Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Slettmarkkampen

Date:
22.07.2018
Characteristic:
Hike
Distance:
24.6km

Fin tur i varmt sommarvèr til Slettmarkkampen med Marita i dag. Ruta frå Eidsbugarden langs Bygdin er utruleg vakker, med nydeleg blomsterprakt. På tur ein har planlagt langt og høgt, så kan det opplevast som litt kjedeleg transport-etappe. Særleg på returen. Fint var det i alle fall. Vi følgde ruta mot Gjendebu, og tok så av ruta inn Uksedalen, som er merka mot Torfinnsbu. Så var det å passere elva, og sikte seg inn på skaret der elvane kjem ned i retning nordaust. Opp her er det temmeleg brattlendt, særleg frå 1600 m.o.h. Vi valde ei rute til venstre for dei to elvane opp. Det var trakk, og lett å finne ruta. I regnvèr, ville eg vore noko skeptisk eit par plassar. Nedatt valde vi ei rute der vi kryssa elva. Dette av meir nysgjerrigheit. Vi kom fint ned her og. Frå 1700 meter >>>

Map    

Bermålsnosi

Date:
07.07.2018
Characteristic:
Hike
Distance:
19.9km

Tur frå Fodnes, via Aspevikstølen. Vidare til Storeskar, så Vierskardshøgdene, og fjellet utover til Bermålsnosi. Dette fjellet ligg fint i synet når ein tek ferja frå Mannheller til Fodnes. I dag var vi ei lita intim gruppe i Lærdal turlag, som var heldige å ta denne vakre turen. Utsikta når ein går fjellryggen frå Storeskar og utover mot Bermålsnosi er formidabel. Bleia/Lemeggi, fjordlandskapet, med Sognefjorden utover, med Lusterfjorden innover, og alle fjella rundt. Dramatiske Hurrungane, snille Offerdalen, sikt til Årdalstangen og Årdalsvatnet. Nydeleg innover mot Raudbergnuten, Berdalseken, og Suletinden. Veldig flott utsikt mot Høganos, og Store Hånosi i Lærdal. Dette er fin-fin tur på ein godversdag :)

Map    

Storehaugen

Date:
24.03.2018
Characteristic:
Hike
Distance:
6.0km

Årets fyrste tur til Storehaugen i Lærdal. Dette er traséen til motbakkeløpet "Storehaugenopp.com". Snøtrasé vesentleg frå Svinakleivi og opp. Noko is innimellom frå Hardasiglet. Nytta snøkjetting på deler av turen. Mykje snø oppi, og vakker utsikt som alltid. Fyrste gong eg registrerer denne lokale toppen på Peakbook.

Map    

Klanten - lett topptur

Date:
26.03.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
4.0km

Tur til toppunket på Klanten, eller Klantenovi, i saman med Marita i dag. Med den nye peakbook-appen er turen no inne på mi Lærdals-liste over toppar med primærfaktor over 100 m.o.h. Dette er ein av dei lettare toppturar, og som i tillegg er lett tilgjengeleg. Dette turområdet er fantastisk flott. Det er stiar i mange retningar, og mykje er merka. Ein kan gå Vindhellavegen, Sverrestien, Annastien og Klanten. Ein kan starte ved kyrkjene, eller frå der Vindhellavegen tek til, nokre hundre meter aust om kyrkjene. Det er kanskje finast å gå frå det grøne ungdsomshuset Rimskiold, som ligg 200 meter aust om Husum hotell. Dette turområde passar til alt. For kulturinteresserte, til roleg søndagstur med barn, og som tempo og trening. Terrenget frå 100 meter aust om Vinhellaskaret (grind) >>>

Map     2 comments

Storehaugfjellet

Date:
14.06.2002
Characteristic:
Hike
Duration:
2:30h
Distance:
11.6km
Map