Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (336)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (208)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Vetanosi
- Date:
- 09.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 11.7km
Tur etter jobben med kollega Adrian. God temperatur, sol og nokre skyer. Sommarkjensla på plass. Noko svalende opp i furuskogen frå Fodnes. St. Olavskjelda, Stegen, litt til og det blir svært bratt, Vetanosi rett opp. Og for ei utsikt ned mot Fodnes m.m. Tok med varden denne gongen for meir fin utsikt. Så til høgaste punktet, over mot Storeskar, og ned til stølen Fagerset. Litt bortetter på sti nedatt, og fjordutsikta sler på nytt i mot ein i fulle drag. Nydeleg oppleving og god trim.
Fullsennknatten
- Date:
- 03.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 4.4km
Tur fire i dag, og klokka har passert 21. Bonus på den måten at ruta var kort, sola stod lågt, og gav fint lys. Stien var bra, og utsikta av beste slag. Turgjengaren byrja å bli svolten og trøytt. Nydeleg utsikt til toppar i Jotunheimen, og vakre vatnet Fullsenn. Retur til bilen, og køyring mot Gjøvik tok til kl 22:08. Tok sikte på at grusvegen mot søraust tok meg i rett retning. Opplevelse også dette, å køyre Etnedalen mot Dokka. I morgon besøk av dotter på Ø. Toten, og fredag til Heggedal for å møte mitt tredje barnebarn, snart tre månader, for fyrste gong. Plukka også med ynskte son som besøkt søster, for vidare ferd, og heimatt til Sogn.
Myrebærhammaren
- Date:
- 03.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 11.2km
Tur tre i dag baud på ei overrasking som ikkje var kalkulert inn. Stengt med bom og hengelås ved vegen vidare frå stølen. Open for alminneleg ferdsel frå 25. september, stod det. Greitt at dyra får fred også. Storfe beita inni her. Då bar det 3 km innover på grusveg med slak stigning. Eg fall ikkje for freistinga å gå inn i myrområder for ei kortare rute. Fann spor etter traktorveg/sti der eg tok av inn i terrenget. Då var det å følgje ryggen til skogen slepte taket. Sti vidare til topps. Noko vind her, men flott utsikt. Retur same veg, sjølv og det freista å sikte seg mot grøn nål. Eg går greit ein km ekstra enn å virre i vier og myr. Fin tur, men merka det i kroppen no.
Synhaugen
- Date:
- 03.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 3.7km
Tur to baud på ei eventyrlig utsikt undervegs, og frå toppen. Eg fall ikkje for freistinga med å køyre heilt opp til stølen. Frå ruta mi, fekk eg glimt av nydeleg utsikt til stølsvidda og Skaget, frå stien/gamlevegen i skogen. Då også sikt til stølen Synshaug, med fredeleg avslappa sauer, som alt hadde roa seg. Gode beiter. Frå stølen var det ein mykje nytta sti til toppen med varden.
Luskaråsen
- Date:
- 03.07.2025
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 7.0km
Tur ein av fire i dag. Til denne toppen kan ein køyre bil til hyttefelt, 40 meter i frå. Då blir det ikkje tur. Eg fann ein gamal stølsveg, eller stølsrei, som det stod på skiltet. Det har nok i tider også vore traktorveg. Litt attgrodd fyrste 200 meter, men sidan, tur på flott sti i fin skog, til ein nådde att grusvegen. Mange store maurtuer undervegs. Fin utsikt til Jotunheimens høge tindar, frå toppen.
Rundemellen
- Date:
- 28.06.2025
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 6.1km
Høvde godt å reise austover i dag, sidan det trua med kraftige regnbyger i Sogn. Fyrste av fire turar i Øystre Slidre i dag. Såg for ei tid sidan at eg tilfeldigvis hadde nokre raude nåler i denne kommunen og. Då går det litt sport i det, og det er kjekt å gå i nytt terreng. Andre tur hit denne månaden. Rundemellen er eit ikonisk fjell, på den måten at det er så tydeleg å sjå frå mange stader. Rund stikk den opp som ei såte i det meir lågt liggjande terrengen sør-aust for Jotunheimenn. Ein er tett på Langsua Nasjonalpark. Fin rundtur der eg også tok med Kalvemellen. Ei og anna grøn nål lyt aksepterast.
Årdal extra
- Date:
- 21.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 22.8km
Det som blei tillegg i dag, var 7,8 km t/r på grusveg sidan eg måtte gå frå vinterparkeringa i Seimsdalen. Litt kjedeleg det, men meir mosjon. Nistepakka var ikkje heilt tilpassa. Sett bort frå transport-etappa, vart det ein fin tur. Frå Skor, ovanfor øvste bygningen, går det sti sørover til Skaret. Vidare var det å følgje høgdene bortetter, til eg dreia litt vest, og godt ned i eit dalføre. Årsak var snøfonn i den bratte sida, eller ei grov ur, som eg heller ikkje hadde lyst på. Hadde eg sjekka 75 meter lenger aust, så finn ein "normal-ruta" som føl høgdene heilt ut. Forholda der i dag, veit eg ikkje. Eg slapp meg ned nokre små ryggar, og så bratt opp til Gjerdesnosi. På returen ville eg ha med toppen av Skorsfjellet og, når eg fyrst var på desse kantar. Slik >>>
Bergensfjell
- Date:
- 15.06.2025
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 12.4km
Fin tur i fjellet over Fløyen. Ny runde for meg nedatt frå Rundemannen. Bratt sti ein kort stykke mot Svartediket. Fint med kupperte og terreng og flotte grusvegar. Mange sti-ruter oppå fjellet og i skogen ved fløyen. Nokon breide og flott grusa opp, som også blir nytta som skitrasè når det er snø. Droppa Sandvikfjellet, då det var lite tid til overs. Tur og retur Lærdal - Bergen i eit ærend i dag. Var oppom Fløyfjellet for fyrste gong. GPS-track følgde med til Osterøy-brua, men lengd og høgd er korrigert etter Polar-klokka.
Heggeberget
- Date:
- 09.06.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 5.8km
Parkerte ved ei avkøyrsle, der eg såg at det var teikna inn ein traktorveg. Den leda mot ein sti, som Arne Magnus (Peak Floyd) nyttar jamnleg. Ringde han, men han nytta ikkje denne ruta. Fekk tips om ruta vidar oppover. Traktorvegen var etter hogstmaskin nokre år tilbake. Kom greitt oppover, berre litt kratt før breidare god hogstveg opp til sti. Følgde stien, og fann blå tynne tau på busker oppover. Då det tetna til med skog, valde eg å sikte på den grøne nåla fyrst. Såg litt fjellrygg ut på kartet, men den var kledd med relativt tett skog. Kom greitt til denne toppen, over og til nest topp. Bere å følgje glenner i skogen. Retur la eg langs ei myr med eit lite tjern, og her var det også sti. Runda så sør om "grøn-toppen", og kom tilbake til ruta som eg nytta >>>