Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Storehaugen og utsikten.

Date:
26.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.7km

Motbakke-trening i nærområdet. Denne ruta nytta eg regelmessig for nokre år tilbake, og i ein 10-årsperiode førut. Då som motbakketrening, i tida eg deltok litt i mosjonsløp i motbakker og på sykkel. No blir det meir fjell- og toppturar, og i litt lægre tempo. Gikk ned til flaggstanga ved varden. Den ligg eit par hundre meter vest frå toppen av Storhaugen. Der er nydeleg utsikt ut fjorden. Og ein får fugleperspektiv på Lærdalsøyri, nesten 900 meter rett ned. I dag brukte eg 1:15 i greitt treningstempo. Manglar 15 % på kondisen. Det lyt trenast jamt i motbakke-løyper skal ein halde oppe tempoet. Det var no godt å presse seg litt, etter gamalt. Merkar framleis til fotskaden, som nok har redusert kapasiteten noko i sommar. Flotte haustfargar, og fin temperatur å trene i.

Map    

Litlehesten og den høgaste vetle

Date:
19.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.2km

Målet i dag var dagsturhytta Skaraly på ruta mot Kvamshesten (Storehesten). På vegen fekk vi råd om å gå ut på Litlehesten. Til Storehesten har eg vore tre gonger og Marita 10 gonger. Etter fleire turar denne helga, var ikkje topptur planlagt. Vekas mål var fem dagsturhytter, og målet nådd. Det er ein fin måte å bli kjend i Sogn og Fjordane på, og som rekognosering til turar og kulturelle opplevingar. Men det kribla, og topptur vart det. Landskapet her blir innan geologien definert som "devonisk sandsteiner og konglomerater". Det er skapt ved noko av dei mest dramatiske tektoniske prosessane i vår geologiske historie. At det er spesielt, opplever ein når ein går her blandt runde sva med myrar i mellom. Kuppert, fasinerande både på nært hald og på avstand. På >>>

Map    

Bygdefjellet

Date:
18.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.5km

Tur til Dagsturhytta i Fjaler kommune. Fint å gå oppover mot varden. Fint å sjå over mot Atløyna og Askvoll. Og lenger Aust Blægja og Kvamshesten. Fantastisk utsikt frå toppen og ut mot havet. Så litt vidare å gå ned til hytta Vidsyn. På retur opp mot Varden tok vi litt under den, kom inn på sti, og rusla nedover. Vi prata litt og kosa oss. Etter kvart fekk eg ein følelse av at heia var litt lengre enn på turen opp. Då vi såg nedover i terrenget om lag ved ein benk, forstod vi at her gikk vi IKKJE opp. Litt flaut, då eg rekna meg erfaren i fjell og terreng. Vi kom ned ved Skår på Folkestad. Men vi fekk da variasjon, og eg ein joggetur på 4 km tilbake til parkeringsplassen ved Furset. Korrigerte avstand på sporet, då appen vart starta undervegs.

Map    

Bergsheia

Date:
18.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.7km

Når ein kjem køyrande ned til Hyllestad sentrum, blir ein møtt av fjellveggen Lihesten. Alltid imponerande. Sentrum elles er intimt, pent, og med sentrale funksjonar samla. Flott kyrkje med fine murar på nedsida. Før fjellturen vandra vi i Kvernstein-parken. Nydeleg vakkert, og god kultur-formidling. Vidare gikk turen til Akse, og dagsturhytta Sørefjordhytta. Eg tok ein tur vidare til Hesjetinden og over fjellet til varden på Bergsfjellet. Flott utsikt til Lihesten og havet m.m. Store gode blåbær ut over heia. Sporet stoppa då telefonen tømde ut batteriet. Avstand er korrigert vha. Polar-klokka.

Map    

Høganos

Date:
31.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.9km

Topptur etter jobb. Fin opplevelse å komme seg på taket av Lærdal. Særdeles tungt opp til Berdalen i dag. Tunge bein, som kom seg innover Berdalen. Gikk turen i fjor på 48 minuttar mindre tidsbruk. Nydeleg å gå inn denne dalbotn. Utsikta frå Høganos er fortreffeleg. På ein god sommardag kan ein halde fram til Hesthovden, og gjerne over Hånosi, og nedatt på Oftedalen. Dermed er den planlagt.

Map    

Styggehøe

Date:
28.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
18.7km

Fantastisk turdag til storfjellet Styggehøe. Ikonet ved Spiterstulen. Dette året ausar på med godver langt utpå seinsommeren. Så då er det berre å forsyne seg. Plan var eigentleg Spiterhøe med nogot åttåt. Men Styggehøe berre freista meir i det vi kom opp fredag sein ettermiddag. Fann ein fin stad å losjere med bubilen 1,25 km før Spiterstulen. Starta på asfalt i skugge laurdag. Grei transport inn slake vide Visdalen. Etter vel tre km frå Spiterstulen, på hengebru over Visa ved eit elvegjel. Då var det å finne ein god oppgang til fjellet. Skrådde opp lia, prøvde å unngå vier. Opp før Bukkeholsbekken, som meir er for eit elveløp å rekne. Fann ei grei rute opp til Bukkeholet, og platået under fjelltoppane. Valde å halde til høgre for å komme opp ryggen mot fyrste >>>

Map    

Stetinden

Date:
03.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.9km

Køyrde frå Lærdal kl. 9:50 i Polestaren fullada med vasskraft. Ca. 2:15 i køyretid. Tok oss tid til ein stopp på Sognefjellshytta, og litt stopp for fotografering på veg opp Leirdalen. Litt mat og førebuing, så luffa vi inn anleggsvegen ca. kl. 13. Greitt med start-etappe på grusveg, sjølv om det etter kvart blir litt kjedeleg. Tok av og inn på stien som ledar til brekryssinga over Smørstabbrea etter 2,5 km. Ikkje lenge på stien her, så tek det pålag ein sti opp mot steinørkenen. Greitt å finne ei grei lei opp. Lese terrenget, litt på kryss og tvers, og skjeldan rett på. Store steinblokker, sva og seinur, av ulik størrelse og valør på veg til topps. Når ein går ut på svablokkene like før Søre Stetinden, heilt mot stupet mot Tverrbytnede, (mot Storebjørn) får ein >>>

Map    

Einar på Einar-toppar, litt Nils og Grånos

Date:
30.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:05h
Distance:
23.5km

Fin tur i Lærdalsfjella. Køyrde anleggsvegen inn Råsdalen, og opp Øydalen. Det er store avstandar i fjellet her, så anleggsvegen er til stor hjelp for friluftsfolk. Krev betaling i form av kjøp av fiskekort hjå fjellstyret. Bom i Øydalen. Gikk inn ved Finnabuvatnet, og vidare opp mot Fleskevotni. Det blei litt av og på sti/trakk, sidan eg aldri har gått i dette terrenget før. Skrådde opp mot Grånosi før eg kom til Øvre Fleskevatn. Gikk ganske rett på. Toppa etter 2:05. Litt kjappere enn venta. Åt eit par skiver, og heldt fram mot Borgundseinaren. Ca 45 min. dit. Nydelege vatn her oppe, svært klåre med djup blåfarge. Tok med ein liten topp til med varde på, men den var ikkje namnsett. Har sett namnet Borgundseinaren sør på den, og registrert i Peakbook.org som 70 pmf. >>>

Map     3 comments

Slettmarkhøene

Date:
25.07.2021
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
10:19h
Distance:
20.2km

Etter førre tur, så ei natt i telt ved Hellertjønne, og ein halv dag i sola der oppe, returnerte vi til Gjendebu. Der venta nydeleg middag og ei natts søvn. I dag tur inn Veslådalen. Etter ca. 3,5 km kryssa vi elva over brua på stien til Fondsbu. Forlot stien, og gikk rett opp på trakk til høgre for elva som kjem ned frå Slettmarkbrea. Opp denne kneika og innover. Nydeleg fint ved flatene under elva vi kryssa under breen. Så bar det på skrå opp den gras-kledde sida. Utsikta tilbake mot Veslådalen medan vi gikk oppover her var fantastisk. Grønt, åpent, og med flotte fjell å sjå. Etter kvart over i stein og sva-landskap. Greitt å finne rute opp. Vi valde å gå til venstre for snøfeltet. Noko kronglete og laus ur var det. Opp like under N1. Vi gikk så nord til N2, og her fekk >>>

Map    

Midtre og store Rauddalseggje

Date:
23.07.2021
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
12:30h
Distance:
28.5km

Fantastisk opplevelse. Gikk frå Gjendebu kl 9:30 med for oss tunge sekkar. Opp vakre Storådalen, og sette opp teltet ved Hellertjønne. Gps-sporet viste 14,4 km og 9:30 timar brutto t/r til Midtre og Store Rauddaldeggje frå teltet ved Hellertjørnet. Vi tok oss tid til å ta bilder og til nokre småpausar. Tidsbruk og høgdemeter er i oversikta oppdatert med ruta frå Gjendebu der vi starta. Straks vidare mot Midtre Raudalseggje. Fint innover etter å ha vassa elva, og blitt skikkeleg skoblaut. Men kva gjer det i varmt sommarver. Seingått ved Skardalsvatnet, med morener og litt laust frå fjellfoten. Vi holdt ruta tett inntil brea, då det var eit råd eg meg hadde lese. Etterpå såg vi at innteikna "Helgesen-rute" gikk litt meir på skrå mot Store, for så å dreie tilbake. >>>

Map