Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (336)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (208)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Fisketjernnuten
- Date:
- 29.06.2019
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 4.2km
Fin tur på Valdresflye. Restitusjonsdag. Plan var Nordre Kalvehølotind og Vestre Kalvehøgda i dag. Men Tverrbottindar frå torsdag sat så hardt i kroppen, at vi prioriterte små rolege turar som alternativ. Ein nyt mykje også på slike dagar. Nydeleg utsikt og ro i sjela.
Store Tverrbottinden og tre til.
- Date:
- 27.06.2019
- Distance:
- 12.8km
Påbyrja ferie og tid for topptur. Køyrde fjellveggen Årdal - Turtagrø, og over Sognefjellet. Inn Leirdalen. Her hadde grøver og elva rota det skikkeleg til etter sist vinter. Vegen var plastra fleire stader. Ikkje lett å halde god veg i slike omgjevnader, med veg bygd på leire, og store naturkrefter som herjar. Vi fann ei lita p-lomme få km frå Leirvassbu, og sikta oss inn mot Leirløyfte. Vi kom litt høgt, og måtte litt ned att, før vi skrådde bort til venstre for grova ved Leirløyfte. Litt planlegging for å finne godt oppsteg i dei bratte grasbakkane før brattura. Vidare greitt i til dels laus og bratt ur. Skar litt til venstre, og nådde kanten mot brea 50 meter over skaret. Raskt oppe på Vest for toppen. Flott utsikt, og stilig å sjå ut til hovudtoppen. Vi prøvde opp >>>
Bårdshøgdi og stølar i Erdal
- Date:
- 23.06.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 18.4km
Ærendet var å flytte ei postkasse for Lærdal turlag frå Håvardsete til Breisete. Nytta høvet til ein topptur, noko som vart ein god omveg. Men også ei fin oppleving og god trim. Gikk stien til Håvardsete. Den er ikkje merkt anna en nokon band på enkelte tre. Tydeleg og grei sti å følgje. Vidare frå Håvardsete er det innteikna sti opp og innover fjellet til Skorvebotn. Nokon stader vaskeleg å sjå stien, særleg i grov ur. Men ein veit jo retninga ein skal gå. Fint inne i Skorvebotn. Så var det bratt opp i venstre sida. Over 1500 meter var det skodde og 30 meter sikt. Greidde å navigere til topppunktet på Bårdshøgdi ved hjelp av GPS og app. Utan slike hjelpemidlar hadde det vorte umogeleg i dag. Vèret vart finare ut over dagen. Aldeles nydeleg ned til Breisethaugen på returen. >>>
Bjøbergdalen med toppar til
- Date:
- 15.06.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 27.5km
Dagen baud på sommar, sol, varme og fjelltur. Køyrde over Hemsedalsfjellet. Parkerte på ein liten grusplass like før Bjøberg. Tok grusveg forbi hytter, over bru og kom inn på DNT-stien mot Bjordalsbu. Plan var å plukke toppar på nordsida av dalføret, og returnere på stien. Følgde stien før eg skrådde til høgre like før ei hytte inne i dalen. Etter kvart opp ei ur mot eit skar, dreia litt til venstre og til 100 pm. topp, Nord for Hemsedalstjørnan. Like før toppen låg ei svært frodig grøn eng med reinsmose. Utruleg vakkert, og tankar gikk til utryddingsprosjektet av rein. Vidare vest, ned frå toppen låg ei demning og hytte mot Øljusjøen. Vidare opp tok eg med toppen mot dalføre, før eg dreia nordover og plukka dagens fyrste 100 pm. Lærdalstopp, Øljuhalsane. Vidare >>>
....Storehaugen
- Date:
- 11.06.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 6.4km
Del to av turen der appen stoppa på fyrste del. Del ein gikk frå Habben til Hognåsen, og del to (denne) frå Hognåsen via toppen Storehaugne, og til Lærdal (ved Bergo). Ein topptur i to filer.
Grøtshornet
- Date:
- 08.06.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 5.6km
Helg med familietreff på Sunnmøre, og mulegheit for topptur. Køyrde frå Sula mot Vatne i Haram kommune. Ravn idrettslag hadde merkt fin rute opp fjellryggen frå nordsida av fjellet, like før Strand. Fin utsikt mykje heile ruta oppover. Etter kvart vidare utsikt til toppar i mange retningar. Flott varde med turbok på toppen. Fin tur :)
Tingstovnosi
- Date:
- 26.05.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 12.3km
Søndag og mål om Lærdalstopp. Litt spent på snøforhold så tidleg i sommarsesongen. Men ruta mi låg sørvendt, og det har vore lite snø i fjella i år. Ruta eg velde meg går på sti frå demninga til Nivla kraftverk. Staden er nemnd Kollsæte. Ruta er ikkje merkt, og eg gikk den sist for 37 år sidan. Eg hadde sett på stipla sti som ligg på Norgeskart. Den var heilt feil og eg baska meg opp med klyving i ur og ulenda fyrste 20 min, før eg gikk meg på stien. Så når du forlet vegen skal du ta til høgre etter 5 meter, og gå mot nokre store steinar i retning oppover dalen. Då finn du sti frå start. Det er ein bratt men grei sti mot jakthytta Sjåheim. Utfordringa på turen er å passere elvane, særleg Ia. Her var det laga til ei klopp av trestokkar og mose oppå. Det var ganske >>>
Amlaholten
- Date:
- 21.05.2019
- Distance:
- 5.0km
Liten tur for å utforske kva Kaupanger byr på, etter arbeidsoppdrag i Sogndal. Tok av mot Festingdalen, og sette bilen på ein grusplass, nokre km inn i skogsområdet. Eit gamalt skilt viste veg "Amlaholten". Fin graskledd skogsveg i lett stigande terreng inn på nordvestsida av "holten". Etter kvart over på sti og siste delen ganske bratt til øvste punktet. På toppen var det postkasse i regi av Kaupanger idrettslag (den song på permen :) Frå toppen er det fin utsikt over mot Bleia, og ut fjorden. Turen vidare gikk på morosam og svingande sti nedover, som gikk over til skogsveg. Dette er ein lett rundtur i fin barskog. Ein kan gjere turen lenger ved å ta med ein annan topp, Søre Gråbrørne, som ligg lenger aust. Det er mange skogsvegar og stiar i området. Fint >>>
Klantenovi frå Sjurhaugen
- Date:
- 19.05.2019
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:06h
- Distance:
- 9.6km
Tur frå parkeringa ved Sjurhaugfossen. Følgde Øygardsvegen til Husum, og fram til Rimskiold. Vidare på den vakre Vindhellavegen med dei flotte murane. Over Klanten, via toppen Klantenovi, og til postkassa ved Sverrestien. Sverrestien i retur til Rimskiold, og retur same veg. Husum, Øygardsvegen, og til Sjurhaugfossen. I dag var det vakkert med blomstereng, lukt av syren, vår/sommar, og 23 varmegrader. Fin tur med innsniking av ein enkel topp under vegs.