Hanekammen, Venøya og Kvamfjellet (02.07.2021)
Ascents | Hanekammen (652m) | 02.07.2021 13:00 |
---|---|---|
Venøya (123m) | 02.07.2021 17:14 | |
Kvamfjellet (774m) | 02.07.2021 19:38 | |
Visits of other PBEs | Berstad gård - parkeringslomme (30m) | 02.07.2021 18:10 |
Tre turar i gamle Vågsøy og Selje kommunar
Hanekammen
Dagens første tur gjekk til Hanekammen. Vi parkerte i vegkanten ved "godlukta" til sildeolje-fabrikken. Derifrå gjekk vi i vegen på dårleg råk oppover. På litt over 200moh, kom det nokre andre turgåare frå eit anna råk, dette råket såg mykje betre ut, så vi prøvde det ned.
Fin tur oppover til toppen, og bra utsikt. Toppen var ikkje eit sted å vere, da det var mykje insekt der.
Ruta ned vart litt omveg, men mykje betre råk. Anbefaler andre å bruke denne ruta, men det er kanskje ikkje så lett å finn parkering.
Venøya
"Kremtur". Hadde lest andre rapportar som skildra turen som ille. Terrenget opp til toppen levde opp til dei forventningane. Tungt og vondt, sjølv om det ikkje var langt. Heldigvis var utsikta overraskande bra.
Kvamfjellet
Dagens tredje og siste tur. Vi følgde ruta som er teikna inn på kartet. Bra råk heile vegen. Vi var slitne etter mange dagar på tur, så dette vart ein tung tur. Flott utsikt på toppen.
Solnedgong ved Børholmen
Etter turen på Kvamfjellet drog vi vidare i retning Fiskå i Vanylven. Plan der var å gå på Storebøra. Vi drog først ut til Selje. Der bada eg på den flotte sandstranda i sentrum, og Kristine dusja i dusjhuset i tilknytning til stranda. Deretter lagde vi oss god middag der. Vi avslutta dagen med å sjå på solnedgongen ved Børholmen, like før Tue og Åheim. Der overnatta vi i bilen.
User comments