Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Vetanosi

Date:
09.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.8km

Lang søndag med fint vér, og det freista meir med tur enn å ligge flat heime å restiturere etter i går. Kortreist tur. Fekk Marita til å køyre meg til Fodens ferjekai. Dette er ei rute som eg kjenner godt. Fint på merka sti opp frå Fodnes, via Olavskjelda, og den nydelege utsikta frå Stegen, 560 moh. Så ber det vidare i furuskog opp til krysset, 710 moh. Her er valet, Fagerset, eller Vetanosi "rett opp". Det er ein grunn til at det står slik. Det er bratt herifå og opp til ca. 1000 moh. På ein dag med 25 grader i skuggen, merkast det. Nydeleg utsikt er betalinga når ein kjem opp på fjellet. Gikk opp på toppunktet, som er relativt flatt med sjekkut-skilt ved ein stein. Toppen er ca. 50 meter forbi. Så sikta eg ned mot store varden. Kom innatt på stien litt før. >>>

Map    

Søtelifjellet ved to av dei

Date:
08.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.7km

To nye toppar i Hemsedal venta på besøk. Køyrde inn Grøndalen, bomveg kr. 60 med Vipps og grind som ein opna sjølv. Tok av mot stølen Søteli. Her var grind på brua. Såg ikkje noko forbod-skilt. Svært vakker støl Søteli. Fann greitt stien bak fyrst hytta. Fint opp i bratta. Kom ut av skogen, og ein fin foss til venstre. Då det flata ut, nitti grader til høgre, og ganske rett mot toppen. Ein time hit. Gikk fram på toppen og kika litt rundt om. Fjellet Vesle Jukleeggi synest eg er veldig fint. Så var det rett ned i retning utosen til vatnet. Greitt å gå, men nokre små-skrentar og litt ur før eg kom ned på flata. Greitt på steinar over elva, som hadde fleire småløp. Fint å gå vidare oppover her. Nordre toppen på hovedfjellet etter knapt ein time til. Bratt men greitt >>>

Map    

Dunheia frå Utvikfjellet

Date:
10.06.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
18.0km

Det var planlagt 500 pmf-topp laurdag. Stod mellom eit par ute ved Måløy, Dunheia eller Glitregga. Sistnemnde frykta eg hadde for mykje snø. Etter turen i går, hadde eg fått smaken på det vakre ved Utvik-fjellet. Valet var lett, vi held oss her, og satsar på at Dunheia kan nåast utan for mykje snø-baksing. Fyrst inn over på grusa bilveg mot stølane. Gikk forbi der det var merka til Fløtravarden. Passerte "neste" merking, men tok inn i terrenget der det passa. Knapt 3 kvarter til Fløtravarden. Fin sti vidare, ned og så opp på Snøfjellet. Vidare sikta eg litt på skrå mot venstre, men vart freista av ein varde. Litt nedover der på skrent-parti, blei eg stoppa av eit par bratte snøbruer. Noko oppatt, og litt meir til venstre, så kom eg greitt ned til Tisthammarskardet. >>>

Map    

Skavegga frå Utvikfjellet

Date:
09.06.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.5km

Bubiltur med helga, og to ærend. Topptur sjølvsagt. Så hente dotter til Marita, som studerer i Volda, heim til sommarferie. Parkerte på Utvikfjellet fredag, fekk ut solstolar og slappa av nokre minutt. Så byrja det å klø i topptur-genet. Betemte meg for ein enkel tur opp ved ski-trekket. Litt rekognosering, og eg såg at det var merka til grøn topp forbi ein støl. Og raud topp ganske nær. Fin sti innover mot Støyvastølen, som var steinsett innimellom. Nydeleg stølsområde, med om lag 20 bygningar. Vidare bratt og fint opp til Skavegga sør, vel 3 kvarter hit. Fin utsikt. Var spent vidare mot Skavegga. Det var ein del snø. Snøfelta bar greitt, og det tok berre 20 min bort. Nydeleg utsikt ned til Utvik, og ut fjorden frå varden. Toppen er ikkje der raudmerket står, så eg ringa >>>

Map    

Sirikjerke

Date:
27.05.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
2.3km

Etter passering Vestfossen, tok vi av Saasenvegen, og køyrde opp mot fjellet Sirikjerke. Det er eigentleg for juks å rekne, å køyre så langt opp. Det er merka fleire ruter til Sirikjerke, m.a. ei heilt frå Vestfossen. Men også frå Mjøndalen og Eikern-sida. Vi skulle på besøk til barnebarn, og kunne ikkje bruke heile dagen på tur. Skilta og merka frå ei parkeringslomme med plass til tre bilar. Grei lett sti i vesentlig barskog-terreng. Marita blei med på denne turen, og det var varmt fint T-skjorte-ver med sol. Fine runde sva ved toppen. Vi køyrde over fjellet, og kom nedatt i Mjøndalen sentrum. Lettaste topp med over 500 i pm for min del.

Map    

Nattjennåsen

Date:
27.05.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.0km

Etter overnatting i bubil ved sandtak nokre km etter Krøderen, var vi klar for neste etappe. Marita hadde surfa litt på PB, og spurte om eg ville gå til ein topp med bra pm-faktor ganske nær. Eg var ikkje så vond å be om tur, sjølv om det var litt tidleg for meg. Så då trilla vi i veg, og snart tok vi av ved Snarum. Det var om lag 10 km å køyre til startpunkt for turen. Det meste på grusvei, der ca. 6 km var bomveg. Kun kr 30. Kjapp tur. Følgte ATV-veg, men tok ein snarveg også. Frå stølen Høgsetra var det merka til toppen, på vekselvis ATV-veg og sti. Frå toppen var det veldig fin utsikt. Såg snøkledde Blefjell og Gaustadtoppen. På toppen var det bygd eit tårn med platting ca. 5 meter opp. Stege av tre opp dit. Det freista ikkje å prøve den for min del, sjølv om utsikta >>>

Map    

Skredvarden

Date:
15.04.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
22.3km

Når været er regn heime, og sol ved kysten, så blei det bubil- og topptur. Valet fall få Askvoll. Kom fram til marinaen kl 21:30. Laurdag tok Marita og meg ferja til Atløy. Sykla frå ferja i Gjervika, 7,5 km utover smal bygdeveg, til vi kom til ei vik med skilta tur-vegar. Spora ikkje sykkelturen. Fin sti inn i terrenget og bratt opp på fjellet. Godt merka heile vegen, og lett terreng å gå i. Stadig flottare og breidare utsikt på veg opp, og med Alden som ikon. Nydeleg stor og fin varde med 360 utsikt på toppen. Vi tok oss god tid til å sjå utover, og til fotografering. Eg var imponert over Marita som blei med på tur i dag. Med betennelse i kne heile vinteren, har ho ikkje fått trena. Men opp kom ho. Nedatt med kraftig skinne, gikk det overraskende greitt. På sykkelturen tilbake >>>

Map    

Vedabakknosi

Date:
04.12.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:45h
Distance:
8.9km

Vurderte 100 pmf. topp i rimeleg køyretid frå Lærdal. Og ikke før høgt, sidan snøen har trekt lenger nedover. Enno er det ikkje skiføre til toppturar i område vårt. Køyrde til Årdal, opp Seimsdalen, og parkerte på opparbeida plass under toppen Horgi. Rundt om her er fleire merka turstiar. Horgi rundt, Bøttejuv, med fleire. Eg skulle gå stien skilta mot Slettedalen. Måtte følge godt med for å halde stien, sidan det var 3 - 7 cm snø. Raude tre-klossar hengt opp i trea, viste veg oppover. Måtte vera litt varsam, då det var ein del kjøver. Hadde snø-kjetting, og dei nytta eg på returen. Fekk sol då eg kom ut av skogen, vel 900 moh. Nokre skuggeparti, og mest på retur. Burde ha starta ein time tidlegare, for heilt optimale forhold på denne ruta. Det er få timar med sol >>>

Map    

Blåskavlahovden

Date:
26.11.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.4km

Hadde planlagt nokre nye toppar i Aurland kommune dette året. Men ein skitur til Blåskavlen, som gjengangar, var den einaste fram til i dag. Køyrde til parkeringa i svingen under garden Vikesland. Her er det oversikt-tavle, og omtale av fleire turar i området. Stølen Hovdunga er nok mest bestøkt. Men om ein held fram oppover fjellryggen er både Hovdungavarden og Blåskavlavarden etablerte turmål i Aurland. Følde ruta mot Hovudunga, men vart freista av ein snarveg opp skogen ganske tidleg. Denne manøveren tok eg oppatt litt før Hovdunga, for å få ein kortare veg til turmålet. Veldig fint terreng oppover. Litt snø frå ca. 1100 moh. Passerte under Hovdunga-varden, som skulle få besøk på returen. Noko meir snø etterkvart, men aldri meir enn om lag 8 - 10 cm i dag. Noko avblæse >>>

Map    

Fagerset -Vetanosi

Date:
20.11.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.7km

Litt sein turstart i dag. Plan var minimum Fagerset. Traff kjende frå turlaget like over Olavskjelda. Dei hadde vore på Fagerset. Dei meldte om kraftig vind, og var ikkje freista av lenger tur. Då eg nådde Fagerset etter 1:38, og sjekka ut, var det kun litt trekk. Heldt difor fram vidare, med mål om Vetanosi. Nådde etter litt att ei tur-kvinne i same ærend. Tilbaud henne å følgje med, og slik kunne ho få oppleve den bratte ruta nedatt, og få rund-tur. Helene takka ja, og ga uttrykk for at ho likte ruta og utsikta. Det gikk i turprat resten av turen. Fint raudt lys på himmelen i det det mørkna. Måtte vere litt varsam i dei bratte partia, då eg ikkje hadde valt dei beste skoa til føret i lyng-partia.

Map