To turar i Rendalen; Byringar og Høgåsen (29.08.2020)
Ascents | Store Byringen (1,038m) | 29.08.2020 13:15 |
---|---|---|
Vesle Byringen (974m) | 29.08.2020 16:02 | |
Høgåsen Nord (879m) | 29.08.2020 17:19 | |
Høgåsen (883m) | 29.08.2020 17:28 |
To turar i Rendalen. Dei første fjellturane vi har vore på etter at vi flyttet til Hamar.
Den første turen gjekk til Store Byringen. Vi parkerte ved Storbyringtjønna, og gjekk i vegen på råk. Vi mista råket tidleg på turen, da vi ikkje fekk med oss at det tok av oppover til venstre da det var ein hogstveg som gjekk rett fram. Det gjorde ingenting, omvegen gjennom skog og myr leda til litt molte.
Oppover mot toppen vart det ein del bærplukking, før vi satt frå oss sekken på om lag 820moh, og bærplukkarane litt seinere. Irriterande med bærplukkarane, da det like nedunder toppen var store mengde blåbær.
Oppe på toppen kom det ei regnskur, så vi søkte tilflukt inne i hytta. Der var det to andre par som også søkte ly frå vêret, så det vart ein hyggeleg stund der.
Den andre turen gjekk til Vesle Byringen og Høgåsen. Vi hadde eigenleg tenkt til å køyre til i mellom toppane, men vegen var stengd. Oppover såg vi kvifor; store deler av vegen var øydelagt av vatn.
Greitt terreng opp til Vesle Byringen, og flott utsikt på toppen. Litt kjedelegare terreng til Høgåsen, og mykje gåing på veg.
Alt i alt vart det to flotte turar.
GPS-spor frå turane
Store Byringen - 5,4km - 330hm - 2t 50min
Vesle Byringen og Høgåsen - 12,5km - 592hm - 3t 47min
User comments