Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (337)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (209)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Såta
- Date:
- 12.04.2018
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 11.2km
Var lysten på ein topptur etter arbeid, og valde Såta. Berre 10 min i bilen opp i Erdal. Gikk over hengebrua til Mork, og følde stien mot Nyborg. Etter 20 min vurderte eg å snu, då snøen var relativt djup, og eg trødde i gjennom. Angra på at eg ikkje plukka med trugene som tenkt. Fekk prøve litt til, og det vart betre etter kvart, med harde trugespor som bar. Ei stund. Det vart verre att lenger oppi.
Fekk på Randoskia på om lag 780 moh. og då gikk det som ein leik oppover. Ei ny oppleving å komme til Nyborg på ski. Innover Tjørnadalen steig det lett og jamn, men med kraftig vind i mot. Det var avblæse, og lite fok. Ingen problem å halde fram mot toppen. La ruta på hyller oppover som det naturleg gav seg etter kvart. Ikkje bratt eller vanskeleg då.
På toppen vart eg møtt >>>
Smeddalsnosi
- Date:
- 01.04.2018
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 7.0km
Stora Grånosi
- Date:
- 28.03.2018
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 8.5km
Besøkte Stora Grånosi for andre gong. Toppen ligg lett tilgjengeleg som skitur frå Vardahaug, 12 km opp Erdalen, og ca. 15 min. biltur frå Lærdal. Utsikta er formidabel. Her får ein 360-panorama med høge vestlandsfjell, alpine toppar, fjordlandskap, mjuke snøvidder, djupe brebotnar. Ja, alt i ei pakke. Sjølv om nabotoppen Bleia av mange blir rekna for toppen med stor T i området, er dette min favoritt når det gjeld utsikt.
Tek du ferja Fodnes - Manheller, er det denne toppen du ser inst i Vindedalen mot sør. Denne toppen må du prøve. Med randoné-utstyr var det svært moro nedatt. Stakefri retur i laussnø med gode svingar :)
Kjølbergtinden
- Date:
- 27.03.2018
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 9.4km
Ein må stadig utforske nytt terreng, og sett bort frå dei fyrste 500 meterane, hadde eg ikkje gått her før. Det var nydeleg skiføre, og sol frå skyfri himmel. Inn dalen, og om lag i 20 minuttar, var det litt tak i motvinden. Det løya då eg kom opp til 1475 vatnet. Brukte toppturskia i dag, då eg såg føre meg eit par fine nedkøyringar. Det fungerte fint. Valde å skøyte over 1475 vatnet på returen, i staden for feller på. Turen hadde fungert veldig fint på fjellski også.
Det var ein del folk ute i terrenget, såg tre grupper, ma. to spreke hundar som måtte helse på meg. Nokon valde å gå opp 1390 toppen under Eldrevassbergi, og køyrde den brattaste linja ned. Eg trur dei tok fleire turar :) Tre fine nedkøyringar på returen, der ein kunne lage fine svingar.
Nydeleg dag i >>>
Skjeltrene
- Date:
- 13.03.2018
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 9.6km
Lysare kveldar, og eg rakk ein topptur etter arbeid. Avspasserte ein halvtime, og køyrde til Filefjell. Det vart ein fantastisk tur. 15 - 20 cm pudder, så litt tungt opp i skogen. Heilt urørt terreng etter nyleg snøfall. Stille.
Eg gikk rundt toppen, til Grønevatn, og opp på baksida, då eg rekna det for tryggast. Sola skein, sett bort frå når eg runda fjellet på austsida, og kom i skuggen. Men eg nådde att sola då eg nærma meg toppen. Fekk med ein solnedgang på veg opp. Himmelsk.
Var nede att i bilen i skumringa, og fekk slik sett med det flotte raude lyset som avsluttar dagen.
Rjupeskareggen
- Date:
- 21.01.2018
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 14.0km
Fin skitur på Randonè frå Smeddalsosen til Rjupeskardseggi saman med Marita. Småkalde minus 23 når vi starta litt etter kl 11. Sola skein fint i bjørkeskogen i 15 cm pudder. Idyllisk. Ein får fort opp varmen i bratta og djupsnø.
Vi gikk inn Gravfonnbotn, men dreia nord, og gikk opp mellom Smeddalsbergi og Smeddalsnosi. Årsaka var at vi vurderte ruta rett opp i Kviesjøen, som litt rasutsett slik forholda var. Det har komme mykje snø som ikkje har botte seg, og det var ein viss fare for flakskred. I det vi gikk opp, såg vi eit følgje på 8 personar på veg mot Salen, på andre sida av Gravfonnbotn. Vi tok med Smedalsnosi som toppbesøk, før vi sigla ned på Kviesjøen. Tok ikkje av fellene her.
Så var det transportetappa over Kviesjøen, ca. 20 min. Det vart no å finne ei fin rute >>>
Breistølfjellet
- Date:
- 06.01.2018
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 8.7km
Fin skitur på Randonee frå Breistølen fjellstove til Breistølfjellet. Nytt område for meg. Følde DNT-løypa fyrste halvtimen. Tok så høgdene raskt, og kom inn dalføret. Jamn stigning til topps. Bratt nok til å køyre dailege S-ar ned frå toppunktet (sjølv om det var ei kort økt).
Litt flatt på nokon få strekk på returen, som medførte ca. 100 m x 2 med staking. Men også eit bratt morosamt parti. Min andre tur med Randonee, og Lærdalstopp nr. 30. Det kan godt bli brattare.
Naturen og lyset var fantastisk i dag. Januarsol som kom og gikk. Fin dag :)
Smeddalsfjell. Topp ca. 1444
- Date:
- 30.12.2017
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 13.0km
Ein heilt vanvittig nydeleg dag med 10 cm pudder. Testa nytt Randonee-utstyr. Hadde plan om Rupeskardseggi, men tok opp frå Valdresdalen eit par hundere meter for tidleg. Hadde også mistanke om at det var feil. Nådde ein topp på Smeddalsbergi. Peekbook-appen virka ikkje. Trur Gps`n på Samsungen var vrang.
Når vi såg varden på toppen i mot, tok vi den i staden for å endre kurs. Vi fann ut at det vart litt for lite tid/lys til Rupeskardseggi i dag. Litt sløvt av meg, sidan eg har gått i dette terrenget minst 15 gonger før. Neste gong blir det Garmin GPS i back-up.
Turen elles var no heilt nydeleg. Sett bort frå at det er bakevja i Valdresdalen denne tida på året, med tanke på sol. Fin sol opp frå start da :) På turen ned att kunne vi køyre korleis som helst i mjuk fin nysnø. >>>