Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (360)
- Alpine trip (19)
- Hike (56)
- Hillwalk (219)
- Jogging (40)
Favourite peaks
Systerskardfjellet og Hamarskardtoppen
- Date:
- 12.11.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.0km
Dagens tur nr. to. Parkerte på stor parkeringsplass merka Røgjin. Fyrst eit kort stykkje på grusveg, før eg tok venstre der merka sti gikk vidare til Buaklanten. Prøvde å finne ei rute med jamn fin stigning, og mykje av ruta var på umerka sti. Greitt å gå her. Nådde toppen etter litt over ein time. Fin utsikt. Topp-nåla stod litt for langt nord (på trignometrisk punkt). Gikk vidare til øst-toppen, og så bratt ned i skard, før ruta opp til dagens siste topp, Hamarskardtoppen. Herifrå var toppane Totten og Storehorn svært makrerte og flotte. Fin utsikt i alle retningar, og kveldslyset gjorde seg gjeldande. Fiint. Då var det berre å finne ei rett rute nedatt til bilen. Litt lyng-baksing, men ikkje av verste sort.
Hestebottfjellet og Nosi
- Date:
- 12.11.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 9.0km
Det var meldt halvskya fint ver i aust. Mildværet som har vore, har smelta snøen heilt opp mot 1500 moh. Då vart det råd med enno ein fjelltur, til fots i Hemsedal. Hadde nok førebudd meg på at neste tur vart på ski. Men det for komme seinare. Litt etter at eg byrja å gå, såg eg at det var mogeleg å køyre bil over til andre sida av vatnet. Hadde spart vel 20 min., hadde eg køyrt over. No er da turgåinga ein del av konseptet her :) Fint å gå til dette fjellet. Litt blaut innimellom, etter regn denne veka. Flott utsikt mot det oppdemma vatnet Flævatn. Fint mot Storebottskarvet, og Reineskarvet. Desse to hadde framleis godt med snø på seg. På returen gikk eg oppom Nosi, ein liten haug med grøn nål. Svært flott demning, som såg relativt ny-rehabilitert ut.
Klantenovi 11
- Date:
- 05.11.2022
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 4.0km
November-turen til Klantenovi, i årets månads-prosjekt. Av det lette slaget, må leggast til. Men… topp er topp. No er det verkeleg haust, med mørkebrune løv på stien som hovud-ingrediens.
Fuglehaugnøse
- Date:
- 29.10.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 7.4km
Tur nr. tre i dag. Dette vart den lengste i dag, den brattaste, og mest vindfulle. Starta ved parkeringa, der ein trasee av Kongevegen byrja. Traktorveg opp til stølen Fuglehaugen. Var litt i tvil om eg skulle følgje stipla sti, eller gå rett på. Såg litt på kvotane, og bestemte meg for å gå ganske rett opp, men unngå berga. Det var bratt og strevsamt å gå slik utan sti, men også ganske greitt. Det var ikkje så alt for mange høgtemeter. Siste halve km når det flata ut, var det særdeles kraftig vind. Egentleg berre moro, når ein er godt kledd. Sjangla bort mot topp-punktet. Fekk sikra vottane under ein stor stein, og tok bilder og ein video. Svært fin utsikt herifrå. Så sikta eg meg rett på Galdenøse, grøn topp, før eg returnerte i område der det skulle vere sti. Det >>>
Hallenuten
- Date:
- 29.10.2022
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 1.8km
Topp nr. to i dag, var av det lette slaget. Bompeng kr 50 på kort tilførselveg rundt toppen. Merka sti, og lett opp. Svært god utsikt ned til gardane nedanfor i retning mot Tuv.
Røgjin
- Date:
- 29.10.2022
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 3.9km
I dag blei det topp-turar i Hemsedal. Tre toppar frå tre turar denne gongen. Køyrde Holdeskardvegen frå skianlegget i Hemsedal. Turen til Røgjin var på tydeleg sti merka etter DNT-standard. Fint å gå i jamn stigning. Noko vind i dag, og på toppen måtte eg setje sjøbein, for å ikkje blåse "i venda". Det var meldt opp til 24 i kasta, så eg var førebudd. Men det meste av ruta var i ly for vinden, sett bort frå siste par hundre meter mot toppen. Fin utsikt til Hemsedal sentrum og skianlegga. Flott skue mot snøkledde Reinskarvet. Fekk oversikt over andre 100 pmf. toppar rundt om. Det blir nok fleire turar til området her.
Amlaholten
- Date:
- 23.10.2022
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 4.9km
Lett tur i nabobygda med Marita. Lett regn i dag, men fint å gå tur i skogen. På skogsveg i moderat stigning opp i terrenget. Over på sti, og bratt siste del opp til toppen. Ser Bleia og ut fjorden, men tett skogskledd også på toppen. Fin sti vidare nedatt. Ruta er ein finfin rundtur.
Mastrehaugfjellet og Brennfjellet.
- Date:
- 22.10.2022
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 8.3km
Lågfjellstur i nabokommunen i dag. Personleg definisjon frå ein indresogning :) Har fleire gonger tenkt på denne turen til fjord-utsikt med utgangspunkt frå Seimsåsen. Her var det fleire merka fottur-ruter frå åsen. Gikk i retning Biskaholten. Følgde sti litt forbi, og sikta meg inn på fjellet med raud nål og 100 pmf. Greitt terreng hit. Så var det framleis utanom sti til eg kom innatt på merka sti mot grillhytta og utsikta ved Brennfjellet. Nydeleg utsikt herifrå, særleg mot Vikadalen og ut fjorden. Gikk ikkje heilt ut til Paradisjuvet i dag. På returen var eg oppom grøn nål, Brennfjellet, og så sti på returen. Ein liten snarveg på slutten. Fin tur i lett terreng.
Skinarfjellet og Solvornnipa frå Barsnes
- Date:
- 15.10.2022
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 17.3km
Held fram med nokre toppar i Sogndal. Køyrde til Barsnes, med von om å kunne parkere ved sti-start. Møtte forbud-skilt ved Barsnes. Køyrde tilbake ca. 400 m, og parkere ved sjøen like før Barnses-bakken. Turen vart slik i alt 4,2 km lenger enn planlagt. Med lite mat vart det tøft siste motbakken. Rusla innover og følgde sti som er merka S1. Denne etappa går frå Sogndal til Solvorn. Det var svært blautt til å byrje med. Gikk vesentleg i ei grov. Etter kvart betre. Fint ved stølen Dal 400 moh. Då eg nærma meg, og såg bort til Helgasete (600 moh.), bestemte eg meg for å gå utanom, stien og gå direkte til toppen av Skinarfjellet. Det var sjølvsagt anstrengande i bratta oppover, men noko eg ikkje angra på. Ei avveksling, og ei fin rute samla sett. Siste 50 høgdemetarane i nysnø. >>>
Klantenovi 10
- Date:
- 09.10.2022
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 5.4km
Oktober-turen til Klantenovi. Denne gong ei litt lengre rute. Marita var med, og vi kosa oss på tur i natur med vakre haustfargar. Ruta frå posten ved Sverrestien, vidare forbi garden Tråve, og til kyrkjene, er veldig fin no. Kyrkjevegen oppatt mot Vindhellavegen. Tur og ruter i området her, i relativt lett terreng, kan varierast etter, form, lyst og humør.
