Vetanosi og Aspevikstølen (10.11.2019)
Ascents | Vetanosi (1,133m) | 10.11.2019 14:13 |
---|
Ein nydeleg kald og klar novemberdag. Enno lite snø i høgda. Plan om topptur frå stien frå Fodnes til Aspevikstølen. Fyrste stopp for å nyte utsikta var frå utsiktspunktet "Stegen" ca. 550 moh. Flott utsikt til Bleia herifrå. Så vidare på stien til den flatar ut og dreiar i retning Aspevikstølen. Nett her går det trakk vidare rett opp. Mogeleg hjortetrakk, men som no er markert ved at fleire tek turen rett opp til Vetanosi. Einkvan har knytt eit plastikkband i treet rett etter denne avstikkaren rett opp. Og her får ein prøvd kondisen dei kommande vel 100 høgdemeterane. Kvotane står tett, men det er på lag sti heile vegen. Hærleg når det flatar ut ved tregrensa, og sola varmar litt. Etter eit litt flatare parti kjem ein bratt skrent. Greitt å bruke hendene litt sidan det låg snø i stien. Ikkje vanskeleg i dag, men greitt å ha snøkjetting i sekken denne årstida. Utsikta ned den grøne åsen og fjordlandskapet utover er fantastisk. Og etter kvart får ein også med snøen som kontrast til det heile. Terrenget flatar ut over 1050, og det er 10 min transport bort til toppunktet, som er rimeleg flatt. Men utsikta her er likevel svært vakker. Deler nokon mobilbilder nedanfor.
User comments