Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (13)
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
-
Ski trip (173)
- Backcountry skiing (10)
- Cross-country skiing (147)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Trip by foot (203)
- Alpine trip (6)
- Hike (44)
- Hillwalk (134)
- Jogging (16)
- Walk (3)
Peakbook-Friends
Veggfjellet
- Date:
- 26.08.2018
- Distance:
- 10.9km
Vi var litt slitne etter langtur dagen før, så vi fann ein tur med få høgdemeter. Valet fall på Veggfjellet i Evenes. Det var litt sur vind på turen, men elles fint vêr. Stigninga opp til toppen var forholdsvis lett, men han var lang. Flott utsikt på toppen, og koseleg grillhytte.
Middagstinden
- Date:
- 25.08.2018
- Distance:
- 14.6km
Tur til Kvæfjord. Vi parkerte på Hundsætran parkering og følgde råk og traktorveg opp til Vebbestadvatnet. Derifrå gjekk vi ryggen opp til Middagstinden. Flott utsikt på toppen. Før turen hadde vi eigentleg tenkt til å gå på Salfjellet frå Middagstinden, men undervegs på turen såg vi ryggen opp mot Tverrfjellet, og vart einige om å prøve ut den. Ryggen var morosam og fin. Oppe på Tverrfjellet forandra terrenget seg fullstendig. Det var eit stort platå med gras. Vi jogga ned i skaret mot Horntindan, før vi gjekk til toppen. Like før vi var på toppen satt skodda inn. Den vara heilt til vi var langt på veg ned. Frå høgaste Horntindan følgde vi raudmerka råk til nordvestre, hadde det ikkje vore tjukk skodde hadde vi prøvd litt meir på å følgje ryggen. Det vart ein >>>
Siriskolten
- Date:
- 22.08.2018
- Distance:
- 8.2km
Tur med Kristine etter jobb. Godt råk heile vegen, og fint vêr.
Jotind
- Date:
- 21.08.2018
- Distance:
- 14.5km
«Kort tur etter jobb». Det var meininga denne kvelden. Medan vi åt nokre kakuskivar og planla tur såg vi på å gå på Brattfjellet og Nordfjellkjølen, to toppar på 400 og 500 meter i Skånland. Dette forandra vi til Siriskolten på om lag 658 moh på Tjeldøya i det vi drog. Men like før vi kom til brua over til Tjeldøya dukka Jotind opp, og vi forandra nok ein gong. Utan å ha sett skikkeleg på kartet kor langt det var gjekk vi i vegen mot Jotinden. Vêret var ikkje det heilt store. Det var overskya, litt vind og det kom nokre regndropar av og til i byrjinga av turen. Råket var veldig godt til å begynne med, men etter der det delte seg, på om lag 300 moh, vart det dårlegare. Vi mista og fann det at mange gonger, og det var berre spredt varding. Da vi kom opp på omlag høgd >>>
Sandfjellet
- Date:
- 20.08.2018
- Distance:
- 4.0km
Kort tur etter jobb. Godt råk heile vegen, men måtte gå utanom på toppunktet. Fyste topp i nord utan utsikt, men nokre utsiktspunktar på veg ned at.
Toppar i Harstad
- Date:
- 18.08.2018
- Distance:
- 10.0km
Stangebandet Return spiller på Bakgården i Harstad laurdag kveld, så Kristine og eg tok turen inn til byen. Før konserten ville vi på ein fjelltur, og valet fall på Vardheia og Hinnstein. Vi parkerte ved fotballbana på Medkila, og gjekk på bra råk opp til Maistua. Maistua var under oppussing, så det vart ikkje nokon tur innom der. Vidare skreiv vi oss inn i boka på utsiktspunktet nedunder Heia. Bok var det også på båe Vardheia og Hinnstein. Vi gjekk på bra råk heile turen, unntatt ned at det brattaste partiet frå Hinnstein. Det vart ein veldig fin tur, og også i dag fann vi molte.
Etter turen dusja vi på ein campingplass utanfor Harstad. Så drog vi inn i byen og handla på eit kjøpesenter, før vi gjekk til sentrum og åt middag og høyrde på Halie og Return. Vi forlot >>>
Svellen
- Date:
- 15.08.2018
- Distance:
- 10.4km
Fyste dag som fastbuande i Skånland, og siste dag i sumarferien. Det vart sein frukost og sløving i sofaen før vi drog ut på tur. Vi hadde sett ut Svellen som ein ikkje så altfor lang og tung tur, og hadde funne turskildring på nettet. Vi køyrde om lag ein halvtime til parkeringa i Krokmyrdalen. Derifrå følgde vi godt råk oppover mot toppen. Når vi kom mot slutten av skogen såg vi litt molte, vidare oppover såg vi berre meir og meir. Vi skreiv oss inn i ei turbok på høgde 420moh. Vidare gjekk råket like vest for høgde 657moh og over høgde 687moh. På høgde 687 bygde vi ein varde. Råket går til toppvarden, som er om lag 100 meter vest for høgaste punkt, og 15 meter lågare. På tur ned at plukket vi molta vi hadde sett på tur oppover, vi plukka 1,8 kilo. Det vart ein flott >>>