Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (336)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (208)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Egga / Sandvikfjellet
- Date:
- 21.04.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.0km
Tur frå Sagevik. Følgde ei logga rute frå UT-appen. Og den loggen var god å ha undervegs. For å vete kor ein skulle ta av, og korrigere kursen, der den endra seg. Fyrste 90 grader, etter få hundre meter, kunne elles lett ha blitt forbigått. Når eg med hjelp av sporet frå UT kom opp på sva-ryggen bortetter, så gikk det fint. Godt varda her. Forbi eit lite vatn, og vidare på svarygg til myr. Her var det på nytt å navigere litt, då kursen endra seg. Ikkje merking, og lite haldepunkt ved myra. Men opp ryggen tidleg, og mot skaret, om ein hadde følgt med litt på avstand. Då det på nytt flata ut og litt ned frå nokre sva-parti, stod ein ved ein fjellvegg. Kva no ? Litt leiting her, ned nokre få meter i barskog, og så gikk det ein fin sti bortetter, og opp i sida på fjellet. >>>
Vikafjellet
- Date:
- 20.04.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 9.4km
Fin og spennande tur i Eikefjord. Fyrst på traktorveg, så grei sti, men bleike merke. Over tregrensa lyng og noko sva. Like før fyrste toppen vart det brattare, under mektig fjellvegg. Her låg hard snø, og ei gleppe inntil fjellet. Såg glassert is i partiet over også. Etter vurdering trekte eg meg på normalruta. Frå juni står det i UT-appem. Fann ei grei rute rundt på sørsida av fjellet. Kom då opp ei renne mellom toppane. Gikk ut på høgaste punktet på fjellryggen. Fantastisk fint og kronglete landskap. Fasinerande for ein indresogning. Flott utsikt mot det meste, rundt om. Håstein-fjellet var godt snødekt enno. Returnerte, og tok då med meg Nipa også. Sjekka litt forholda ned normaluta, men trekte meg for andre gong i dag. Veldig hard snø-is, og glasert blank is nedanfor >>>
Vetanosi - ikkje
- Date:
- 16.03.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 7.7km
Denne turen gikk ikkje som planlagt. Positiv med rando-skia på sekken opp frå Fodnes. Det gikk for så vidt greitt. Tyngre med ski og sko på sekk, det merkast. Like før Stegen kom eg på, at eg hadde gløymt att stavane i garasjen. Då vart opprinneleg plan skrinlagt. Plan var å gå på føtene nesten til Fagerset, og på ski til Vetanosi. Ski utan stavar fungerar ikkje. Då vart det plan B, på føtene Vetanosi rett opp. Det gikk heller ikkje. Møtte ein hyggjeleg kar, ved Stegen. Han fyrte bål og kosa seg saman med to elghundar. Heldt fram utan sekk. Litt etter stikrysset mot Vetanosi vart det vanskelegare. Sopass med snø-djupn at det gikk svært seint oppover. Trødde til over knes innimellom. Det er nok vinden som har flytta litt på snøen. Over tregrensa vart det litt betre, men >>>
Store og Vetle Haugmelen
- Date:
- 18.11.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 16.9km
Sidan fyrste tur til Store Haugmelen i 2005, har denne lege å vaka hjå meg. Plan var då å ta med Vetle, og plan var definitivt i haust. Men tida går, og mange prosjekt surrar samstundes. Sidan 3 Peakbook-musketeer frå feil side av vass-skilet hadde slått meg i mi ieiga leikegrind, måtte denne turen takast ved fyrste høve (humor). Men ingenting så gale at det ikkje er godt for noko. Gutta frå aust hadde trakka fine spor. Sein avreise i dag, men eg beina på frå parkeringa ved Dalåker kl. 11:55. God brei grusveg dei fyrst 3,7 km, til overgang traktorveg, og sti til sist mot Vassløysa. 1:10 dit. Eg følgde stien som går rett inntil veggen bak øvste hytta aust. Etter kvart var trakka til hjelp oppover, på den måten at eg ikkje trong å leite etter stien. Etter knapt to timar stod >>>
Nuken
- Date:
- 12.11.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 5.6km
Fyrste tur til Nuken for min del. Vinterføre på god sti innover. Slik også opp den svært bratte vegen merka fyrst Eggum, så Nuken/Åsen. Her var det smal veg, bratt og lite møteplasser. Ingen bekymring opp med 4 hjulsdrift, men litt spent nedatt med tung bil. Det viste seg å vere ugrunna. Ca. 10-12 bilar stod fint oppstilt på skrå, på parkeringa. Stien var litt bratt fyrste få hundre meter. Så flata det ut, og inn i barskog eit kort stykke. Snart oppå fjellet og vidare i lett terreng, med sporadisk småbjørk. Møtte ein del folk, sidan eg var seint ute. Fint innover. Nokre stølshus å sjå, og eit fint like under toppen, som er noko markert. God utsikt 360 grader oppå toppunktet. Skilta vidare, så her oppe kan ein gå diverse ruter, særleg sommarstid. Retur same veg.
Toppar i Førde
- Date:
- 07.11.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 10.5km
Tok ut ein rettmessig fridag frå jobb, for å vere sjåfør for Marita som hadde ærend i Førde. Ein liten baktanke var det. Topptur på tysdag er ikkje å forakte. Sesongen no passar for toppar under 1000 moh., og normalt utan for mykje plunder. Grei sti opp til Hjellestølen. Skilt viste retninga vidare. Ikkje merkt anna enn nokre steinar oppover. Men tydeleg sti og greitt å finne fram. Flat topp, men god utsikt. Retur same veg nedatt til stølen. Her skilta til Førdsnipa, og tydelegare sti her. Måtte vere merksam på ising fleire stader oppover. Ei hylle hadde eit punkt, rundt eit berg som var tildeles smalt og litt luftig. Gikk fint med forsiktigheit. Også helt øvst var det små snirklande hyller å gå på. Ikkje vanskeleg. På toppen ein stor varde, og skilta rute vidare for nedgang >>>
Høgeheia
- Date:
- 05.11.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 4.6km
Siste tur, nr. 6 i talet, og 9. raude topp på to dagar i Sunnfjord. I dag ville Marita også vere med på tur. Kjekt. Køyrde heilt til vegs ende ved Holevika. Her var snuplass, men ingen stad å setje bilen. Langt mindre ein bubil. Etter litt fundering, fann vi ein grasbakke 50 meter frå snuplassen, der vi greidde å lirke bilen nett utanom asfaltkanten på den smale vegen. Hytte-eigaren hadde nok vorte småsur, om han kom på besøk til hytta si. Men merka rute var det, med skilt ved start og pinnar med raudfarge undervegs. Godt opparbeida og fin sti heile vegen. Fyrst på grusveg til sti-start, så bratt opp heilt inntil den loddrette fjellveggen. Etter skaret i gjennom tett skog, og så snodde stien seg opp på fjellryggen. Stigning til vel 300 høgdemeter, så småkuppert mot den store >>>
Toppar i Askvoll
- Date:
- 05.11.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 13.8km
Dag to på toppturfangst i Sunnfjord. Målet var Smørkletten og Hjartåsen. Valde å gå inn dalen og til Smørkletten fyrst. Svært fin tur innover, men bratt mot toppen. Like før toppen fekk eg gleda av nærkontakt med to ørner. Flott utsikt mot hav og fjell. Vidare ned ryggen var det litt vanskeleg å finne beste leia. Rota meg litt for langt mot nord-vest ved eit høve, utan at det vart vanskeleg. Nede ved Askvatnet såg eg kor bratt sida av fjellet var. Men eg følgde ryggen ned. Vidare mot Hjartåsen var det berre å gå på, då eg ikkje såg sti. Følgde hjortetrakk rett opp fyrst, og veksla mellom smådalar og ryggar, slik det såg ut til å høve seg best. Like flott utsikt frå denne toppen, ei markert berg-høgd. No var plan å følgje ruta nedatt. Undervegs kom tanken på Blåfjellet. >>>
Sjønakletten
- Date:
- 04.11.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 3.2km
Køyrte ut etter smal veg til skilt Sjønakletten. Heldt fram til eg fekk snu ved ei avkjøyrsle mot ein eigedom. Parkerte på grasfelt ved møteplass ca. 200 meter vest om sti-start. Fin sti i tett barskog oppover. Jamn stigning og fint å gå. Ut or skogen passerte eg like ved fundamenta til ei fjordkryssande kraftlinje. Artig grønnfarge på mastene. Ikkje vakkert, men det må sikkert til. Veldig flott utsikt mot Blægja like før toppen. På toppen sat ei eldre kvinne som hadde gått opp frå andre sida. Vi hadde ein god prat. Turen ho brukte 30 min på for to år sidan, tok no 3 timar grunna sjukdom. Respekt til dei som står på og kjem seg ut på tur på trass av motgang. På returen nedatt, flott utsikt mot havet.
Rute utan flystriper, samt mine treningsdata for turen:
https://flow.polar.com/training/analysis/7758768205
Fauskevarden og Fureviknipa
- Date:
- 04.11.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.4km
Helgetur til lågare strok på topptur-samling. Låg over i bubil på parkeringsplass til turbruk. Tidleg i skoa laurdags-morgon. På traktorveg, så over til mykje brukt sti mot Fauskevarden. Noko ising innimellom, så konsentrasjon var påkrevd. Eit bratt opptak vart nesten utfordrande grunna is-kjøver. Men kjettingane vart i sekken. Oppe ved varden etter 55 min. Svært vindfullt i dag, så boblejakke måtte på her. Nydeleg utsikt i alle retninger. Havet, Blægja og Storehesten m/fleire. Så var det å finne ei god rute mot neste topp. Bra sti mellom toppane, sett bort frå eit kort parti. Fann ei hylle å komme litt ned att. Så grei rute vidare, stort sett på sti til neste topp. Sti nedatt derifrå.