To turar i Øyerfjellet (21.08.2021)


Characteristic Hillwalk
GPS
Ascents Goppolfjellet nord (1,185m) 21.08.2021 12:47
Goppolfjellet (1,193m) 21.08.2021 12:57
Skinnfjellet (1,050m) 21.08.2021 15:20
Rokfjellet (1,044m) 21.08.2021 16:19
Visits of other PBEs Rokfjellstugua (966m) 21.08.2021 15:55

To turar i Øyerfjellet med pappa og Kristine. Kristine og eg hadde ikkje vore på Goppollfjellet før, medan pappa ikkje hadde vore på Skinnfjellet før. Der var Kristine og ein haustdag for fire år sidan.

Goppollfjellet vart første tur. Vi parkerte på Hjellsetra. Der vart vi møtt av nokon veldig tamme geiter. Vi gjekk så på godt råk opp på Nordtoppen, før vi gjekk vidare til hovudtoppen, eller Høgtinden, som det står på kartet. Kristine og eg hadde med bærplukkare, og vi plukka ganske mykje blåbær. Vi fann også litt molte. Det var bra råk også ned til Trosvik.

Geitene på Hjellsetra
Geitene på Hjellsetra
På veg oppover til Goppollfjellet
På veg oppover til Goppollfjellet
På veg oppover til Goppollfjellet
På veg oppover til Goppollfjellet
På Goppollfjellet nord
På Goppollfjellet nord
På Goppolfjellet
På Goppolfjellet
Nordvestover frå Goppolfjellet, Jotunheimen i det fjerne
Nordvestover frå Goppolfjellet, Jotunheimen i det fjerne
Mot nordtoppen frå Goppollfjellet, Rondane i det fjerne
Mot nordtoppen frå Goppollfjellet, Rondane i det fjerne

Vi køyrde så attende vegen, og over til Slåsetra. Derifrå gjekk det godt råk opp til både Skinnfjellet og Rokfjellet. Rokfjellet var ein flott topp, og utsikta over til Djupdalskampen og Svangkampen var særs bra.
På Skinnfjellet gjekk pappa på sørtoppen, medan Kristine og eg prioriterte å plukke bær. Bærfangsten vart ganske bra på desse to turane.

På Skinnfjellet
På Skinnfjellet
På Skinnfjellet, med Djupdalskampen og Svangkampen bak
På Skinnfjellet, med Djupdalskampen og Svangkampen bak
Utsikt sørover frå Skinnfjellet
Utsikt sørover frå Skinnfjellet
Skinnfjellet sør
Skinnfjellet sør
På veg mot Rokfjellet
På veg mot Rokfjellet
Utsikt austover frå Rokfjellet, mot Goppollfjellet
Utsikt austover frå Rokfjellet, mot Goppollfjellet
Utsikt nordover frå Rokfjellet, mot Flausetra og Gullhaugsetra. Med Muen bak
Utsikt nordover frå Rokfjellet, mot Flausetra og Gullhaugsetra. Med Muen bak
Djupdalskampen og Svangkampen frå Rokfjellet
Djupdalskampen og Svangkampen frå Rokfjellet
Killiknappen, Skeikampen, Nordre Langsua og Prestkampen frå Rokfjellet
Killiknappen, Skeikampen, Nordre Langsua og Prestkampen frå Rokfjellet
Sørover frå Rokfjellet
Sørover frå Rokfjellet
På Rokfjellet
På Rokfjellet
Turen på Goppollfjellet. 6 km - 190 hm - 1 t 58 min
Turen på Goppollfjellet. 6 km - 190 hm - 1 t 58 min
Turen på Skinnfjellet og Rokfjellet. 7,6 km - 264 hm - 2 t 19 min
Turen på Skinnfjellet og Rokfjellet. 7,6 km - 264 hm - 2 t 19 min

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.