Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (336)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (208)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Langhamrane
- Date:
- 05.05.2021
- Distance:
- 9.1km
Besøk i Høyanger-fjella. Marita har budd i her i 25 år, og har fleire bekjende. Det var ei som ville vere med å gå på Rando med oss til Langhamrane. Den smale vegen svingar seg bratt opp fjellsida ovanfor byggefeltet. Etter om lag 400 meter flata det ut, og vi kjem til parkeringa for frilufts-område på vinteren, med skitrekk og løyper på Sipplo. Snøen låg enno heilt nede ved parkeringa takka iherdig køyring av trakkemaskin som har pakka snøen godt. Slik kan ein då komme seg vidare opp i fjella på anleggesveg som er løypekøyrt. Kun ein stad i lengd 10 meter var det bart, men ei snøstripe på kanten fekk oss forbi. Etter ei tid på desse vegane kom vi over i kuppert terreng. Idyllisk med knausar, og små eldre berekraftige hytter innimellom. Så bar det oppover og innover. >>>
Hesteggi
- Date:
- 03.05.2021
- Duration:
- 2:41h
- Distance:
- 12.8km
Fin treningstur frå Kjørnes Camping. Klart ein kan feriere i nabobygda. Gikk frå den nydelege og stille Kjørnes Camping, ein måndag i mai. Sydenferie blir Norgesferie. Store kontrastar frå Storebjørn laurdag, og Fuglesteg i går. Denne treningsturen hadde overskya, sol, regn, hagl, og tett snøver på toppen. Ein Sogndalstopp i boks, fin opplevelse og god trening. Lyt ta ein ny tur for utsikt på toppen ei anna gong.
Storebjørn + 4 småbjørnar
- Date:
- 01.05.2021
- Distance:
- 18.1km
Fantastisk tur i nydeleg ver på fyrste mai. God Bjørnefangst, då vi var innom 5 toppar over 2000 meter knytt til Storebjørn. Det var ein vanvittig utfartsdag. Alle skulle vist på Sognefjellet i dag. Opp Leirbrean var det 5 felts rando-spor. Fleire hundre personar gikk nok på Leirbrean i dag. Alle like blide. For utsikta heile dagen, 8 timar på tur, var fantastisk. Leirbrean med utsikta undervegs er noko av det vakraste ein kan oppleve med skia på i vårt vakre land. For meg var det andre gong på Storebjørn, medan Leirbrean og toppane rundt her var Maritas fyrste. Vi har vore på store Smørstabbtind på fottur i lag.
Sett bort frå at det var i overkant folksamt, gikk bestigningane greitt. Vi var såpass seint på Storebjørn, at den fekk vi ha for oss sjølve. Føret var prima, særleg >>>
Stora Grånosi og Bleia i Lærdal
- Date:
- 24.04.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 21.2km
Flotte vermelding med skyfri himmel var det meldt. Slik såg det også ut frå morgon av. Slik blei det ikkje, men ein fin tur fekk vi likevel. Marita ville vere med til Bleia. Hennar fyrste tur dit, og den freista m.a. grunna SjekkUt og topptur-trimmen til Lærdal turlag. Vi valde å gå frå litt nedanfor Vardahaug, for å få fin køyring på returen. Og det fekk vi.
Ruta opp la vi litt under Store Grånosi. Den vart såpass høgt at jammen blei det topptur dit også. Så vart det fint unnarenn heilt ned til Bleiaskardvatnet, 1252. Der vart det mat, og nett då var vêret på det finaste for dagen, med strålande sol og varme. Her kosa vi oss godt før toppstøtet. Oppover vart det etter kvart tettare ver, og snøbyger. Men idyllisk det, sjølv om sikta var så som så. Siste halve km mot >>>
Nisedalsfjellet og Jernhetta rundt
- Date:
- 17.04.2021
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 21.7km
Deler av turen var med Lærdal turlag. Heile 28 folk på fjellski-tur rundt Jernhetta i Aurland kommune. Turen starta ved Vardahaug bru opp Erdal i Lærdal kommune. Dagen var skyfri, og føret viste seks på terningen. Nokre få minus ved start. Betre får ein det ikkje. Turfolka var frå Lærdal og Aurland, samt nokre frå Sogndal kommune. Særs kjekt når vi er folk frå fleire kommunar.
Alle storkosa seg innover Modlaugsbotn, og opp Soleibakkane på silkeføre. Berre smil å sjå. Etter vel halvanna time gonge og nokre småpausar vart det matrast med utsikt til Flåm og baksida av Blåskavlen, med dens dramatiske botnar og ryggar. Fantastisk !!! Nokre valde å gå opp på toppunktets Jernhetta. Då ser ein omlag heile rundturen. Eg hadde fått løyve hjå turleiar å gå solo til Nisedalsfjellet. >>>
Slettind
- Date:
- 15.04.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.3km
Fin ettermiddagstur med Joakim. Kun oss, og eit par på veg opp då vi køyrde nedatt. I helgane er her ofte fullt på parkeringsplassen. Typisk Rando-topp.
Berdalseken
- Date:
- 11.04.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 16.2km
Fin tur frå Sluten til Berdalseken med Joakim. Nydeleg fin dag, etter påfyll med ny om enn ganske vindtransportert snø. Nede i lia, opp frå Sluten, var det godt med djup nysnø. Heldige vi då, sidan ein skiløpar hadde godt oppover før oss, og laga fine spor. Innover Vetle Frostdalen var det mest skare. Greitt å gå på det. I oppstigninga til høgre inne i dalen, vart det på nytt lausare, og fin snø å gå i. Vi rasta ved nokre steinar, der vi pleier, knapt halvvegs. Etter litt kom karen som laga spor for oss nedatt. Han var frå Dombås, tydeleg fjellvand, busett i Bergen, og nybuar i hytte oppi Gudbrandslie på Filefjell. Han hadde snudd litt før brea, sidan han var aleine. Såg på det som rekognoseringstur til seinare. Joakim og eg fekk ein fin tur vidare til topps. Joakim sleit >>>
Bleia i Lærdal
- Date:
- 03.04.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 25.4km
Det var meldt fint ver, med ca. 7 ms på toppen, og valet fall på tur til Bleia i dag. Start frå Vardahaug parkering i Erdal. Berdalseken var opprinneleg plan saman med Sigmund i dag. Den turen rauk ut grunna meldt vind på 10 - 12 ms. Det viste seg at valet var greitt, men vi skulle få nokre utfordringar undervegs.
Fint innover Modlaugsbotn, og sola gjorde seg meir gjeldande etter ein god time. Særleg fint over Daudmannsvatnet. Vi såg tre turfolk på fjellski som passerte litt under oss før vatnet. Dei hadde god fart, og hadde valt rute litt lenger aust. Vi la merke til at det låg ein del skodde oppi, men rekna med at den ville sleppe taket, sidan det var litt vindfuldt. I pausen ved store stein, såg vi at det også var spor nedatt mot Vindedalen. I det vi sat og åt, såg vi at det >>>
Skøddetindar
- Date:
- 01.04.2021
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 31.7km
Skøddetindar i dag. Fantastisk fint fjellområde å gå skitur i. Litt tøffe forhold med bra trøkk i vinden i dag. Føret var og litt vanskeleg. Hard skare og fokksnø. Greitt i løypeområde. Då vi skulle på Tverrfjellet Vest gjorde eg ein bommert. Vi trudde neste topp var toppen, og snudde då det var hard is i traseen på skrå mot Tverrfjellet. Men vi skulle da på Tverrfjellet Vest, nærare oss. Kunne berre gå få 100 meter tilbake, og lett opp ca. 140 høgdemeter. Blei lurt av at kartet i appen falt ut ved zoom, og at teksten var plasser langt mot aust. Ja-ja, blir ny tur eit anna år da. Då bar det tilbake, og U-sving oppover til Skøddetindane. Flott utsikt, særleg frå Vestre. Fint å sigle ned frå toppen i DNT-løypa som i motsatt veg går mot Kjåen i Hemsedal. Kjekt turfølge >>>
Sonvesåsen på Voss
- Date:
- 31.03.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 15.4km
Sidan bubilen skulle få ny kran på badet, måtte mogeleg daudtid nyttast til fjelltur. Frå Brynali handelsområde hadde eg sikta meg ut ein veg oppover lia mot eit skianlegg. Spreid bebyggelse og jordbruksland oppover. Korrigerte til grusveg mot garden Vike. Så på gards- og traktorveg vidare opp til tangering av vegen som gikk litt rundt åsen og opp til skianlegget. Her hadde snøen sagt takk for denne sesongen. Gikk så litt opp og imellom veg i delvis utbygd hyttefelt. Satsa mot ein sti frå nordaust, og fann denne. Det vart litt vabbing i djupsnøen innimellom, men ganske greitt til turmålet. Einaste markeringa på toppen var trestubber til eit klargjort bål (såg det ut til). Vi var framleis i granskogland. Bestemte meg for å halde fram, slik at eg fekk rundtur. Det var kjekt. >>>