Haustsæterfjellet (31.08.2019)


Duration 4h 47min
Distance 9.9km
Vertical meters 293m
GPS
Ascents Haustsæterfjellet (906m) 31.08.2019 15:12

Tur på Tonsåsen med Kristine. Vi parkerte i kanten av vegen inn til Bergsåsen, og gjekk i vegen bilvegen innover mot Midtsætri. Innover plukka vi mykje blåbær i vegkanten og litt innover i skogen, attende plukka vi mykje villbring. Frå Midtsætri gjekk vi råket opp til Haustsæterfjellet. Råket er nok ikkje spesielt mykje brukt, men det var greitt merka. Tårnet på toppen byrjar nok å dra på åra, og eg turte ikkje klatre høgare enn halvvegs. Attende mot Midtsætri gjekk vi utanom råket, på jakt etter sopp.

Dette vart vår nye pf100+ topp nr. 200 i år. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå på fleire toppar, men bær- og soppfangst gjorde så vi brukte lang tid på denne turen.

Alt i alt fann vi litt kantarell, nesten ein kilo molte, ei bøtte blåbær og ein god del bringebær. Det er fint å ta litt kjedelege skogstoppar på hausten!

Fleire bildar hos Kristine

Litt utsyn frå toppen
Litt utsyn frå toppen
Tårnet på toppen
Tårnet på toppen

User comments

  • -
    avatar

    Imponerende..

    Written by janyga 01.09.2019 10:09

    ..med 200 nye pf100 så langt i år! Hvor skal dette ende! ;-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.