Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (13)
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
-
Ski trip (173)
- Backcountry skiing (10)
- Cross-country skiing (147)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Trip by foot (203)
- Alpine trip (6)
- Hike (44)
- Hillwalk (134)
- Jogging (16)
- Walk (3)
Peakbook-Friends
Irland - Slieve Donard
- Date:
- 08.08.2017
- Distance:
- 9.5km
Siste dag i Irland, og høgaste fjell i Nord-Irland var målet. Vi parkerte på ein stor parkeringsplass i Newcastle og følgde bekken Glenn River opp. Det var eit flott råk, og det var mange andre som var ute og gjekk. På omlag 580moh var vi opp i skardet mellom Slieve Donard og Slieve Commedagh. Derifrå følgde råket The Mourne Wall opp til toppen. Ein flott topp, og flott utsikt. Dette vart ein veldig bra avslutning på ferien vår i Irland.
Irland - Causeway Coast og Binevenagh
- Date:
- 07.08.2017
- Distance:
- 4.8km
Denne dagen var målet å utforske Causeway Coast, nordkysten av Nord-Irland. Dette var eit heilt fantastisk område, og vi tok mange og lange stopp. Den første stoppet var ved ei lita kyrkja like etter Londonderry. Neste stopp var toppen Binevenagh. Klippeveggen på toppen tok seg bra ut frå bilvegen frå vest, men det var ein litt kjedeleg topp å gå på. Vi parkerte nordaust for toppen, og følgde ein bilveg nesten heilt opp, før vi måtte gå på eit blautt jorde til toppunktet. Dei neste stoppane vart meir vellykka; slottsruinen Dunluce Castle, basaltsøylane i Giant's Causeway, borgruinen Dunseverick Castle, stranda White Park Bay og hengebroa Carrick-a-rede.
Irland - Cliffs of Moher, Abbey Hill og Knocknarea
- Date:
- 05.08.2017
Kristine og eg køyrde avgårde tidleg i frå Killarney, vi hadde ein lang biltur forran oss, da vi skulle heilt til Londonderry i Nord-Irland. Vi planla nokre pauser undervegs, den første på Cliffs of Moher. Cliffs of Moher var bra tilrettelagt for turistar, og det krydde av folk, spesielt i nærheiten av Visitor Centre. Litt lengre unna vart det færre folk. Vi gjekk sørover langs klippane, til borgruinen Hag's Head. På veg attende derifrå satt eg på Peakbook-appen. Tilbake til Visitor Centre gjekk vi oppom tårnet O'Brien's Tower. Cliffs of Moher hadde eit utruleg flott landskap, og vi var veldig heldige med vêret.
Etter turen på Cliffs of Moher køyrde vi vidare i retning Londonderry. Undervegs stoppa vi og tok to fjelleturar. den første gjekk på Abbey Hill like før Galway. Vi >>>
Irland - Carrauntoohil og Gap of Dunloe
- Date:
- 04.08.2017
- Distance:
- 11.7km
På fredag var Carrauntoohil målet for dagen. Vi køyrde opp til Cronins Yard, og parkerte på den store parkeringsplassen der. Når vi køyrde regna det litt, og når vi gjekk i vegen var toppen dekt av skodde. Vêret bedra seg gradvis utover dagen, og vi fikk flott utsikt. Råket frå Cronins Yard var godt, og det var mange andre som var på veg mot toppen. På omtrent 400 høgdemeter bratna det til, og vi gjekk opp det som heitar Devils Ladder. Det var bratt, og det var meir bekk enn råk, men likevel fint å gå opp der. Oppe frå Devils Ladder hadde vi att omlag 300 høgdemeter til toppen. Denne oppstigningen var ein fin og brei fjellside. På toppen var det mykje folk, og eit stort kors i staden for varde. Vi fann ut at vi ville gå ein anna rute ned att, og gjekk dermed ned ruta som >>>
Irland - Ring of Kerry og Knocknasullig
- Date:
- 03.08.2017
- Distance:
- 1.1km
I Killarney var hovudmålet å gå på Carrauntoohil. Vêret skulle bli betre fredag enn torsdag, så vi utsette det ein dag. I staden tok vi turen Ring of Kerry, ein køyretur rundt Iveragh-halvøya. Vi starta med eit lite stopp på Muckross House like etter Killarney, og hadde fleire stopp undervegs. Undervegs fikk vi auge på toppen Knocknaskullig, som så flott ut frå bilvegen. Vi parkerte på ein liten lomme i vegkanten, klatra over eit gjerde og gjekk i vått kratt opp til toppen. Flott utsikt frå toppen, og ein kort tur.
Irland - Great Sugar Loaf
- Date:
- 02.08.2017
- Distance:
- 2.5km
Kristine og eg drog på ferie til Irland tysdag 1.8. Vi leigde bil på flyplassen, og overnatta like sør for Dublin. På onsdag reiste vi og vitja hagen og slottet i Powerscourt, det var veldig flott. Etter besøket der reiste vi litt vidare for å gå på Great Sugar Loaf. Vi parkerte på ein stor parkeringsplass sør for toppen. Det var godt råk heile vegen opp, og mange folk som gjekk. På toppen var det strålande utsikt. Etter turen køyrde vi gjennom Wicklow Mountains til byen Cashel, kor vi vitja kyrkjeruinen Rock of Cashel. Til slutt køyrde vi til Killarney i Kerry og overnatta der.
Finndalshaugen, Tverrlihøgda og Nordre Revåkampen
- Date:
- 30.07.2017
- Distance:
- 7.8km
Tur i lag med pappa, Johannes og Kristine. Vi køyrde først inn til Finndalen, og gjekk bratt og utan råk opp på Finndalshaugen. Etter det køyrde vi inn Revsjøvegen, og parkerte ved Slia. Derifrå gjekk vi på Tverrlihøgda og Nordre Revåkampen.
Svangkampen og Djupdalskampen
- Date:
- 29.07.2017
- Distance:
- 9.3km
Tur i lag med pappa og Kristine. Vi køyrde av E6 ved Krekke, og tok vegen mot Goppolen. Vi parkerte ved Flauseter, og følgde godt råk opp på Svangkampen. Derifrå gjekk vi i terrenget til Djupdalskampen og tilbake. Det var ein del regnvêr rundt oss, men vi slapp unna.