Archive - Date

Collected lists

To turar ved Sølenstua

Date:
18.09.2020
Characteristic:
Hillwalk

Vi hadde vore heldige å låne ei hytte nord i Østerdalen av ein kollega av meg. Så rett etter jobb drog vi i vegen nordover. Litt over halvvegs stoppa vi og gjekk to turar. Den første turen gjekk til Vardefjell. Vi gjekk på grusveg opp til Volskarven. Der var det flotte fargar og fin utsikt, men Sølen var borte i skodda. Fint råk vidare til Vardefjell. Den andre turen gjekk til Ulvåberget. Bom til skianlegget var stengd, så vi parkerte der. Greitt råk oppover, men det forsvann like før skiheisen. Heilt fantastisk utsikt mot Sølen. Etter turen køyrde vi vidare hytta ved Narbuvoll. Flott sted.

Map     1 comment

Ilsengstiene

Date:
16.09.2020
Distance:
8.5km

Flott hausttur med Kristine etter jobb. Veldig fine råk på Ilseng. Pent vêr.

Map    

Sykkeltur heimefrå til Brumundkampen

Date:
13.09.2020
Characteristic:
Bike trip - mixed
Duration:
2:53h
Distance:
51.7km

Sykkeltur heimefrå. Hadde eigentleg tenkt til å sykle over til Målia frå Kveåa, men slo det fort frå meg. Blautt råk og lengje sidan eg har sykla i terrenget, så da vart det å halde seg på vegen i staden. Fin tur.

Map    

Bærtur på Gåsbu

Date:
12.09.2020
Distance:
9.2km
Map    

Svarttjennshaugen i Elverum.

Date:
10.09.2020
Characteristic:
Bike trip - mixed
Distance:
11.4km

Sykkeltur i Elverum etter jobb. Fann litt blåbær.

Map    

Prestkjerringa

Date:
06.09.2020
Distance:
10.8km

Tur frå Nysetra til Prestkjerringa med Kristine og pappa. Vi plukka mykje blåbær attende til Nysetra.

Map    

Høsbjør

Date:
05.09.2020
Distance:
3.9km

Tur på Høsbjør med Kristine på veg frå Gåsbu til Gausdal.

Map    

Kråkberget og Holshaugen i Åmot og Elverum

Date:
30.08.2020
Characteristic:
Hike

Frå Gåsbu køyrde vi til Elverum, og oppover austsida av Glomma mot Rena. Vi tok av frå hovudvegen ved Vålsrønningen. Der vart vi møtt av stengd bom, og skilt med at bommen låses utan varsel. Vi kjente på bommen, han var ikkje låst, så vi køyrde oppover vegen, og håpa at han ikkje vart låst medan vi var innover. Første tur gjekk til Kråkberget. Vi køyrde innover Langmyrdalen, og parkerte like før Vesle Kråkberget, der vart vegen litt dårlegare. Litt kronglete terreng frå vegslutt og opp til "toppen". Vi plukka ein bærplukkar kvar med blåbær undervegs. Den andre turen gjekk til Holshaugen. Der vart vi møtt av låst bom, og vi parkerte ved den. 900 meter på veg, før det gjekk bratt oppover. Høgt tårn på toppen, men vi gjekk ikkje opp i det. Også på denne >>>

Map    

To turar i Rendalen; Byringar og Høgåsen

Date:
29.08.2020
Characteristic:
Hillwalk

To turar i Rendalen. Dei første fjellturane vi har vore på etter at vi flyttet til Hamar. Den første turen gjekk til Store Byringen. Vi parkerte ved Storbyringtjønna, og gjekk i vegen på råk. Vi mista råket tidleg på turen, da vi ikkje fekk med oss at det tok av oppover til venstre da det var ein hogstveg som gjekk rett fram. Det gjorde ingenting, omvegen gjennom skog og myr leda til litt molte. Oppover mot toppen vart det ein del bærplukking, før vi satt frå oss sekken på om lag 820moh, og bærplukkarane litt seinere. Irriterande med bærplukkarane, da det like nedunder toppen var store mengde blåbær. Oppe på toppen kom det ei regnskur, så vi søkte tilflukt inne i hytta. Der var det to andre par som også søkte ly frå vêret, så det vart ein hyggeleg stund der. Den andre turen >>>

Map    

Veslfjellkampen og Finnbølshaugen på Jotunheimvegen

Date:
31.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.0km

I dag flytta vi i frå Valdres, og om ei veke flyttar vi inn i nytt hus på Hamar. Vi køyrde med oss flyttelasset over dei vakre omgjevingane på Jotunheimvegen, og tok tu fjellturar undervegs. Eller, det er vel berre den første turen som eigentleg kan kalles ein tur. Første tur gjekk til Veslfjellkampen og Svartkampen. Det var ein flott tur, som stort sett gjekk på godt råk. Litt kratt ned frå Svartkampen. Brukte litt over to timar på den turen. Den andre turen gjekk til Finnbølshaugen. Vi satt frå oss hengeren der vegen tok av, og køyrde til vegs ende. Derifrå var det ein kort tur opp til toppen, men 50 tunge høgdemeter. Vi brukte om lag 10 minuttar opp og ned. 450 meter opp og ned.

Map