Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (13)
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
-
Ski trip (173)
- Backcountry skiing (10)
- Cross-country skiing (147)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Trip by foot (203)
- Alpine trip (6)
- Hike (44)
- Hillwalk (134)
- Jogging (16)
- Walk (3)
Peakbook-Friends
Skitur på Skardåsen
- Date:
- 23.11.2019
- Distance:
- 14.4km
Kattuglehøgdi og Øyvasshøgdi i Sør-Aurdal
- Date:
- 10.11.2019
Lang bilkøyring for to korte turar i Sør-Aurdal. Ein del snø, men fint å gå i terrenget. Ingen utsikt på nokon av toppane. På turen til Øyvasshøgdi gjekk vi på råk frå bilen til Øyvassætri.
Stryteberg
- Date:
- 09.11.2019
- Distance:
- 2.3km
Tur i Øystre Slidre. Lang køyring for kort tur. Vinteren byrjar å komme, og i dag var det verkeleg vinterleg. Nokre cm nysnø i løpet av natta, og 8 kuldegrader ved turstart. Vêret var overskya og grått, og ein del vind. Det var nokre teikn til at skylaget skulle sprekke opp, men det vart ikkje noko utsikt. Vi følgde råket opp og ned. Det var litt snø, og nokre plassar var det spegl blank is under snøen. Det vart likevel ein fin tur.
Runde om Marsteinhøgda, Buatinden og Klanten + Hundfethøa
- Date:
- 03.11.2019
- Distance:
- 13.0km
Vi køyrde inn Jotunheimen til Øyvassosen, det var lenger å køyre enn vi hadde rekna med. Flott vêr da vi gjekk i vegen over demningen. Vi følgde råket mot Storeskag/Plankebue, men vi tok av på eit anna råk ganske tidleg, sannsynlegvis gjekk det råket til Skriurusten. Vi tok av frå det råket like nedunder 1100moh, derifrå gjekk vi i litt lett kratt ei stund, før det var betre terreng litt før 1180moh.
Derifrå var det fint opp til toppen på Marsteinhøgda, og over til Buatinden. Det var fint også ned til myra i mellom Buatinden og Klanten, men oppover til Klanten var det mykje kratt. Det vart litt betre 80 høgdemeter før toppen. Attende mot Øyvassosen var det lengje fint å gå, men det siste stykke før råket var det ein del kratt.
Alt i alt vart det ein skikkeleg flott tur >>>
Skaget
- Date:
- 02.11.2019
- Distance:
- 6.8km
Tur med Kristine til Skaget i strålande haustvêr. Vi parkerte ved Storeskag, og gjekk oppover på godt råk. Litt isete nede i sida, før det vart meir og meir snø oppover. Det hadde gått folk før oss, så vi hadde spor å følgje. Flott utsikt, men litt skyer som øydela sikta mot Jotunheimen. Gjekk oppom dei to andre småtoppane og Nasen. Da vi gjekk ned at frå Nasen såg vi fleire som var på veg oppover mot Skaget, og nesten nede ved Storeskag møtte vi på ein storfamilie som bar med seg miniski.
Loppebolegge og Målegge
- Date:
- 27.10.2019
- Distance:
- 10.6km
Tur med Kristine på austsida av Tyin. Vi parkerte ved nokre hytter, og gjekk på ein hytteveg til å byrje med. Vi gjekk fort av vegen, og gjekk i terrenget. Ein del kratt nede i sida, men tele og ein del snø. Kom etter kvart over krattet, og vi held høgda på sørsida av Målnestjernan. Frå Loppebolegge til Målegge gjekk vi oppom to småtoppar. Vi vurderte å gå oppom Målegge nordvest på veg ned, men fann ut at vi heller ville gå rett nedover, dermed avslutta vi turen med om lag ein kilometer på bilvegen. Det var litt glatt enkelte stader undervegs, men stort sett fint å gå. Flott utsikt heile vegen, særleg Uranostinden tok seg bra ut. Fin tur.
Skitur på Valdresflya
- Date:
- 26.10.2019
- Distance:
- 11.4km
Valdresflya leverte skare og stein til vinterens fyste skitur.
På bilturen innover var vi i tvil om det skulle bli skiføre, men på om lag 1300moh byrja det å liggje litt snø. Vi parkerte rett sør for Valdresflye Vandrarhjem. Derifrå gjekk vi opp på Fisketjernnuten. Det var to andre som kom på toppen rett før oss, dei gjekk på føtene. Flott utsikt på toppen mot Jotuntoppane. Skiføret ned frå Fisketjernnuten var så som så, skare og ein del stein.
Det var nokon som dreiv med kiting nede på flya, og eit par til som gjekk på ski, elles var det ikkje så mykje aktivitet og sjå. Vidda over mot Øystre Fagerdalshøe virka lang, mykje på grunn av ein del motvind. Oppover mot Fagerdalshøe satt vi frå oss skia tidleg, på om lag 1350moh. Derifrå gjekk vi på beina opp til toppen, >>>
Reinehamaren og Stuvelihøgde
- Date:
- 20.10.2019
- Distance:
- 7.2km
To turar i Nord-Aurdal. Vi køyrde inn bomvegen til Svarthamar i Skrautvål. Lang stølsveg derifrå til Susstølen, like innafor Svarthamar.
Frå Susstølen var det ein flott tur opp til Reinehamaren. Vi gjekk feil ved fyste stikryss, og måtte gå litt i terrenget. Tungt i terrenget i dag, eit lite skarelag og ein del snø. Overskya vêr, så det var lite sikt.
Frå Susstølen køyrde vi i retning Røssjøen, men måtte stoppe ei stund før stølen. Vegen var dårleg, og egna seg betre for spasering enn for bilkøyring. Vi prøvde å følgje råket mot Stuvelihøgda (som det står på kartet, på Peakbook heiter toppen Skardshøgde nord), men råket forsvann. Så vi gjekk for det meste i terrenget. Litt kjedeleg topp utan utsikt, men vi fekk eit flott blikk mot Djupternkampen frå Baktjernet.
Fire turar i Øystre Slidre
- Date:
- 19.10.2019
Ikkje det beste vêret i dag, så fire småtoppar i Øystre Slidre vart målet. Vi køyrde inn bomvegen ved Moane. Stort sett overskya, men ikkje skodde. Noko utsikt her og der, men ikkje mykje. Litt snø i vegen nokre plassar, kjekt med vinterdekk no.
Luskaråsen - 3 min - 140m - 4hm
Dagens kortaste tur, med god margin. Så kort, at den eigentleg ikkje kan kallast ein tur.
Synhaugen - 12 min - 700m - 60hm
Ny kort tur. Kort, bratt bakke opp til toppen. Morosamt at det var fleire ute på tur her, vi møtte ein familie med to små barn. Litt utsikt på toppen.
Myrebærhammaren - 1t 9 min - 4,3km - 158hm
Dagens lengste tur. Vi køyrde inn til Kvitfeten, derifrå prøvde vi å følgje råket oppover. Snømengda gjorde så det ikkje var enkelt, så vi gjekk mest i terrenget. Vi såg båe elg og to jegare >>>