Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (336)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (208)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Vetanosi
- Date:
- 09.07.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 11.8km
Lang søndag med fint vér, og det freista meir med tur enn å ligge flat heime å restiturere etter i går. Kortreist tur. Fekk Marita til å køyre meg til Fodens ferjekai. Dette er ei rute som eg kjenner godt. Fint på merka sti opp frå Fodnes, via Olavskjelda, og den nydelege utsikta frå Stegen, 560 moh. Så ber det vidare i furuskog opp til krysset, 710 moh. Her er valet, Fagerset, eller Vetanosi "rett opp". Det er ein grunn til at det står slik. Det er bratt herifå og opp til ca. 1000 moh. På ein dag med 25 grader i skuggen, merkast det. Nydeleg utsikt er betalinga når ein kjem opp på fjellet. Gikk opp på toppunktet, som er relativt flatt med sjekkut-skilt ved ein stein. Toppen er ca. 50 meter forbi. Så sikta eg ned mot store varden. Kom innatt på stien litt før. >>>
Søtelifjellet ved to av dei
- Date:
- 08.07.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 12.7km
To nye toppar i Hemsedal venta på besøk. Køyrde inn Grøndalen, bomveg kr. 60 med Vipps og grind som ein opna sjølv. Tok av mot stølen Søteli. Her var grind på brua. Såg ikkje noko forbod-skilt. Svært vakker støl Søteli. Fann greitt stien bak fyrst hytta. Fint opp i bratta. Kom ut av skogen, og ein fin foss til venstre. Då det flata ut, nitti grader til høgre, og ganske rett mot toppen. Ein time hit. Gikk fram på toppen og kika litt rundt om. Fjellet Vesle Jukleeggi synest eg er veldig fint. Så var det rett ned i retning utosen til vatnet. Greitt å gå, men nokre små-skrentar og litt ur før eg kom ned på flata. Greitt på steinar over elva, som hadde fleire småløp. Fint å gå vidare oppover her. Nordre toppen på hovedfjellet etter knapt ein time til. Bratt men greitt >>>