Archive - Date

Collected lists

Skitur på Vaset

Date:
30.11.2019
Distance:
21.7km

Skitur på Vaset med Kristine.

Map    

Skitur på Skardåsen

Date:
23.11.2019
Distance:
14.4km

Skitur frå Skrautvål i overskya vêr, men gode skiløyper.

Map    

Kattuglehøgdi og Øyvasshøgdi i Sør-Aurdal

Date:
10.11.2019

Lang bilkøyring for to korte turar i Sør-Aurdal. Ein del snø, men fint å gå i terrenget. Ingen utsikt på nokon av toppane. På turen til Øyvasshøgdi gjekk vi på råk frå bilen til Øyvassætri.

Map    

Stryteberg

Date:
09.11.2019
Distance:
2.3km

Tur i Øystre Slidre. Lang køyring for kort tur. Vinteren byrjar å komme, og i dag var det verkeleg vinterleg. Nokre cm nysnø i løpet av natta, og 8 kuldegrader ved turstart. Vêret var overskya og grått, og ein del vind. Det var nokre teikn til at skylaget skulle sprekke opp, men det vart ikkje noko utsikt. Vi følgde råket opp og ned. Det var litt snø, og nokre plassar var det spegl blank is under snøen. Det vart likevel ein fin tur.

Map    

Runde om Marsteinhøgda, Buatinden og Klanten + Hundfethøa

Date:
03.11.2019
Distance:
13.0km

Vi køyrde inn Jotunheimen til Øyvassosen, det var lenger å køyre enn vi hadde rekna med. Flott vêr da vi gjekk i vegen over demningen. Vi følgde råket mot Storeskag/Plankebue, men vi tok av på eit anna råk ganske tidleg, sannsynlegvis gjekk det råket til Skriurusten. Vi tok av frå det råket like nedunder 1100moh, derifrå gjekk vi i litt lett kratt ei stund, før det var betre terreng litt før 1180moh. Derifrå var det fint opp til toppen på Marsteinhøgda, og over til Buatinden. Det var fint også ned til myra i mellom Buatinden og Klanten, men oppover til Klanten var det mykje kratt. Det vart litt betre 80 høgdemeter før toppen. Attende mot Øyvassosen var det lengje fint å gå, men det siste stykke før råket var det ein del kratt. Alt i alt vart det ein skikkeleg flott tur >>>

Map    

Skaget

Date:
02.11.2019
Distance:
6.8km

Tur med Kristine til Skaget i strålande haustvêr. Vi parkerte ved Storeskag, og gjekk oppover på godt råk. Litt isete nede i sida, før det vart meir og meir snø oppover. Det hadde gått folk før oss, så vi hadde spor å følgje. Flott utsikt, men litt skyer som øydela sikta mot Jotunheimen. Gjekk oppom dei to andre småtoppane og Nasen. Da vi gjekk ned at frå Nasen såg vi fleire som var på veg oppover mot Skaget, og nesten nede ved Storeskag møtte vi på ein storfamilie som bar med seg miniski.

Map