Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Klantenovi 0623

Date:
25.06.2023
Distance:
4.0km

Map    

Solgladberget

Date:
18.06.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:57h
Distance:
4.8km

Tur to i området rundt Vavatn i Hemsedal i dag. Køyrde vidare oppover på fjellvegen frå parkeringa til Kvitingane. Like etter kryss til Harahorn hotell m.m. var det bom. Kr. 90 chippa med kort, enkelt og greitt. Litt dyrt for den vesle turen eg skulle på kanskje. Men eg hadde no køyrt heile vegen opp. Betalte kr 60 ved førre parkering og. Ja-ja. Det blei ein fin tur vidare. Varmt i veret og overskya. Sikta meg inn på ein hytteveg. Der den stoppa gikk det sti vidare oppover, noko syd for fjellet. Alltid lurt å følgje sti. Tok av ved ei mast, og følgde trakk vidare, før eg stampa kursen rett opp på ryggen. Lett og gå når ein kjem over lyng-partia. Gikk innom trig.punkt og varde, men heldt fram til neste varde. Så må ein også ned litt, og vidare til haug nr. 3. Der ute er høgaste >>>

Map    

Kvitingane

Date:
18.06.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
2:04h
Distance:
8.0km

To turar i Hemsedal i dag. Fyrste til Kvitingatn, som det heiter på «Hemsedøl». Køyrde inn Grøndalen ved Tuv, og opp fjellvegen mot Vavatn. Parkering med Vipps ved tur-start. Skilta og merka rute til topps. Fyrst opp ein veg, så litt ned i skogs-terreng, og etter kvart over ei solid bru. Tydeleg at denne turen er ruta utanom stølsområdet med hensikt. Etter kvart slapp skogen, og det var fint å gå inn dalføret. Ikkje lenge, før det vart brattare opp fjellryggen. Fint å gå her. Oppå fjellet var det også nokre flatere parti. Den merka ruta går bort til varden. Her var både postkasse og SjekkUt. Fin utsikt. På «Norgeskart.no» er denne, og nabotoppen lenger nord sett til same høgd. Raude nåla er på toppen utan varde. Så det vart sjølvsagt obligatorisk innom den også. >>>

Map    

Valanipa på Vikafjellet

Date:
16.06.2023
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
3.5km

Når ein fyrst er i drivet. Topp to på veg over Vikafjellet mot heim og helg. Finare tur dette. På fjellrygg ut mot varden. Utsikt mot flotte dalføre og ned mot Ovrisdalen. Fint mot Nummestolane og Fresvikbrea. Mykje snø att når ein ser innover fjellet.

Map    

Sopandefjellet på Vikafjellet

Date:
16.06.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
2.9km

Ein liten enkel topptur på Vikafjellet i forbifarten. Parkerte ved utløpet av tunnelen. Det var trakk til å byrja med. Litt nedatt ein liten skrent, og tangerte vatnet. Islagt enno. Greitt opp i lyngen til topps. Her er elektro-installasjon for tele-signal. Fin utsikt, sjølv om linjer og master tok litt utsikt. Men dei må jo til. Grei trim etter å ha sete mykje i ro på samling med jobben.

Map    

Dunheia frå Utvikfjellet

Date:
10.06.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
18.0km

Det var planlagt 500 pmf-topp laurdag. Stod mellom eit par ute ved Måløy, Dunheia eller Glitregga. Sistnemnde frykta eg hadde for mykje snø. Etter turen i går, hadde eg fått smaken på det vakre ved Utvik-fjellet. Valet var lett, vi held oss her, og satsar på at Dunheia kan nåast utan for mykje snø-baksing. Fyrst inn over på grusa bilveg mot stølane. Gikk forbi der det var merka til Fløtravarden. Passerte "neste" merking, men tok inn i terrenget der det passa. Knapt 3 kvarter til Fløtravarden. Fin sti vidare, ned og så opp på Snøfjellet. Vidare sikta eg litt på skrå mot venstre, men vart freista av ein varde. Litt nedover der på skrent-parti, blei eg stoppa av eit par bratte snøbruer. Noko oppatt, og litt meir til venstre, så kom eg greitt ned til Tisthammarskardet. >>>

Map    

Skavegga frå Utvikfjellet

Date:
09.06.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.5km

Bubiltur med helga, og to ærend. Topptur sjølvsagt. Så hente dotter til Marita, som studerer i Volda, heim til sommarferie. Parkerte på Utvikfjellet fredag, fekk ut solstolar og slappa av nokre minutt. Så byrja det å klø i topptur-genet. Betemte meg for ein enkel tur opp ved ski-trekket. Litt rekognosering, og eg såg at det var merka til grøn topp forbi ein støl. Og raud topp ganske nær. Fin sti innover mot Støyvastølen, som var steinsett innimellom. Nydeleg stølsområde, med om lag 20 bygningar. Vidare bratt og fint opp til Skavegga sør, vel 3 kvarter hit. Fin utsikt. Var spent vidare mot Skavegga. Det var ein del snø. Snøfelta bar greitt, og det tok berre 20 min bort. Nydeleg utsikt ned til Utvik, og ut fjorden frå varden. Toppen er ikkje der raudmerket står, så eg ringa >>>

Map    

Skitur på Aurlandsfjellet

Date:
04.06.2023
Distance:
16.7km

Tur til Tissedalsvarden med Rolf. Nydeleg sommarskitur. God glid på klisterføre, og vi unngikk luggeføre og gjennomslag. Inn Flyene, og fint opp til store varden. God pause her. Her kan ein sjå seg rundt og verkeleg nyte 360 panoramaet. Vi tok ei litt anna rute ned, for å komme nær oppgang frå Tissedalsvatnet i retning Norddalsvatnet. Vi måtte av og på med skia nokre få gonger. Fann ei fin lei opp frå vatnet. Her ser det uframkommeleg ut. Mange små knausar, ein liten labyrint. Men plutseleg flata det ut, og vi tok ein ny rast overfor Norddalsvatnet. Nydeleg skue innover Aurland, og Lærdalsfjell. Her såg eg meg ut ei rute mot Vesle Liahovden, som eg har tenkt å gå som sommarskitur. Det kunne ha gått i dag, hadde eg kjent terrenget betre. Og no blir det snart for seint for sesongen. >>>

Map