Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (3)
-
Other winter trip (8)
- Snowshoe trip (8)
-
Ski trip (111)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Trip by foot (336)
- Alpine trip (19)
- Hike (51)
- Hillwalk (208)
- Jogging (36)
Favourite peaks
Hovden på Glipsfjellet
- Date:
- 12.11.2016
- Distance:
- 8.2km
Det er litt for tidleg for ski, og nesten for seint for fottur i fjellet. Men vi prøver. I dag køyrde eg opp Erdalen i Lærdal, og parkerte ved Vardhaug bru.
Det stod at vegen var stengt på eit skilt 3 km opp i dalen, men bommen var open. Fleire bilar stod parkert lenger oppe. Hjortejakt enno. Eg var litt spent på om det var for mykje snø for Saab Aero med senkesett. Det haldt hardt. Subba nedi dei siste to km, men kom meg til Vardahaug p-plass.
Fint å gå på den merka stien opp til Vardahaug støl. Godt med raudmerker, og det er til god hjelp når ein ikkje ser stien skikkeleg grunna snø. Om lag 10 - 15 cm snø, og greitt å gå. Vurderte å ta med truger, men det var nok litt for lite snø til det. Kjende på kor godt det var å komme ut i den stille og fredelege naturen. Spesielt >>>
Loftet
- Date:
- 08.10.2016
- Characteristic:
- Alpine trip
- Duration:
- 5:45h
- Distance:
- 12.2km
</gallery>
Sesongen var eigentleg avslutta, men eit kraftig høgtrykk fekk oss på topptur igjen. Tidleg frå Lærdal, og flott køyretur over fjellvegen Øvre Årdal - Turtagrø, og vidare over Sognefjellet.
Stålande sol og tåkedis. Magisk :) Vi parkerte ved Øvre Halsatjønnen, og gikk oppover Langranden på fin sti. Etter kvart flata det ut, og inn ein dal, før det gikk bratt opp på ve. side av ei grov, og vel 150 høgdemeter opp til platået ved Veslloftet. Her låg det snø, og vi valde å gå over dette skaret og ta oppstigninga langs egga mot Leirdalen. Det angra vi ikkje på, då utsikta oppover var magisk. Fekk ein del flotte foto over leirdalen, mot m.a. Skardstinden, og fleire flotte tindar og brear.
Det var innimellom litt vanskeleg på snø i kombinasjon med lause steinar. >>>
Nautgardstinden og 6 til
- Date:
- 24.09.2016
- Characteristic:
- Alpine trip
- Distance:
- 27.1km
Helg, og tur over Filefjell og Valdresflya til Randsverk. Vi var spent inn Veodalen i mørknet med ny stor bubil. Det gikk fint, sjølv om det rista godt i vaskebretta. Parkerte på ei naturleg utkøyrsle 20 meter frå vegen mot Storkroken. Ei god natts søvn, og vi vakna til ein vakker soloppgang.
Takk til dette fora, hadde vi førebudd oss med kartspor til ei fin rute som Morten H. hadde nytta. Lett og fint inn Stornautgarden, og opp skardet til venstre for 1773. Lett å finne naturleg trakk i lendet. Fylgde den flotte ryggen rundt Naudgarden til Oksle.
Då vi kom til stupkanten, skardet ved 1900 moh. kom dagens fyrste whaaaooo-oppleving.
Heilt fantastisk å sjå. Bre, stup, morene, botn, brevatn. Utsikt til dal. Og straks kunne vi legge til sol, snø, holke og tåke. Etter ein del fotografering, >>>
Besshøe og Besseggen
- Date:
- 15.09.2016
- Characteristic:
- Trip by foot
- Duration:
- 12:00h
- Distance:
- 27.1km
Fantastisk rundtur med start ved Bessheim kl. 8:30. Bessheim-Besshøe-Besseggen-Bessheim. Hele 27 km. Vi gikk ruta mot Glitterheim til stidele, så vest og på nordsida av Bessvatnet. Vi heldt ca. 100 høgdemeter opp frå vatnet, skrådde mot ryggen vest om Grotåe, der sjølve oppstiginga av østryggen verkeleg tek til ved ca 1520 moh.
Nådde toppen etter vel 5 timar. Fantastisk utsikt i stup ned mot Nedre Russglopet. Halvtime pause her oppe. Berre å nyyyte.
Vi tok nedstigninga i retning sørøst. Følgde aust om eit elveløp, og passerte over ei lita snøbru. Dreia mot vest ved 1800 moh, og kom ned på stien mellom Bjørnbøltjønnet og Bessvatn. Så bar det bortover mot Besseggen. Opp fyrste gong for min kjære, og min tredje gong. Spennande for henne. Over Veslfjell, og så på ruta mot >>>
Bermålsnosi
- Date:
- 20.08.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:42h
- Distance:
- 19.1km
Tur med litt tempo til Bermålsnosi. Bilda gikk litt bananas, men er forsøkt koda på plass att. Dette er ein fin-fin tur over fjord-landskapet i Indre Sogn.
Høgdebrotet frå Leirungsdalen
- Date:
- 03.08.2016
- Distance:
- 25.5km
Vi parkterte ei par km vest om Vargebakken, nett ved skiltet "Øystre slidre". Det vart difor litt lenger anmarsj enn den vanlege ruta. Fyrst over nokre myrar som var noko blaute, men merkt med to staurar. Deretter fin sti ned til brua over elva "Leirungsåe". Eit merke var det at det tok eit time og 10 min å komme så langt at vi var rett overfor bubilen (då vi runda Semmelshøe). Ca. halvanna time inn til fjellfoten og fyrste rast litt oppi, på 1299 moh. Velfortente skjever. Det var forresten eit arktig lyngparti på siste flata, der vi forsvann nedi lyngen, og med armane rett opp.
Etter rasta bar det opp "Steinflybakkan" på høgre sida av hovudløpet til grova/elva. Her var det bratt. Vi heldt oss langt elvekanten, og det var pålag sti oppover. Etter kvart >>>
Slogen - rundtur
- Date:
- 21.07.2016
- Distance:
- 16.8km
Ein vannvittig varm dag i juli, gikk vi med friskt mot frå Skylstad, nokre km aust om Øye. Opp bratt sti langs Brekkeelva. Det var bratt og det var utruleg varmt. Godt vi kunne fylle vassflaskene i grøver knytt til elva. Etter knapt to timar kom vi fram til Pachellhytta, og kunne kvile litt samt få i oss nokre brødskiver.
Så var det å sikte på toppen, og etter vel 2 timar var vi på toppen av det vesle platået på nokre få kvadratmeter. Siste 50 høgdemeter var klyving og litt spennande å finne den beste ruta. Returen gikk greitt, og vi returnerte ein annan veg. Frå eit skar på omlag 1200 meter, gikk vi rett ned ein fjellrygg på grei sti. Kom ned til vegen ein km aust om Øye, og ca. 35 m.o.h. Det vart slik sett godt med høgdemeter både opp og ned denne dagen. Til sist ein god >>>