Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Lindbergtinden
- Date:
- 18.03.2012
Etter gårdagens tur til Leirhøe og nabotopper var ikkje kroppen klar for dei heilt store eskapadane så Lindbergtind var utvalgt som eit passe enkelt og raskt turmål. Været var litt gråare enn spådd men greit nok.
Starta frå Spiterstulen litt før ni med bikkjeglamkonsert av vaktbikkja på Spiterstulen. Martine & Signar la iveg innover mot Tverråbreen og eg forsøkte å henge på som best eg kunne.
Været tiltok og oppover breen vart det ordentleg bustate. Snøfokk og delvis ”white out” til tider og siden værmeldinga ga dårlege prognoser utover dagen var ikkje tanken om brudd og retur langt unna for min sin del. Men eg holdt kjeft og brant inne med mi meining og etterkvart letta det faktisk litt mot fortoppen. Satte att skia litt opp i sida for Nedre Tverråbandet og gjekk videre >>>
Skauthøerunde
- Date:
- 17.03.2012
Yr.no hadde varsla brukbart vær så da var helgeplanlegginga enkel: Jotunheimen. Martine & Signar hadde sett seg ut Spiterhøe og Leirhøe og siden eg mangla båe vart ruta raskt lagt.
Avtalte oppmøte ved innkøyringa til Visdalen 08.15 og siden eg ankom i svært god tid vart det ein liten dupp i bilen. Vakna av ein Q7 ”wannabe” bil som tuta på meg og så var det berre å henge seg på innover Visdalen.
La iveg frå Spiterstulvegen litt før ni og så var det rett på den velkjente slitet med å forsøke å henge på M&S oppover bakkane.
Turen inn mot Skautflya gjekk unna i ein fei før vi svingte av kvistaløypa og rett opp mot Skauthøa frå Skautkampan. Med sola i trynet og hardt skareføre kom vi oss etterkvart opp på Skauthøe. Drøya ikkje lenge der men fortsatte videre til Nordaust >>>
Glittertind og omegn
- Date:
- 04.03.2012
Møtte opp ved innkøyringa til Visdalen kvart over sju. Martine og Signar (Signar Andre Nilsen) var litt forsinka så eg rakk ein liten lur i bilen mens eg venta. Ved M&S ankomst vart RollsRoycen min foretrukket til videre transport innover Visdalen. Køyrte inn til Spiterstulen for å betale bommen men etter altfor lang tid med bjelleringing i resepsjonen antok vi at dei ikkje var interessert i våre penger. Så var vi etterkvart klare for dagens mål, Spiterhøe og kanskje også Leirhøe .
La i veg oppover lia. Lite snø men vi fekk tråkla oss oppover i kraftig sønnavind. Ved skaret forbi Skautkampen tok vi ein lang diskusjon om turmåla for dagen. Hard sønnavind gjorde Glitter-Rundhøe , Glittertinden , Vestre Glittertindoksle og Sør for Vestre Glittertindoksle til eit betre alternativ. Alle var forsåvidt enige men det måtte likevel ein lang diskusjon til før Spiterhøa vart kasta.
Kryssa raskt Skautflya og opp gjennom >>>
Høg og Midtronder
- Date:
- 11.02.2012
Fekk ein telefon torsdagskvelden av Signar (Signar Andre Nilsen) som, overraskande nok, ville på topptur. Hadde egentleg andre ting på tapeten men etter ein god del masing og ei solid dose trusler vart eg tilslutt overtalt til eit forsøk på Høgronden, Midtronder og Digerronden laurdag. Hadde vitja alle tidlegare men det er fine topper og vinterbestigning er ofte finare enn sumarturer så eg hang ikkje med hovudet av den grunn.
Yr.no skapte litt tvil i gruppa utover fredagen med tvilsomme værvarsel men loddet var kasta og litt over sju laurdagsmorgon gjekk avmarsjen frå Straumbu. Bomma litt på sumarløypa innover og rota oss bort til ei lita kløft. Fekk raskt bange anelser da eg vagt erindra tidlegare turrapporter frå dette området der nokon hadde surra rundt fleire kilometer for å koma over leie kløfter >>>
Gråhøe i Reinheimen
- Date:
- 28.01.2012
Martine & Signar (Signar Andre Nilsen) byrja å gå tom for enkelt tilgjengelege 2K topper og i den forbindelsen vart blikket vendt mot Reinheimen og Gråhøe i Reinheimen . Dei fleste turrapportane frå desse strøka fokuserar mest på laaang innmarsj og begrensa alpint landskap. Turstemninga var difor ein anelse avmålt og toppen i stor grad sett på som ein nødvendig onde for å få fullført ei viss liste.
Litt frustrerande for meg som kjenner Lordalsområdet frå tidlegare etter å ha jakta litt der og difor trivast godt der men sånn er det no ein gong. Dagen ga meg dessuten ei lita oppreisning skulle det vise seg.
Parkerte ved Billingen og la i veg litt før åtte. Hardt skare/skavleføre gjorde det enkelt å gå innover. Kryssa Torda på bru og gjekk opp på vestsida av Store Føysa. Etterkvart kryssa vi også Store Føysa og fulgte Skarvedalen >>>
Storivilen, Moldulhøe & Hesthøe
- Date:
- 22.01.2012
Klokka var litt over sju om morgonen og vi hadde lasta over ski, utstyr og personell til min bil for videre transport innover mot Lundadalen. Etter eit parhundremeter hjalp det imidlertid ikkje lengre med firehjulstrekk. Bilen vart parkert på stor oppbrøyta plass og skia spent på.
Fulgte skiløype nokre hundre meter til vi kom til ein skogsveg som kryssa oppover langs Lenda. Vant raskt høgdemeter til skogsvegen brått enda litt oppi lia.
Videre oppover var det vassing i pudder.
Signar (Signar Andre Nilsen) & Martine hadde berre stuttfeller og valgte difor ski på sekk forbi det brattaste partiet. Etter om lag 600 høgdemeter var vi endeleg oppe over skoggrensa og kunne ta ein kikk på to av dagens turmål, Storivilen og Moldulhøe .
Nordsida av Storivilen såg svært steinate ut så vi gjekk opp på vestsida av Lendholet. Turen oppover var ikkje >>>
