Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Slettind

Date:
17.03.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.8km

Frå fylkesgrensa på Randonee-ski. Spor rett opp. Besteig toppen frå baksida, noko eg ikkje har gjort før. Veldig greitt då det gav ei jamnare stigning. Fin køyring nedatt.

Map    

Vetanosi - ikkje

Date:
16.03.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.7km

Denne turen gikk ikkje som planlagt. Positiv med rando-skia på sekken opp frå Fodnes. Det gikk for så vidt greitt. Tyngre med ski og sko på sekk, det merkast. Like før Stegen kom eg på, at eg hadde gløymt att stavane i garasjen. Då vart opprinneleg plan skrinlagt. Plan var å gå på føtene nesten til Fagerset, og på ski til Vetanosi. Ski utan stavar fungerar ikkje. Då vart det plan B, på føtene Vetanosi rett opp. Det gikk heller ikkje. Møtte ein hyggjeleg kar, ved Stegen. Han fyrte bål og kosa seg saman med to elghundar. Heldt fram utan sekk. Litt etter stikrysset mot Vetanosi vart det vanskelegare. Sopass med snø-djupn at det gikk svært seint oppover. Trødde til over knes innimellom. Det er nok vinden som har flytta litt på snøen. Over tregrensa vart det litt betre, men >>>

Map    

Skjeltrane

Date:
25.02.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
10.4km

Plan var tur med Lærdal turlag til Sletningbu i dag. Etter langtur i bil og familie-besøk i går, freista ikkje tidleg start. Det vart ein kjapp ettermiddagstur til Skjeltrane i staden for. Same startpunkt som turlaget. Skuter-løype gjorde det lett å gå frå start, og opp i bjørke-skogen. Fin laus snø, og urøyrde vidder dekka av snø når eg kom opp på snau-fjellet. Dreia litt nordvest, fann eit punkt og kryssa elva. Den var for det meste åpen, og hadde god vass-føring. Kika på ruta aust, som eg gikk i fjor. Uråd no, med fleire store skavlar, som trua oppi. Lett å gå opp ryggen frå nord. Avblæse siste partiet, nokre hundre meter mot toppen. Fin utsikt. Feller av, og fin sigling nedatt. Litt staking ved vatnet og nedover i flatere parti. Laus og fin snø siste halve partiet ned >>>

Map    

Hamlagrø - Mykkeltveitveten

Date:
17.02.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
20.1km

Meldte meg på ein fjellski-tur med Voss Utferdslag. Etter ein lang periode med drittvèr og lite skiturar i fjellet, dukka denne opp på nye DNT-sida. Ja-ja, kvifor ikkje treffe nye folk, og gå skitur i nytt terreng ? Det vart ein veldig fin opplevelse. Møtte to tur-vertar ved Park hotell på Voss. Vaksne damer. Det viste seg at Kjersti og Bente hadde god kontroll på gruppa, mykje kunnskap, stålkondis og gode skiferdigheiter. Starta ved Nordre Hamlagrø litt over kl. 10. Fin maskinkøyrt trasè fyrste km innover, så meir lettkuppert, før eit bratt opptak. Det hadde regna i går, og frose på att i natt. Så skiføre var skare, med litt gjennomslag. Vidare litt nedover, så litt opp, og nokre lange flater med svakt nedover, før det bar bratt ned mot Lonaselet. Her vart det ein god >>>

Map    

Klantenovi 5

Date:
11.02.2024
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
4.2km
Map    

Klantenovi 4

Date:
04.02.2024
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
4.2km

Tungt i dag. 40 cm nysnø. Blæs opp på toppen, slik at retur var meir freistande enn rundtur via Vindhellavegen.

Map    

Mollandsmarki

Date:
28.01.2024
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
3.8km

Trugetur frå Mollandsmarki (Resaland). Valde Bondehaug fyrst, sidan det var lengst, og med mest stigning. Landskapet var meir kuppert enn forventa. Fyrst over jordet, og her hadde det vore ein del leik med snøskuter. Etter eit par steg, forstod eg at det vart ein strevsam tur. Snøen var veldig blaut, laus og djup. Det hjalp å følgje snøskuter-spora dei fyrste få hundre meterane. Så bratt opp, og inn i skogen. Prøvde å følgje glenner med jamn stigning. Opp og fram kom vi. Det tok i overkant av ein time før vi var på toppen. På toppen var det noko utsikt, og sola kika fram. Koseleg. Nedatt gikk det sjølvsagt mykje lettare, med gode trugespor. Halvtimen nedatt til vegen. Vi bestemde oss for å ta med Storehaug og, når vi fyrst var her. Litt seint på dagen, men det skulle da halde. >>>

Map    

Klantenovi 3

Date:
21.01.2024
Distance:
4.1km
Map    

Klantenovi 2

Date:
14.01.2024
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
3.9km

Map    

Klantenovi 1

Date:
06.01.2024
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
4.0km

Map