Slutenosi (18.02.2026)
| Ascents | Slutenosi (1,503m) | 18.02.2026 14:20 |
|---|---|---|
| Visits of other PBEs | Smeddalsvatnet p-plass (935m) | 18.02.2026 12:23 |
Avspasseringsdag, sidan det var mogeleg, og brukbare vermeldingar. Halvskya, men lette snøbyger også når eg kom opp på Filefjell. To vaksne karar med fuglehundar gikk inn Frostdalen på fjellski. Eg valde rando-utstyr og Vesle Frostdalen i dag. Lite snø nedst, og ein må halde bort mot elva og i skogen for å unngå stein. Bra med snø inn i dalen. Ja sopass med laus nysnø, at det vart merkbar brøyting innover. Heldt høgdene og prøvde å finne ei rute med jamn stigning så gode eg kunne. Greitt å unngå for mykje motbakkar på Rando nedatt. Fint og kjekt å gå innover, sjølv om det no var lite sikt då det snøa lett. Stigninga mot toppen var grei, sjølv om eg kom nær "luretoppen" som stikk så tydeleg opp. Runda tilbake, og såg då at sjølvsagt, slik eg tenkte litt lenger nede, "der borte er topp-punktet". Gikk på føtene dei siste 50 meterane, då det var avblæse rundt toppen. Det vart fort kaldt å stå her i vinden. Vottane måtte stadig på då neglespretta beit. Ved ordning med hjelm, briller og klips, så må vottane av innimellom. Nedatt var det kjekt med køyring i lett laussnø. Fyrste delen ned mot dalen gikk forholdvis raskt, så litt i mot, før eg sigla ut dalen i same spor som opp. Øvst hadde spora blæse att, men eg skimta dei, slik at eg ikkje misa farten. Eit par små motbakke-parti, før bratta ned mot og i skogen, og så vidare ut mot osen.




User comments