Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Berdalen og Høganos

Date:
31.08.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.2km

Litt avspassering etter møtedag på jobben, gav plass til litt fysisk fostring. Høganos har eg besøkt nokre gonger. Det er ein fin men strevsam tur, når ein skal opp over 1500 høgdemeter. Men delt i tre etappar, er det noko meir overkomeleg. Fyrst Lusahus. Tok att tre jegrar ca. 15 min etter start. Per Hjermann og følgje skulle opp på Lusahus og jakte frå i morgon. Nådde Lusahus på 51 min. Vidare opp, og ved Fureskogen er det kome opp skilt «Naturreservat». Berdalen har no høg vernestatus. Men skiltet «Truger påbudt» er ikkje teke ned. Nådde stølen Berdalen etter 1:41. No er det fint inn Berdalen. Eg held meg på stien så langt det går. Då får eg 120 brutale høgdemeter. Eit alternativ er halde litt meir til høgre, og slik jamne ut stigninga. Det er litt lenger. Fint >>>

Map     2 comments

Middagshaugane

Date:
24.08.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.8km

Avspasserte halvanna time i dag, for å få ein fjelltur før regnveret tek over helga. Området rundt Kvitingsmorki er svært flott. Klassifisert som "Naturreservat". God sti, og bratt dei fyrste 400 høgdemeterane. Så er det fint stigande på det som opplevast som ganske langt, før ein er oppe på stølen Kvitingsmorki. Målte til vel 4 km. Sjekka litt ut ein sti med tanke på anna rute på retur, men slo det i frå meg. Hadde vorte mykje lyng trur eg. Sti også vidare innover fjellet. Då eg tenkte på å dreia mot toppen, stod det faktisk ein varde klar for meg. Heldt meg litt til høgre for ryggen opp, og det samme ned. Som vart motsett. Også litt for variasjon sin del. Flott å gå men meir uryddig opp. Fint når ein kom opp på "flatene". Nydeleg utsikt til flotte >>>

Map    

Håvardsete

Date:
21.08.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.7km

Tur utan topp i dag. Eit snev av tanke om grøn topp, ei grånos over Håvardsete. Men sein start, og manglande lykt i sekken, avgjorde. Kun til stølen og retur i dag. Håvardsete er ein av 10 postar på Lærdal turlag sin stølstrim 23/24. Fin sti opp til denne stølen. Mindre bratt enn Lærdal-standard.

Map    

Skriki

Date:
19.08.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.6km

Tur frå Øvstedalen, opp frå Fardal i Sogndal. Fyrste gong eg køyrde opp og inn denne dalen. Her var det eit større område, og fleire gardar og bygningar enn eg hadde tenkt. Fin brei veg innover jordbruks-dalen. Fjellet Skriki er veldig markert med styrtningar mot nord, på venstre side når ein køyrer inn dalen. Fint opparbeida parkeringplass hundre meter ovanfor stistart (ein må gå noko nedatt). Gjennom grind og over bru, opp til støl. Drei høgre etter bygning, og rett opp. Fin sti, og lettare stigning enn venta opp til om lag 700 moh. No blir det brattare til det flatar ut ovanfor Skriksvatnet. Her var merka to ruter til Skriki. Eg dreia 90 grader venstre, og bratt rett opp ca. 20 høgdemeter. No følgde stien ein fin rygg oppover til ein etter kvart skrådde over i ein flanke. >>>

Map    

Fivlenosi

Date:
11.08.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.5km

Siste ferieveka regna bort. Men i dag endeleg, opna det att for topptur. Var spent på kor blautt det var, og svaret for denne ruta var ja. Så kvifor gå opp frå Kilen og ikkje parkeringa under Vigdalsstøl ? Av den årsak at min oldefar heitte Kilen, arbeida i steinbrot, og kom frå denne garden med bratte fjellsider, heilt inst i smale Dalsdalen. Han var født i 1884 og budde i Tubbene då eg helste på han som 7-åring. Elles veit eg alt for lite om historia. Der vegen endar, står ei stor flott tavle om ulike ruter, og noko kulturhistorie. Stien er ein del av rutenettet til DNT og går m.a. til hytta Fast. Eg skulle via Fivla, Luster tutlag si DNT-hytte, og til toppen over den hytta. Fin sti opp mot Kilali. Enkelte parti steinsett som trepper. Mykje vegetasjon langs stien. Frå Kilali >>>

Map    

Blåtind

Date:
05.08.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.7km

Fin tur over fjellet frå Eiksund til Haddal. Overnatta i bubil på rasteplass like forbi Eiksundbrua. Eg var klar for tur dagen etter. Fant ut om kvelden, at det var sti til Blåtind herifrå. Frå eit vassverk øvst i byggefelt. Blåtind er høgste fjelltoppen på øya Hareid, og difor god primerfaktor. Stien var blaut, og eit felt med 2 meter høgt ormegras gjorde meg gjennomvåt på bukse og sko etter 10 minuttar. Noko betre i barskogen etter kvart. Men blaut var det til over tregrensa. Betre å gå no. Måtte oppom fyrste toppen også. Så opp på fortoppen til Blåtind, og få minuttar vidare til høgste toppen, Blåtind. Varden her var av største slaget. Flott utsikt til alle kantar. Kjende på lysta til å gå over fjellet, og ned att til Haddal. Både grunna blaut sti, og ynskje >>>

Map    

Klantenovi 0823

Date:
04.08.2023
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
4.0km

Fin tur Sverrestien-Klantenovi-Vindhellavegen med Sander.

Map    

Haglebunatten

Date:
01.08.2023
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
6.2km

Køyrde frå Blefjell om føremiddag. Små etappar i bubilen i dag. Stoppa i Lampeland. Langs innsjøen Soneren i Sigdal tok vi "kle-turkepause" til alt var turt. Fin rasteplass, nydeleg vatn, med fjelltoppen "Andresnatten" innover. Etter eit par timar vidare opp Eggedalen, som vart fyrste gong for meg. Likeeins Haglebu-området. Parkerte ved Haglebu feriesenteret. Her var eit større område for vogn- og spikartelt. Lita "Brustadbu" å handle på her. Gikk aleine til toppen, i greitt tempo. Merka heile vegen. Fyrst forbi ei sæter, så inn i barskog. Bratt opp i sida på fjellet, til det flata ut ved eit vatn. Så opp ein lang fjellrygg, men ein par brattare kneikar. Fortopp fyrst, og så nokre hundre meter bort til varden. Toppa etter 45 min. Svært flott utsikt >>>

Map