Archive - Date

Collected lists

Grønkampen

Date:
10.06.2018
Distance:
16.3km

Ikkje så fint vêr som dei føregåande dagane, utrygt for regn. Vi køyrde bomvegen til Vangvollen, vi hadde eigentleg tenkt til å køyre lenger, men vegen var stengd med låst bom. Råket vi gjekk var greitt å følgje ei stund, men vart dårlegare etter kvart, til slutt mista vi det. Vi gjekk så i terrenget opp til Grønkampen. På veg ned at tok vi omvegen om Gråkletten. På tilbaketuren fekk vi ein del regn og vi høyrde toreskrell i det fjerne.

Map    

Renåfjellet

Date:
09.06.2018
Distance:
8.5km

Laurdag skulle vi på familieselskap, men vi tok ein tur først. Turen gjekk til Renåfjellet og Renåskarven. Vi køyrde heilt øvst i hyttefeltet under Renåfjellet, og fekk difor ein kort og lett tur opp til Renåfjellet. På denne turen hadde vi utroleg flott vêr, og råkene, og merkinga av råkene var heilt topp. Etter turen dusja vi på Hydro på Åkrestrømmen, før vi møtte familien til Kristine, og drog i eit veldig hyggeleg selskap.

Map    

Storhøgda

Date:
08.06.2018
Distance:
12.7km

Vi var invitert i bursdag/slektsstemne i Rendalen på laurdag. Kristine hadde fri på fredag, og eg avspaserte for overtid. Så vi drog oppover Østerdalen fredag føremiddag. Vi henta campingvogna hos Eva og Tuss på Koppang, før vi drog til Rendalen. Vi fann ein rasteplass langs vegen til Engerdalen, like før Renåfjellet. Der satt vi frå oss vogna, og drog innover bomvegen frå Renåvangen til Skarven. I byrjinga gjekk vi på eit råk som ikkje var særleg godt vedlikehalde, men det gjekk nokolunde greitt å følgje. På om lag 1000 moh tok vi av frå råket, og gjekk på reinlav opp til Storhøgda. Frå Storhøgda gjekk vi vidare til Nubben, og på Nordaust for Nubben. Derifrå gjekk vi rett nord til vi kom inn på eit råk som vi følgde tilbake til bilvegen. Etter turen tok vi eit kjapt >>>

Map    

Blåkollen

Date:
03.06.2018
Distance:
23.3km

Sundag gjekk turen til Blåkollen. Vi gjekk det flotte råket til Bjørnhollia, før vi gjekk opp mot Blåkollen. Vi følgde råket til omtrent 1200 moh, før vi tok av og gjekk i terrenget opp på toppen. På tur attende gjekk vi oppom Musvolkampen, vi hadde råk opp på toppen, men gjekk utan råk ned at. Dette var ein veldig flott tur i eit flott landskap. Vêret var fint heile turen. Etter turen drog vi i veg heimover. Vi hadde først ein stopp i Koppang, der satt vi frå oss campingvogna hos Tuss og Eva, før vi åt ein sein middag i Rena.

Map    

Gravskardhøgda

Date:
02.06.2018
Distance:
17.1km

Kristine og eg tok med campingvogna oppover Østerdalen torsdag kveld. Om lag klokka ti var vi framme på Straumbu. Plan for helga var å gå på Gravskardhøgda og Blåkollen. Etter ei natt i vogna åt vi frukost ute på ein benk i sola. Vêret var varmt da vi gjekk i vegen mot Gravskardhøgda. Den første stigninga gjennom skogen var tung, og vi vart i tillegg plaga av mykje mygg. Da vi kom opp i høgda slapp vi unna myggen, men vêret holt seg bra. Vi gjekk det gode råket mot Breisjøseter nesten til Gravskardet, før vi gjekk oppover ryggen til Gravskardhøgda. Fantastisk utsikt på toppen, men ein del vind. Vi hadde vurdert å gå ein lenger runde, om Skjellåkinna og Eriksrudhøa, men ein veke med sjukdom for Kristine gjorde at turen vart lang nok utan. På veg ned at tok vi den vesle >>>

Map     2 comments

Islandtur dag 3

Date:
20.05.2018
Distance:
10.8km

Sundag og siste dag på Island var vêret enda dårlegare. Vi fann likevel ut at vi ville prøve ein fjelltur. Valet falt på Esja litt nord for Reykjavik. Vêret var ikkje så aller verst på starten av turen, men oppe i høgda vart det tjukk skodde. Skodda var så tjukk at vi måtte gå etter mobil-gps og Peakbook-kart. Kartet over Island på Peakbook er ikkje særleg bra, så da det vart berre snø og skodde, fann vi ut at det ikkje var forsvarleg å gå vidare. Litt surt å snu før toppen, men det kalde vêret og den sure motvinden vi fekk på tilbaketuren gjorde også til at vi vart glade for å ikkje ha gått lenger.

Map    

Islandtur dag 2

Date:
19.05.2018

På laurdag vakna vi til eit mykje dårlegare vêr. Det var sterk vind, lavt skydekke og regn. Vi hasta difor ikkje med å komme oss ut. Vi drog til Reykjavik og vitja den flotte Hallgrimskyrkja. Elles var det ikkje så mykje å gjere der, så vi drog på fjelltur. Valet falt på Ulfarsfell. Det var ein fin tur. Vi hadde fint vêr på deler av turen, men også ein del sterk vind og regn.

Map    

Islandtur dag 1

Date:
18.05.2018

Torsdag 17. mai drog Kristine og eg til Island. Heime i Noreg var det strålande sol og varmt, medan på Island bles det kraftig og det var skya. Torsdagen gjekk med til reising, og vi opplevde ikkje så mykje på Island den dagen. Fredagen var meir innhaldsrik. Vêret var betre, sjølv om vi fekk oppleve både hagl og snø. Vi byrja dagen tidleg med frukost på hotellet, før vi satt i gang dagens gjeremål. Hovudmålet for dagen var å oppleva Den blå lagune, men vi fekk med oss mykje meir. Første stopp på turen vart vulkankrateret Stampar, eit område med ganske spesiell natur. Frå Stampar drog vi vidare til Valahnukar, Bæjarfell og Gunnuhver. Valahnukar er eit fuglefjell ved kysten, Bæjarfell eit fyrtårn og Gunnuhver ein boblande kjelde. Etter stoppen der drog vi vidare til Den blå >>>

Map    

Mistberget og Sørøst for Hasleråsen

Date:
14.05.2018
Distance:
7.5km

Varmtvannstanken på campingvogna var ødelagt, så det vart ein ny tur til Jessheim. På tur heimattende gjekk vi to turar. Den første gjekk på den vesle kommunetoppen Sørøst for Hasleråsen. Den andre turen vart ein mykje finare tur, då vi gjekk på den godt tilrettelagte Mistberget i Eidsvoll. Sol og veldig varmt turvêr.

Map    

Høsbjør

Date:
10.05.2018
Distance:
5.5km

Map