Vardhøi i Dovre (02.08.2021)


Start point Grimsdalen gamle-bom (1,005m)
Characteristic Hillwalk
Duration 1h 30min
Distance 4.2km
Vertical meters 345m
GPS
Ascents Vardhøi (1,347m) 02.08.2021 23:43

Den siste veka av summarferien, og det var spådd fint vêr i Ålesund, så Kristine og planla ein ferietur dit. På vegen over til vest planla vi eit par turar, med Kleneggen som eit hovudmål.

Denne dagen kom vi seint av gårde frå Gåsbu, og klokka vart 22:59 før vi gjekk av gårde frå parkeringsplassen ved den gamle bomstasjonen inn mot Grimsdalen. Kristine hadde heldigvis vore smart nok til å tenkt på å ta med hovudlykter, dei fekk vi god bruk for ned frå toppen.

Sjølve turen og toppen verka flott, og burde nok kanskje gjentas i dagslys ein gong. På grensa til meiningslaust å gå når ein nesten ikkje ser noko, men det vart ein fin tur.

Vi følgde vegen inn til Krokstadsetra, der såg vi ikkje at råket gjekk av, så vi gjekk over lykkja og måtte klatre over piggtrådgjerdet for å komme inn på råket. Råket følgde vi så oppover til det flate partiet mellom Vardhøi og Raudberget, derifrå gjekk vi rett opp den bratte ura mot Vardhøi. Etter brattbakken kom vi på ny inn på råket, og følgde det til toppen. Same veg ned.

Etter turen overnatta vi i bilen i vegkanten.

Utsikt søraustover Grimsdalen på veg oppover
Utsikt søraustover Grimsdalen på veg oppover
På toppen av Vardhøi
På toppen av Vardhøi
Mot Dovre frå Vardhøi
Mot Dovre frå Vardhøi
På veg ned
På veg ned
Attende mot Vardhøi
Attende mot Vardhøi

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.