Archive - Date

Collected lists

Salfjellet

Date:
10.04.2019
Distance:
11.5km

Skitur etter jobb. Kristine var ferdig tidleg på jobben, så ho henta meg når eg var ferdig. Vi drog så til Oldervika i Kvæfjord. Der tok vi på oss toppturskia og gjekk oppover mot Salfjellet. På veg oppover registrerte vi småtoppane Tverrfjellet og Blåhatten. Oppe på toppen av Salfjellet var det steinete, så vi gjekk litt nede i sida. Skikøyringa ned att var ganske bra.

Map    

Finnslettheia

Date:
08.04.2019
Distance:
5.5km

Kristine hadde sett ut ein tur vi kunne ta etter jobb, så etter å ha ete middag drog vi ut på tur. Det var fint vêr når vi køyrde i vegen, men etter kvart skya det over. Da vi parkerte byrja det å snø. Vi parkerte ved Storjorda i Kvæfjord. Vi følgde fyst bilveg, før vi gjekk på ubrøyta traktorveg. Etter kvart kom vi inn på scooter-spoor, som vi kunne følgje store deler av vegen, sjølv om dei mange stader var ganske nedsnødd. Det var fint å gå oppover bjørkeskogen, som ikkje var spesielt tett, men luftig og fin. Terrenget var aldri spesielt bratt, men høgdemetrane gjekk fort unna. Vêret betra seg også medan vi gjekk oppover. På om lag 480moh kom vi til ei lita høgd, med to vardar. Då hadde vêret betra seg såpass at vi fekk flott utsikt mot toppen, og utover Kvæfjord. >>>

Map    

Raudtinden

Date:
07.04.2019
Distance:
11.7km

Dag to i Narvik, og med tunge føter etter turen på Sandviktinden i går, vart det ein lettare tur i dag. Målet for dagen var ein topp med mange namn; båe Raudtinden og Durmålsfjellet på norsk, og Ruvssotcohkka på samisk. Frå Narvik køyrde vi innover Beisfjorden, og vegen inn til Tømmerbakken. Derifrå køyrde vi bomvegen inn til parkeringa. Oppover følgde vi ein traktorveg med scooter-spor opp til Brennholtet. Vidare opp til Raudtinden var det ein del spor, men dei var litt attblese. Ved tregrensa lagde vi oss ein fin sitteplass, og åt niste og kosa oss i sola. Det gjorde vi også på toppen, der utsikta var fenomenal. Ned at var føre bra, og køyringa var morosam. Ein fin tur i flott vêr.

Map    

Sandviktinden

Date:
06.04.2019
Distance:
19.8km

Det var spådd skikkeleg bra vêr i helga, så Kristine og eg ordna oss overnatting i Narvik frå laurdag til sundag. Vi køyrde i vegen laurdag morgon til Håkvikdalen sør for Narvik. Vi parkerte ved ein parkeringsplass i vegkanten. Derifrå gjekk vi over brua, før vi tok på oss skiene. Oppover mot Sandviktinden følgde vi nesten same rute som råket, og vi var heldig med at nokon hadde gått før oss oppover. Fyste pause vart på om lag 880moh, sola varma godt oppover og det var tungt å gå. Vidare gjekk vi oppom Lágocohkka. Der tok vi ein ny rast, og vi vart tatt igjen av eit par andre da vi gjekk i veg at, dei må ha snudd der, for vi såg ikkje noko meir til dei. Vidare opp til Gaskabeaicorru, med ny pause der, før vi gjekk dei siste (kolossalt tunge) 380 høgdemetrane opp til Sandviktinden. >>>

Map