Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Stigbott-traversen + Mannen

Date:
07.09.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:50h
Distance:
16.6km

Fin rundtur over Stigbotthorn-traversen innom Mannen og retur Alnesdalen Turfølge Johan

Map    

Romsdalseggenløp nr 2

Date:
06.09.2014
Characteristic:
Jogging
Distance:
11.3km

Etter oppfordring frå Tom Erik H. hadde eg bestemt meg for å prøve løpet i hans fjellrike. Høyrt mykje om Romsdalseggen og har sett fram til å prøve eit nytt løp og nye fjell. Reiste frå jobb fredag med sår hals og hovudverk, lova ikkje godt...ei forkjøling sykje mange har hatt. Men ikkje verre enn at eg hadde lyst å prøve, tenkte at det fekk vere eit test løp og heller bli kjent med løypa til eventuelt neste år. Lørdagen var nydeleg vermessigt, med akkurat passe fin løps og tur temperatur. 108 Menn og Damer deltok i konkurransen. Som forventa var eg ikkje der eg ville, men sånn er det berre av og til :) Ei flott stemning var det og mange på tur av både barnefamiliar og andre. Løpet endar på Nesaksla, dette pga den bratte nedstigniga på 700 h her kan det fort bli skader...men >>>

Map    

Tur nr to på Romsdalseggen

Date:
06.09.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:19h
Distance:
14.2km

Litt slapp i kroppen etter løp og forkjøling, men klar til ny start frå Venjesetra P. det gjekk ganske greit når ein berre kom på gang att i eit litt rolegare tempo :) Møtte litt turfolk som var på veg heim att etter dagens hending. Blånebba og heile Romsdalseggen hadde vi for oss sjølve den ettermiddagen. Blånebba hadde også fått ein del besøk iløpet av dagen. Tidlegare på føremiddag hadde Johan fått med seg Tarløysa 1086 moh Turfølge Johan

Map     4 comments

Store Trolltinden - Trollryggen - Stabben

Date:
31.08.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:00h
Distance:
18.4km

---- Fin tur rapport hos otto (Otto Lund)

Map    

Kvanndalstinden og start på Haustens fjelleventyr i Romsdal

Date:
30.08.2014
Characteristic:
Climbing
Duration:
10:00h
Distance:
15.0km

Har mange ganger høyrt om og sett kremen av toppar i Romsdalen også sidan eg har ein del familie i frå Romsdalen. Romsdalshorn har vore lenge tenkt og selfølgeleg høyrt om Konge og Dronning topp samlingane. Spesiellt etter att vi jobba med Jølster friluftsfestival og hadde studert litt og sammenligna Norsk fjellfestivalen med alle fine idear som dei hadde fått til der :) http://www.norsk-fjellfestival.no/index.php?option=com_zoo&view=item&layout=item&Itemid=127 Så når turforslaget kom, høyrdast det kjekt og spennande ut. Men kanskje litt langt å køyre.....for to dagar! Eg hadde så smått snakka med Tom Erik H. under premiutdelinga på Aleksandra, om å delta på fjell løpet Romsdalseggen helga etterpå. Det skulle vise seg i etter tid att det vart tre helger på rappen til Åndalsnes i tidenes haustver :) Vi var fire `fjellfantar` som starta frå Venjesdalen med utstyr >>>

Map    

Sætredalsfjella på veg mot Romsdalshelg :)

Date:
29.08.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
9.6km

Desse linkane må eg berre dele :) Ein fantastisk serie frå NRK Sogn og Fjordane og som startar no på lørdag 7 Det er andre serien dei viser, og det er lokale folk herifrå som har laga Fjellfolk. Torje frå Jølster og Uglum frå Sogndal. https://www.facebook.com/video.php?v=10152713651509189 Klipp to : http://www.nrk.no/sognogfjordane/klart-for-premiere-pa-fjellfolk-1.7993122 Reiste rett frå jobb og såg fram til dagar i Romsdalsfjella. Kvanndalstind 1744 moh var målet for lørdagen. På veg oppover hadde eg bestemt meg for at dagens fjelltopp måtte bli Sætredalsfjellet i Stranda kommune, og helst før det vart mørkt.. Køyrde eit par km innover Nibbedalen, og etter ein prat med lokal befolkninga på ein gard ved Sæter. Kunne eg parkere på bøen ved startpunkt av raud merka løype, ikkje så langt frå Sætreelva. Dei hadde då ikkje høyrt om Sætredalsfjella!! til tross for at dei var midt i syns rand! Dei >>>

Map    

Hesten - Skruven + Tverrfjellet

Date:
14.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:19h
Distance:
18.2km

Map    

Store Smørskredtinden den Venaste Toppen!

Date:
13.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:00h
Distance:
11.4km

Å vakne opp morgen etter morgen med blå himmel og ein utruleg fin temperatur, nesten so det er for varmt å gå i dei bratte oppstigningane i dette området... men belønninga over tregrensa er stor og vel verdt litt høg puls! Det har nesten vore tropenetter mange ganger og stabilt ver i lange tider. Litt uvant kost, men blir teke imot med stor takk :) Eg får ein aldri så liten flash back tilbake til fjell livet på Aconcagua og det stabile klimaet der. Samme følelse med tørt fjell, stein og sand grunn, den hærlege varme jordlufta å snuse inn :) Ekstra bonus her, dei grøderike fjellsidene, kvite toppar, breer, dramatiske taggete trolltindar og dei flotte fjordane som kontrastar. Arnt har heilt rett, når han fortel om desse områda :) Det må være det flottaste fjellområdet Norge >>>

Map     6 comments

Jakta og Risenosa

Date:
12.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:00h
Distance:
15.2km

Start frå Hotell Union, to toppar var dagens turmål. Følgde sti ved elveryggen og oppover mot Konedalen, god sti og vardemerkingar. Kryssing av elva lengre oppe, kan vere litt vanskeleg om stor vassføring, greit å være obs på. Også dette er to nydelege toppar som ein bør ha med som fjellopplevelsar :) Mange både yngre og andre... var på toppen av Jakta idag :) ikkje så rart i eit så flott ver :) Det var spesiellt varmt og fint ver denne dagen også, men nesten litt trykkjande....Noko som på slutten av turen, viste seg å bli eit skikkeleg sommar torden ver med påfølgjande haggelbyge av det kraftige slaget!! På veg ned frå Risnosa høyrdest skralla, og det gav verkeleg gjenklang i fjella!!!! Nede ved utgangspunktet fekk ein vite att lynet virkeleg hadde slege ned, såpass at >>>

Map    

Ettermiddagstur på Hornindalsrokken

Date:
11.07.2014
Characteristic:
Hike
Duration:
3:30h
Distance:
13.5km

Reiste rett frå jobb i eit strålande og i tidenes sommarver :) Arbeidsdagen kunne ikkje bli fort nok ferdig idag!! Hadde bestemt meg for å rekke mykje denne ettermiddagen og helga var tenkt til nokre av dei finaste kremtoppar rundt Øye i Norangsdalen. Hornindalsrokken hadde eg tenkt som ein fin ettermiddag/kveldstur undervegs til Øye. Bestemte meg for å køyre om Norfjordeid også ta turen oppom Lotsberg Gjengen:) Ei stund sia tur og kaffiprat, men der fekk eg som svar at dei atter var på farta på Møre ein plass!!... :):) Turen fortsatte ved Hornindalsvatnet. Køyrde vidare rv 60 mellom Grodås og Hellesylt. Tok av like ved Muldsvor og mot Honndalssetra. Godt skilta tur til Hornindalsrokken frå rv 60 med bomveg 1,5 km 30 kr Fin innegjerda parkering på høgre side 100 m før setra. >>>

Map