Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Eldegardsnosi

Date:
25.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.4km

To toppar i Årdal i dag. Tok av frå Tyinvegen ved «400-meteren», svingane opp, og inn Rausdalen. Sistnemnde køyre-del, anleggsvegen, var av den dårlege sorten. Det var sett opp advarande skilt. Køyrde ikkje så langt som råd, eg skulle da ha litt tur. Gikk til Eldegardnosi fyrst. Fyrst på anleggsvegen ca. ein km, så inn i terrenget. Kuppert her, så ein må følgje med. Fann hyller ved eit opptak ved vatn, og gikk innom den austlege «toppen» fyrst. Så var det å snirkle seg mellom svaparti bortetter mot varden på toppen. 50 meter lenger vest får ein fin fjord-utsikt. Litt skydekke i dag, tok bort noko sikt. Berdalseken og Raudbergnuten var slik sett ikkje fri. Nedatt omlag samme rute. Lett tur. Ein bør vel gå turen frå vegen mellom Årdalstangen og Øvre ei gong.

Map    

Trollsteinkvelven

Date:
20.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
27.8km

Fantastisk - kort oppsummert !!! Å oppleva Trollsteinkvelven, og å gå ein runde på toppane der, har vore planlagt i fleire år. No var dagen komen. Frå bubilen, campa 500 m frå parkeringa kvelden før, bar det av garde kl. 8:38. 1,75 km på grusveg kvar veg vart vald, då det er raskare enn vier-trakking. Inn i terrenget og opp aust for Bergenuss-haugen. Etter haugen, lett og fint å gå innover. Det opna seg meir av kvelven, til lenger inn ein kom. Eit par ved eit oransje telt, vinka i det eg passerte ca. 100 meter i frå. Snart kom eg nærare tindane. Vakker natur, og ei fin læring i det å sjå korleis landskapet blir forma gjennom lange tids-perspektiv. Opp mot skaret gikk eg på ein reinsflokk. Eg lista meg og trekte aust, håpa at eg ikkje skulle skremme dei opp. Dei gikk ganske >>>

Map    

Mugnetinden

Date:
18.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.1km

Tur to i dag. Byrja så seint som kl. 18. Det var nokre mørke skyer å sjå. Siste følget kom ned då eg byrja å gå. Det blei ein fin tur, men ei stund vart eg usikker, då det slo ned eit lyn sør-aust for, og under meg. To skrall høyrde eg også, men det kom ikkje regn, så eg heldt fram. Frå toppen såg eg at det var kraftig torever på gang i Vest. Det var sikkert noko perifert av dette, som hadde råka ikkje så langt herifrå. Flott utsiktstopp, og mykje nytta. Valde orginal, og ikkje klyve-ruta sidan eg var ukjend, og eg hadde litt frykt for ei regnskur. Den kom ikkje før om natta, lenge etter turen var fullført.

Map    

Tyinholmen og 2 x Vang

Date:
12.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.2km

Hadde teke på meg ein tur for Lærdal turlag i år. Stikkord Jotunheimen. Laga ei rute som rundtur på grensa til Nasjonalparken. Og med utsikt til nokre av dei flotte toppane i Jotunheimen. I alt 9 personar var med på turen. Dei var godt fornøyde med tur og opplevelse. Både utsikt, lengd og høgdemeter. Ein moderat tur som skulle passe til fleire. God stemning og vi hadde tid til pausar og prat. Temperaturen måtte vere opp mot 25 grader på 1300 meter i dag. Fantastisk ver. Nemnde eg utsikta og opplevelsen ? Store bokstavar. To nye raude toppar i Vang vart ein tilleggsbonus for meg.

Map    

Vetanosi

Date:
09.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.7km

Tur etter jobben med kollega Adrian. God temperatur, sol og nokre skyer. Sommarkjensla på plass. Noko svalende opp i furuskogen frå Fodnes. St. Olavskjelda, Stegen, litt til og det blir svært bratt, Vetanosi rett opp. Og for ei utsikt ned mot Fodnes m.m. Tok med varden denne gongen for meir fin utsikt. Så til høgaste punktet, over mot Storeskar, og ned til stølen Fagerset. Litt bortetter på sti nedatt, og fjordutsikta sler på nytt i mot ein i fulle drag. Nydeleg oppleving og god trim.

Map    

Fullsennknatten

Date:
03.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.4km

Tur fire i dag, og klokka har passert 21. Bonus på den måten at ruta var kort, sola stod lågt, og gav fint lys. Stien var bra, og utsikta av beste slag. Turgjengaren byrja å bli svolten og trøytt. Nydeleg utsikt til toppar i Jotunheimen, og vakre vatnet Fullsenn. Retur til bilen, og køyring mot Gjøvik tok til kl 22:08. Tok sikte på at grusvegen mot søraust tok meg i rett retning. Opplevelse også dette, å køyre Etnedalen mot Dokka. I morgon besøk av dotter på Ø. Toten, og fredag til Heggedal for å møte mitt tredje barnebarn, snart tre månader, for fyrste gong. Plukka også med ynskte son som besøkt søster, for vidare ferd, og heimatt til Sogn.

Map    

Myrebærhammaren

Date:
03.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.2km

Tur tre i dag baud på ei overrasking som ikkje var kalkulert inn. Stengt med bom og hengelås ved vegen vidare frå stølen. Open for alminneleg ferdsel frå 25. september, stod det. Greitt at dyra får fred også. Storfe beita inni her. Då bar det 3 km innover på grusveg med slak stigning. Eg fall ikkje for freistinga å gå inn i myrområder for ei kortare rute. Fann spor etter traktorveg/sti der eg tok av inn i terrenget. Då var det å følgje ryggen til skogen slepte taket. Sti vidare til topps. Noko vind her, men flott utsikt. Retur same veg, sjølv og det freista å sikte seg mot grøn nål. Eg går greit ein km ekstra enn å virre i vier og myr. Fin tur, men merka det i kroppen no.

Map    

Synhaugen

Date:
03.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.7km

Tur to baud på ei eventyrlig utsikt undervegs, og frå toppen. Eg fall ikkje for freistinga med å køyre heilt opp til stølen. Frå ruta mi, fekk eg glimt av nydeleg utsikt til stølsvidda og Skaget, frå stien/gamlevegen i skogen. Då også sikt til stølen Synshaug, med fredeleg avslappa sauer, som alt hadde roa seg. Gode beiter. Frå stølen var det ein mykje nytta sti til toppen med varden.

Map    

Årdal extra

Date:
21.06.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
22.8km

Det som blei tillegg i dag, var 7,8 km t/r på grusveg sidan eg måtte gå frå vinterparkeringa i Seimsdalen. Litt kjedeleg det, men meir mosjon. Nistepakka var ikkje heilt tilpassa. Sett bort frå transport-etappa, vart det ein fin tur. Frå Skor, ovanfor øvste bygningen, går det sti sørover til Skaret. Vidare var det å følgje høgdene bortetter, til eg dreia litt vest, og godt ned i eit dalføre. Årsak var snøfonn i den bratte sida, eller ei grov ur, som eg heller ikkje hadde lyst på. Hadde eg sjekka 75 meter lenger aust, så finn ein "normal-ruta" som føl høgdene heilt ut. Forholda der i dag, veit eg ikkje. Eg slapp meg ned nokre små ryggar, og så bratt opp til Gjerdesnosi. På returen ville eg ha med toppen av Skorsfjellet og, når eg fyrst var på desse kantar. Slik >>>

Map    

Heggeberget

Date:
09.06.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.8km

Parkerte ved ei avkøyrsle, der eg såg at det var teikna inn ein traktorveg. Den leda mot ein sti, som Arne Magnus (Peak Floyd) nyttar jamnleg. Ringde han, men han nytta ikkje denne ruta. Fekk tips om ruta vidar oppover. Traktorvegen var etter hogstmaskin nokre år tilbake. Kom greitt oppover, berre litt kratt før breidare god hogstveg opp til sti. Følgde stien, og fann blå tynne tau på busker oppover. Då det tetna til med skog, valde eg å sikte på den grøne nåla fyrst. Såg litt fjellrygg ut på kartet, men den var kledd med relativt tett skog. Kom greitt til denne toppen, over og til nest topp. Bere å følgje glenner i skogen. Retur la eg langs ei myr med eit lite tjern, og her var det også sti. Runda så sør om "grøn-toppen", og kom tilbake til ruta som eg nytta >>>

Map