Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (346)
- Alpine trip (19)
- Hike (53)
- Hillwalk (214)
- Jogging (37)
Favourite peaks
Storehaugen og utsikten.
- Date:
- 26.09.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 6.7km
Motbakke-trening i nærområdet. Denne ruta nytta eg regelmessig for nokre år tilbake, og i ein 10-årsperiode førut. Då som motbakketrening, i tida eg deltok litt i mosjonsløp i motbakker og på sykkel. No blir det meir fjell- og toppturar, og i litt lægre tempo. Gikk ned til flaggstanga ved varden. Den ligg eit par hundre meter vest frå toppen av Storhaugen. Der er nydeleg utsikt ut fjorden. Og ein får fugleperspektiv på Lærdalsøyri, nesten 900 meter rett ned. I dag brukte eg 1:15 i greitt treningstempo. Manglar 15 % på kondisen. Det lyt trenast jamt i motbakke-løyper skal ein halde oppe tempoet. Det var no godt å presse seg litt, etter gamalt. Merkar framleis til fotskaden, som nok har redusert kapasiteten noko i sommar. Flotte haustfargar, og fin temperatur å trene i.
Litlehesten og den høgaste vetle
- Date:
- 19.09.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 10.2km
Målet i dag var dagsturhytta Skaraly på ruta mot Kvamshesten (Storehesten). På vegen fekk vi råd om å gå ut på Litlehesten. Til Storehesten har eg vore tre gonger og Marita 10 gonger. Etter fleire turar denne helga, var ikkje topptur planlagt. Vekas mål var fem dagsturhytter, og målet nådd. Det er ein fin måte å bli kjend i Sogn og Fjordane på, og som rekognosering til turar og kulturelle opplevingar. Men det kribla, og topptur vart det. Landskapet her blir innan geologien definert som "devonisk sandsteiner og konglomerater". Det er skapt ved noko av dei mest dramatiske tektoniske prosessane i vår geologiske historie. At det er spesielt, opplever ein når ein går her blandt runde sva med myrar i mellom. Kuppert, fasinerande både på nært hald og på avstand. På >>>
Bygdefjellet
- Date:
- 18.09.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.5km
Tur til Dagsturhytta i Fjaler kommune. Fint å gå oppover mot varden. Fint å sjå over mot Atløyna og Askvoll. Og lenger Aust Blægja og Kvamshesten. Fantastisk utsikt frå toppen og ut mot havet. Så litt vidare å gå ned til hytta Vidsyn. På retur opp mot Varden tok vi litt under den, kom inn på sti, og rusla nedover. Vi prata litt og kosa oss. Etter kvart fekk eg ein følelse av at heia var litt lengre enn på turen opp. Då vi såg nedover i terrenget om lag ved ein benk, forstod vi at her gikk vi IKKJE opp. Litt flaut, då eg rekna meg erfaren i fjell og terreng. Vi kom ned ved Skår på Folkestad. Men vi fekk da variasjon, og eg ein joggetur på 4 km tilbake til parkeringsplassen ved Furset. Korrigerte avstand på sporet, då appen vart starta undervegs.
Bergsheia
- Date:
- 18.09.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.7km
Når ein kjem køyrande ned til Hyllestad sentrum, blir ein møtt av fjellveggen Lihesten. Alltid imponerande. Sentrum elles er intimt, pent, og med sentrale funksjonar samla. Flott kyrkje med fine murar på nedsida. Før fjellturen vandra vi i Kvernstein-parken. Nydeleg vakkert, og god kultur-formidling. Vidare gikk turen til Akse, og dagsturhytta Sørefjordhytta. Eg tok ein tur vidare til Hesjetinden og over fjellet til varden på Bergsfjellet. Flott utsikt til Lihesten og havet m.m. Store gode blåbær ut over heia. Sporet stoppa då telefonen tømde ut batteriet. Avstand er korrigert vha. Polar-klokka.
Høganos
- Date:
- 31.08.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 14.9km
Topptur etter jobb. Fin opplevelse å komme seg på taket av Lærdal. Særdeles tungt opp til Berdalen i dag. Tunge bein, som kom seg innover Berdalen. Gikk turen i fjor på 48 minuttar mindre tidsbruk. Nydeleg å gå inn denne dalbotn. Utsikta frå Høganos er fortreffeleg. På ein god sommardag kan ein halde fram til Hesthovden, og gjerne over Hånosi, og nedatt på Oftedalen. Dermed er den planlagt.
Styggehøe
- Date:
- 28.08.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 18.7km
Fantastisk turdag til storfjellet Styggehøe. Ikonet ved Spiterstulen. Dette året ausar på med godver langt utpå seinsommeren. Så då er det berre å forsyne seg. Plan var eigentleg Spiterhøe med nogot åttåt. Men Styggehøe berre freista meir i det vi kom opp fredag sein ettermiddag. Fann ein fin stad å losjere med bubilen 1,25 km før Spiterstulen. Starta på asfalt i skugge laurdag. Grei transport inn slake vide Visdalen. Etter vel tre km frå Spiterstulen, på hengebru over Visa ved eit elvegjel. Då var det å finne ein god oppgang til fjellet. Skrådde opp lia, prøvde å unngå vier. Opp før Bukkeholsbekken, som meir er for eit elveløp å rekne. Fann ei grei rute opp til Bukkeholet, og platået under fjelltoppane. Valde å halde til høgre for å komme opp ryggen mot fyrste >>>
Stetinden
- Date:
- 03.08.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 12.9km
Køyrde frå Lærdal kl. 9:50 i Polestaren fullada med vasskraft. Ca. 2:15 i køyretid. Tok oss tid til ein stopp på Sognefjellshytta, og litt stopp for fotografering på veg opp Leirdalen. Litt mat og førebuing, så luffa vi inn anleggsvegen ca. kl. 13. Greitt med start-etappe på grusveg, sjølv om det etter kvart blir litt kjedeleg. Tok av og inn på stien som ledar til brekryssinga over Smørstabbrea etter 2,5 km. Ikkje lenge på stien her, så tek det pålag ein sti opp mot steinørkenen. Greitt å finne ei grei lei opp. Lese terrenget, litt på kryss og tvers, og skjeldan rett på. Store steinblokker, sva og seinur, av ulik størrelse og valør på veg til topps. Når ein går ut på svablokkene like før Søre Stetinden, heilt mot stupet mot Tverrbytnede, (mot Storebjørn) får ein >>>
Einar på Einar-toppar, litt Nils og Grånos
- Date:
- 30.07.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 7:05h
- Distance:
- 23.5km
Fin tur i Lærdalsfjella. Køyrde anleggsvegen inn Råsdalen, og opp Øydalen. Det er store avstandar i fjellet her, så anleggsvegen er til stor hjelp for friluftsfolk. Krev betaling i form av kjøp av fiskekort hjå fjellstyret. Bom i Øydalen. Gikk inn ved Finnabuvatnet, og vidare opp mot Fleskevotni. Det blei litt av og på sti/trakk, sidan eg aldri har gått i dette terrenget før. Skrådde opp mot Grånosi før eg kom til Øvre Fleskevatn. Gikk ganske rett på. Toppa etter 2:05. Litt kjappere enn venta. Åt eit par skiver, og heldt fram mot Borgundseinaren. Ca 45 min. dit. Nydelege vatn her oppe, svært klåre med djup blåfarge. Tok med ein liten topp til med varde på, men den var ikkje namnsett. Har sett namnet Borgundseinaren sør på den, og registrert i Peakbook.org som 70 pmf. >>>
Kråkebergnosi
- Date:
- 03.07.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 13.8km
I samlinga på dei 66 Lærdalstoppane over 100m pmf. stod det att ein på Nordsida av dalføre. Den har stått lenge. I dag vart det topping med Stølstrim-post på Fosse i Kvamsdalen som bonus. Gikk frå austsida av elva ved nedre Kvamme. Fin rydding av sti, som er godt tilgrodde med vill-bringebær og brennesle for tida. Beheld likevel zippet på heilt til eg kom over tregrensa. Var heitt i dag. Viste 28 då eg køyrde nedatt dalen. Er kanskje den heiteste stølstrimmen eg har gått. Flugene følgde godt på. Heilt svart rundt meg. Men eg hadde spraya meg, og dei surra mest rundt hovudet. Plaga meg mindre enn heten. Den var ekstrem i dag. Men når eg kom opp i 1100 - 1200 meter, og med litt vind, så var det heil supert. Fann trakk frå stølen Fosse, og følgde dei til over 1350, der berg, >>>
Nordnosi
- Date:
- 22.06.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 19.2km
Fekk tanke om topptur etter jobb. Med ein time avspassering la eg i veg frå Ofta, 2,3 km heimafrå. Stølsveg mot Oftedalen, og Liastølen. Tok over på sti mot Visete, og like under på nasekurs mot Nordnosi. Moro å lese terreng, og finne god rute i bratta. Når det flatar ut, er det lettgått steinterreng innover fjellet. Går mot stor varde (som ikkje er høgast), og vidare til høgaste punkt, ein god km lenger aust. Nydeleg utsikt opp grønnkledde dalar mot sør. Her oppe er ein på «taket», og har vidt utsyn. Vidare rute gikk mot Torsfjellet. Likar å finne anna rute heim, for variasjon sin del. Store varder her også, og lett å orientere seg visuelt. Så blir det ned rygg, og over fleir små knausar med varde, før ein når den ultimate utsikta. Torsgjelfjellet. Ser Lærdal, langt >>>