Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (336)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (208)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Lærdal, Bårdshøgdi og Såta
- Date:
- 27.06.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 19.8km
Tur i heimeområdet. Dette er ikkje lettaste ruta til Bårdshøgdi, men ei rute eg hadde lyst å gå. Frå Tønjum mot Badnestein gikk det greitt med lågt tempo. Vidare mot Krosshedleren og opp åsen mot Triangelpunktet, 1000 moh., og Skigrov, 1250. Pause og mat der. På etappa mellom 0:45 og 1:15 sleit eg. Utruleg varmt i dag, med 29 grader nedi dalen viste det seg. Veldig fint å gå frå Skigrov opp til Bårdshøgdi. No med god vind. Fantastisk utsikt undervegs på denne turen. Lett, og greit steinparti bort til Store Grånosi. No kosa eg meg. Vinden auka på, og rundt toppane blæs det no kraftig. Temperaturen var så høg at det ikkje var eit problem. Lettgått også til Vetle Grånosi. Men eit noko bratt kort nedtak til venstre for ei snøbre. Ned frå Vetle Grånosi var det innimellom >>>
Ranastongi-runde i Hemsedal
- Date:
- 24.06.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 27.8km
Denne runden minus fyrste låg i god prioritet oppi hovudet. Sidan eg observerte Boven på tur i Ål -fjella, sende eg ein SMS førespurnad laurdag. Tilfeldigvis hadde han planlagt denne runden måndag. Berre at han hadde plussa på med ei ekstra raud nål. Litt raskare retrett frå Porsgrunn søndag, der vi var på feriebesøk. No med kurs Vavatn. Marita var sporty og tok bussen vidare frå Tuv og heim til Lærdal. Avreise litt før 9:30 dagen etter frå Vebuleino. Der byrjar stien mot Ranastonge. Klårver og varmt. På sti i lett terreng oppover, før vi litt etter elvekryssinga, gikk inn dalen i retning Steinbunøse (også omtala Hydalsberget). Toppa etter 1,35 og 5,7 km. Så retning Ranastonge, og status 10 km ved ankomst varden. Nydeleg utsikt til «alt». Såg til Gaustatoppen og til >>>
Gyranfisen
- Date:
- 20.06.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 15.8km
Ja berre namnet er jo verdt ein tur. Neida. Val av tur har med at det alltid er interessant med ein 500 pm + topp. Så har vi ferie, og med mål forbi området. God grusveg opp på fjellet der vi parkerte bubilen kvelden før. Eller heller skogen enn fjellet. Tett gran og bjørkeskog, og sjølv om det er mange hytter, så ser vi berre eit få. Eg hadde følt meg litt innestengt. Så eg var spent på turen. Fin sti opp eit dalføre. Ja mykje skog her, men den slapp taket ved ca. 950 moh. Så då blei det fjellandskap opp til fyrste topp. No kosa eg meg. Så litt utanomsti for å plukke ei grøn nål. Vidare litt ned i myr og skogsområde, som transport-etappe mot fjellfoten av Gyranfisen. Stor stein der, og med tavle som beskreiv ski-ruter. Fint og gå til toppen. Tok 10 minuttar pause her. >>>
Skaget
- Date:
- 19.06.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.1km
Vakna i bubil på fjellet nær Robulstølen, og klar for ny turdag. Veret var regnbyger, så det hasta ikkje å komme av garde. Las i Fjell og vidde, og sjekka yr og storm utover føremiddag. Bygever fram til ca. kl. 13. Køyrde etter kvart dei 7,5 km som stod att før vi var framme ved ny opparbeida parkeringplass. Tydeleg bygd som tilrettelegging for turfolk. Her var også bygd flott toalett-bygg i naturstein. Steintavler som forklara om Langsua nasjonalpark var også på plass. Møtte ingen på toppturen til Skaget. Eit par på sykkel inn og ut av området, ellers aleine med denne store naturen. Svært fin tur i nydeleg terreng å skue på. Ikkje minst utover desse endelause lyng- og myrområda. Kan ikkje beskrivast, må opplevast. Fin sti oppover. Litt brattare med stein og blokk-parti, >>>
Kjølafjellet og Gravfjellet med fleire
- Date:
- 18.06.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 11.4km
Målet var Kjølafjellet, noko som var grei skuring. Undervegs kom eg i vurderinger om ein rundtur. Og slik blei det. Fyrst på grusveg eit stykke, før tydeleg og mykje brukt sti til toppen Kjølafjellet. Held fram vidare mot neste topp med stor varde. Flott utsikt på turen over fjellryggane her. Frå Skaget, Rasletindar, Kalvehøgder og Torfinnstindar, og mange fleire. Store kontraster, når ein så vender blikket austover til snillare terreng. Nydeleg stølsvidder innimellom, og rundtomkring. Vakkert. Valde å halde fram på sti over ryggen, og returnerte på sti i motsatt retning etter kvart. Viste seg at det var god sti til siste raude topp, Gravfjellet også. Tok så ryggen nedatt. Litt lenger en retur frå skaret kanskje, men fin rundtur blei det. Marita serverte god kaffi og øl i >>>
Javnberget
- Date:
- 18.06.2024
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 5.1km
Feriestart. Skal vere i Porsgrunn til fredag. Då kan ein plukke nokre Valdres-toppar på veg, var tanken. Slik blir det. Byrja med Javnberget. Grei sti, men blautt i dag etter noko bygever. Svært flott utsikt frå toppen. Mot Jotunheimens mektige toppar, og Skaget m.m. Gikk opp til Storebergtinden på retur. Køyre vidare til Robølstølen.
Amleholten
- Date:
- 12.06.2024
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 5.0km
Kjapp trimtur på veg heim frå tjenestereise. Veldig fin denne runden i skogen mellom Amla og Festingdalen. Tok ei litt anna rute enn til vanleg, på det siste stykket opp ryggen mot toppen.
Areberg og Gravehovdane
- Date:
- 08.06.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 14.9km
Kombinerte Lærdal turlag sin stølstrim, med ein topptur i dag. Meldt regn på ettermiddag, og mogeleg snø på toppane, så eg planla og komme på god veg med retur, før det tunge regnværet skulle komme. Det heldt, og med ei god regnbyge siste kvarteret. Det er god skogsveg til å byrja med. Grunneigar har lagt om på stien slik at den ikkje går om Engi, noko som er eit godt tiltak. Då får dyra der meir ro og fred. Ein time og 5 min opp til den flotte "oransjefarga" steinhytta på Areberg. Og utsikta ned i Nesdalen herifrå er fantastisk. Sjekka ut Stølstur-posten på Ut-appen. Vidare var det sti til ca. 1100 moh., m.a. paserte eg stølsmurar ved ca. 1050. Så var det å finne ei god rute opp mot toppen. Fekk litt sol også innimellom. På returen kom det ein liten snøkave. >>>