Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Endelig vakre Hanekammen 1651 Grensetopp Jølster og Stryn

Date:
08.05.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
5:32h
Distance:
13.8km

Dette er ein topp som har vore tenkt lenge men først og fremst på ski ifrå Stardalen i Jølster. Denne helga vart det berre bestemt utifrå vær og delvis føre...Det var nok eigentleg ikkje det beste med tanke på skred denne ruta!! Ganske så sommervarmt var det og stor snøsmelting. Det hadde gått ein del store snøskred i Jotunheimen og det drønna bra i fjella i Stardalen også desse døgna. Rasa i fjellsidene høyrdast godt om kvelden og om natta ifrå teltet vårt i Stardalen. Men vi tenkte som så at dette vurderar vi undervegs, ta nokre snøprofilar og det er ingen skam å snu!! Vi var 8 stk som starta ifrå litt under parkeringa ved Haugastøylane. Mange var også på veg til Snønipa denne dagen i godværet. Ved vår første matpause oppe ved Storevatnet, braut sola fram og det >>>

Map    

Kvannebakknova og Bjørga ved Jostedalsbreen

Date:
10.04.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
8:00h
Distance:
23.2km

Skal være turleiar for denne rundturen søndag 24 April. Ei stund sidan eg har gått heile runda og tenkte at denne dagen måtte bli perfekt for å ta ein rekogniseringstur i forkant. Kjell Lyngstad hadde vore på ein aldri så liten rundtur dagen før på Bings gryte og ein liten svipptur innom Suppehellenipa. Han kunne då fortelle om tidenes silkeføre på breen, då eg var turklar i frå Stardalen slo Kjell følge. Dette er hans bakgård, eit treningsmekka og ei leikegrind i storslått urørt natur.

Map    

Snønipa

Date:
09.01.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
22.2km

Eg og Geir Arne har lenge snakka om å få til nokre fjelldagar i Jølster! Endeleg laga det seg ein muligheit for alle og jammen på tide etter snart 6 års bekjentskap å få til eit Jølster besøk :) Nydeleg ver var det meldt denne helga, litt snøfattig var det men det stoppar jo selfølgeleg ikkje toppgleda..;) Planen var å gå på Snønipa søndag ilag med Joar og Geir Arne. Men av ulike orsaker vart det ein rask bestemmelse om tur på lørdagen istadenfor. Etter ein 1/2 time pakking, ein rimeleg hektisk frukost og vi var turklar. Det var jo meldt ganske så kaldt denne dagen...men sidan innlandskrabben er vant med den temperaturen var det ikkje så mykje å lure på, verre var det for oss kystsamane!!! Joar som bur nærmast var komt inn litt før oss og starta turen oppover i roleg >>>

Map     7 comments

Grovabreen 1 Nyttårsdag i godt lag!

Date:
01.01.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
10.5km

Etter ei stille og roleg nyttårsfeiring med påfølgande lang frukost 1 Nyttårsdag, nydeleg ver og eit lite melisdryss med snø. Så var det eit greit valg å legge turen til Grovabreen, ved å starte så høgt slepp ein gjerne å bære skia så langt! Vi starta å gå ifrå Dvergsdalen kl 15.00 og fekk vinter blåtimen som tilslutt gjekk over i ein tindrande stjernehimmel. Vi prøvde bevisst å ikkje bruke hodelyktene så langt som mulig og kom oss opp på breen uten. Det var eit perfekt føre å renne ned att, det lille melisdrysset hadde gjort underverk på den avblåste og skarete snøen! Fin tur ilag med Brit Siv F. og Stein P. A

Map     2 comments

Jølsterfjell 2 Juledag

Date:
26.12.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:30h
Distance:
11.5km

Tradisjon tru....så satser vi på å få til fine fellesturar i Jula! Denne gangen var det berre perfekt føre, blikkstille på toppen, vintersolstrålar som varma og ein utruleg samkøyrt turgjeng :) Det var rett og slett tidenes drøm av ein tur, nedrenn og heimtur! Fint turfølge ilag med Brit Siv Fimland, Kjell Lyngstad, Ole Christian Solheim, Anna Tefre, Tom Richard Grimstad og Ingvald Kvåle

Map    

Skåfjellet og tidenes vintertur i Jølsterfjell

Date:
13.12.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:54h
Distance:
11.4km

Då kom endeleg det vi hadde venta på...Brit Siv visste at dette var ein topp som eg hadde tenkt på ei stund og at den er perfekt som skitur med eit vanvittig flott nedrenn! Hadde bestemt oss for å nyte heile dagen og vi starta frå Lyngstad 09.30 der vi fekk med oss morgenstemninga med sola som kom som gull på toppane! Ein hærleg dag i fjellet med mykje tid til fotografering, det var rett og slett "digg" nedkøyring i puddersnø til kne`s med ganske så solide forhold! Turfølge Brit Siv og Ingvald

Map    

Snoadvarden ved Jostedalsbreen og Nordlysjakt

Date:
14.10.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
7.4km

Brit Siv hadde fått med seg at det skulle være høg nordlysaktivitet denne natta og lurte på om eg ville bli med ut på ein skogstopp ved Førde. Men eg hadde delvis tenkt ein ny tur opp på Kvannebakkbu, og heldigvis var ho ikkje tung å be om å bli med på den ideen :) Vi såg virkeleg føre oss den magiske nattehimmelen oppe ved breen med det lyset og haustfargane i Befringsdalen. Vi reiste opp etter jobb og vi måtte være på plass til jobbane våre neste morgon kl 08.00. Stille og fredeleg er det alltid her oppe, nordlyset såg vi ingenting av. Men til gjengjeld ein nydeleg stjernehimmel og mange stjerneskudd, der vi nok hadde vore stille ønsker begge to. Opp att kl 05.00 og sanser ein ubeskriveleg opplevelse ned att til bilen med hodlykt i mørket. Frostroser på haustfarga lauv >>>

Map    

Snoadvarden i styrke Storm

Date:
14.09.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
7.4km

Hadde fortalt mykje om kor fint det var på Snoavarden og Kvannebakkbu, den fredelige plassen oppe ved Jostedalsbreen. Det var det mest naturlege for meg og den første plassen eg kom på når eg ville vise til Jølster natur på sitt mektigaste! Veret denne dagen var meldt litt ymse, på Skjorta var det meldt ein vindstyrke på 4-5 m/s og Snoavarden 22-25 m/s Det er ikkje så lange avstanden mellom desse geografisk. Eg stussa litt, tenkte at det sikkert ville bli ein mellomting i vindstyrken og då skulle det gå å komme seg opp om enn ein litt frisk tur. Turfølget mitt tenkte eg var herda og vant med ymse, så det var ikkje så mykje meir å lure på. Vart det for ille, så var det jo berre å snu.... Det bles bra i låglandet og når vi nærma oss Strupen frå Befringsdalen, høyrde vi >>>

Map    

"Festløpet" Skåla Opp

Date:
15.08.2015
Characteristic:
Jogging
Distance:
16.6km

Køyrde frå Jølster lørdags morgen kl 07.00...Nydeleg ver og flott morgenstemning. Over 1700 mennesker deltok på tur til topps, det må eg seie er folkehelse på topp :) Fint ver, varm temperatur allerede på morgen og sterk vind...og ein rekna ikkje med nye perser denne dagen. Fornøgd var eg sjølv med løpet ettersom eg i år har slitt med allergi, forkjølingar og pust. Kjekt var det å ta norsk tredjeplass i klasse til tross for at Antonella Wyatt var utilnærmeleg i tid og 2 plass gjekk til Timea Meryni. Manglar høgaste topp punktet på Skåla...så vi måtte ein gjeng ( fleire peakbookerar) bortom høgaste topp punktet Stryneskåla etter løpet, i godværet :)

Map     4 comments

Snoadvarden og mini dugnad på Kvannebakkbu

Date:
13.08.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
17.2km

Det er noko merkeleg med Snoavarden og Kvannebakkbu....Ein spesiell stad som ein rett og slett berre finn fred og ro! Sommaren har gått så fort og med mykje snø i fjella...så har eg drøya med å ta turen opp til fot`s. Snakka med Joar om han visste noko om snøforholda, heldigvis nevnde han på å ta med stegjern. Dei fekk eg bruk for over snøfonna, den er ikkje så høg men den lille biten var hard og isete. Stille og fredeleg var det her, ingen spor å sjå etter folk og dyr på breen. Sterk og kald vind gjorde beisøkta kortvarig, så eg kosa meg med utsikt, stilla og dugeleg niste, før eg russla ned att til bygda!

Map