Archive - Date
Archive - Activity
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
- Ski trip (9)
- Trip by foot (24)
Peakbook-Friends
Nakketur med Marit
- Date:
- 25.04.2020
- Distance:
- 22.2km
Har lenge tenkt på å gå på "Nakkadn" og i dag låg både vær og føre tilrette. Gjekk frå parkeringa ved Tyin opp til Såteskar og vidare over mot Øyangen. Turen gjekk lett og fint opp mot Stornakken, men rota litt på høgda 1369, der var det litt vanskeleg å finne vegen ned. Når me fann rette leia, gjekk det lett og greitt mot toppen. Nydeleg skikøyring ned frå Stornakken, og fin tur opp på Tverrnakken. Me valde å gå over Nakketjednet for å krysse Øyangen omlag på same stad. Litt røtin snø i nedkøyringane, men ellers ein strålande dag - og me hadde fjellet heilt for oss sjølve:-)