Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (337)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (209)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Mehuken
- Date:
- 11.05.2024
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 3.6km
Kjapp morgentur blandt dystopiske vindturbinar. Lyden var ikkje det verste, svisj. Men skuggekastet, når sola kika fram var ubehagelig. Då kom ting meir på plass då eg kom ut på kanten av fjellet. Utsikta ned til Kråkenes-bygda var til å miste pusten av. Utrulig vakkert ! Og sikta mot storhavet. Landkrabba meg likar det. Småjogg nedatt til bubilen, og klar for neste tur.
Kvamfjellet
- Date:
- 10.05.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 5.7km
Etter kveldstur i går, føremiddagstur i dag. Ferga kl 8:35 frå Barmen, og ei god mil å køyre til turstart. Her var merka og skilta rute til toppen, og logga på UT-appen. Var de bratt opp her ? Tung kropp i dag, så berre å sette ned farten litt. Etter kvart fin rygg med sti og nokre sva å gå på. Brattast mellom 250 og 450 hm. Så eit etterlengta lett parti til over 500 hm, før siste kneika. Undervegs både snøfelt, og svart botn med loddrett stup å sjå på. Då det flata ut, raskt over eit snøfelt og opp til stor varde. Her var skilta vidare for rundtur. Frå toppen var det ei fantastisk utsikt 360. Gjegnen, Ålfoten, legdefjella i Bremanger, Hornelen, til Måløy by, Stadlandet, nord til Fiskå, snødekte Sunnmørefjell innover m.m. Jøss-faktor. Brukte litt tid å kike. Returen >>>
Skjolden på Barmen
- Date:
- 09.05.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 2.9km
Helgetur m.a. til område ved kysten. Ferga ut til Barmen hadde laurdags-rute. Så då var siste gått, då vi kom på kaien kl. 18. Parkerte der med tanke på ferge i morgon tidleg. Men plutseleg 20:50 kom det ekstraferge som gikk i retur kl. 21. Så då tok vi den. Køyrde på smal veg opp til det flata ut, og fann stad å parkere ved stistart. Stod skilt "Skjolden" der, så blink. Overnattar her i bubilen. Så då blei det kveldstur på meg, i nydeleg solnedgang mot Stad-halvøya. Stien var godt merka med pinnar med raude merke. Nokre bratte opp-klyv fleire stader, men ikkje vanskeleg. Eit sva-parti kunne vorte litt smågufs på retur vist blaut. Men det var turt, og eg heldt meg godt i overkant. Aldeles fantastisk utsikt frå toppen. Nydeleg også å gå nedatt, og sjå utover >>>
Høgeloft
- Date:
- 05.05.2024
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 3:57h
- Distance:
- 19.2km
Sein avgang i dag. Familiekos nokre dagar då son, svigerdotter og tvillingane på 1 1/2 år har vore på besøk sidan 1. mai. Veldig kjekt. Dei køyrde austover kl. 10, og eg blei klar for tur, etter litt somling. Avgang frå Eldrevatnet kl. 12:20. Eg var spent på føre, sidan det var 21 grader i låglandet og 14 ved Eldrevatn. Føret var ikkje topp, men kun få gjennomslag på turen. Ein nydeleg dag vart det i sola og varmen. Etter fyrste oppstigninga frå fjellfoten, la eg ruta i ein lang boge. Då slepp ein skrågang. Gammal vane kanksje, då ein med Rando kan gå rett på. Måtte ned nokre få høgdemeter eit par plassar med den ruta eg valde. Etter vel 2 1/2 time stod eg på toppen. Det var litt vind her, men meir fønvind enn kaldt. Tok på jakka for retur i alle fall. Åt skjever >>>