi måtte ta av skia nokre plassar, og det var stadvis hardt og isete. Men over 600moh var det ganske bra føre. Ikkje så mykje utsikt frå toppen, og litt vind.

Map    

Fire turar rundt Gålåvatnet

Date:
07.04.2020

Fire turar i Nord- og Sør-Fron med pappa og Kristine. Pappa hadde vore på alle toppane før, eg hadde ikkje vore på Feforkampen før, medan Kristine ikkje hadde vore på nokon av dei. 5,8km - 350hm - 1t 21min Vi parkerte i vegkanten ved ein liten dam. Derifrå gjekk vi bort til skibakken, og følgde den oppover. Kristine på randonee, eg på telemark og pappa på langrennsski. God snø å gå på til å byrje med, men hard skare oppover. Vondt å gå der eg å Kristine gjekk i bratta oppover, så vi tok ein anna rute ned at. Mykje vind på toppen, men fin utsikt. 1,5km - 150hm - 50min Vi køyrde vidare til Feforkampen, og parkerte på ein liten bakketopp. Vi gjekk opp gjennom bratt og tett skog til vi kom opp til toppen av den vesle alpinbakken. Derifrå var det fint å gå opp til toppen. Den >>>

Map    

To turar i Nordre Land

Date:
06.04.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
12.7km

To turar i Nordre Land, på veg frå Slidre til Gausdal. Tur 1 gjekk til Gjevlehaugen nordaust for Dokka. Vi køyrde bomvegen inn til Snauhaug skistadion. Derifrå gjekk vi i skiløypa opp til myra nedunder Fjerdingslia. Vi tok av frå løypa, gjekk over myra, og bratt og kronglete skog opp til Fjerdingslia. Derifrå var det fint å gå vegen opp til krysset nedunder toppen. Litt bratt og kronglete opp til toppen, men helt greit. Bok å skrive seg inn i på toppen, og faktisk ganske bra utsikt. Nesten same veg ned, men vi følgde vegen lenger, for å slippe den kronglete skogen nedunder Fjerdingslia. Vi gjekk så oppom ein liten topp til, som eg valde å kalle Fjerdingslihaugen. Tur 2 gjekk til Turrtind. Etter eit lite opphald i Dokka, køyrde vi til Vest-Torpa. Da vi var der like over jul parkerte >>>

Map    

Skitur på Eggeåsen

Date:
05.04.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
10.1km

Skitur på Eggeåsen med Kristine. Gjekk utanom løypane opp på toppane. Oppretta Håliåsen aust og Nord for Grådinjordet. Toppunktet på Håliåsen ligg 200 meter aust for triggpunktet (der nåla er). Høyeste punkt er 964 moh, og primærfaktor er 62 meter. For toppen Nord for Grådinjordet viser kartet med 20m koter viser 930moh, medan kart med 1m koter viser berre 926moh.

Map