Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Atløy rundt topp 2

Date:
15.11.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:04h
Distance:
3.3km
Map    

Atløy rundt

Date:
15.11.2015
Distance:
9.1km

Fant ut på Brurastakken at dersom eg skunda meg litt så kunne eg rekke siste toppen for dagens turmål til neste ferje som ville gå 15.10 Det ville spare ein time venting. Rutevalget vart deretter....Trur eg trakka i eine til opp under armane!! For dei som skal gå toppen sia kan det være lurt å parkere ved gardsfjøs og følge ryggen fint derifrå. Lite sti å sjå på denne toppen, dyretrakk litt på kryss og tvers.. Tidlegare heim og endå lyst....det passa fint å ta turen oppom Moldurda 837 moh. Start ved Holmedal vassverk, det samme utgangspunkt som til Dokka. Moldurda 837 moh - 7,8 km - hm 830 - Tid 1.50 Buskefjellet 123 moh - 1,3 km - 110 hm - Tid 44 min

Map    

Atløy rundt og 4 småtoppar

Date:
15.11.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:41h
Distance:
2.8km

Hadde sett vekkerklokka på tidleg søndagsmorgon...men var litt usikker på heile turen mot Askvoll pga. dei store nedbørsmengdene. Tenkte litt på den rasutsatte strekninga på vegen utover, men meldingane for dagen var fine ute på kysten. Lysta var stor for å sleppe unna det slapsete føret inne i fjella. Rakk ferja som gjekk 10.05 frå Askvoll sentrum, der det tar ca 15 min over til Gjervik kai på Atløy. Fin parkering til Hovden og god sti som eigentleg såg meir ut som eit lita grov. Traff på ei litt eldre friskare innfødt dame på min tur nedover...ho hadde nok valgt det beste fottøyet idag! støvlar med grove soler. Misunte ho dei der eg kom skliande i såpeglatte tursko som skulle ha vore bra på terreng!! Du må kle på deg "jente" var ordlyden då ho skvatt til... >>>

Map    

Atløy og Brurastakken

Date:
15.11.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
0:43h
Distance:
1.8km

Det finaste fjellet og den kortaste turen av dagens 4 topper. Tok meg god tid til å nyte utsikta, ete nista og kjenne varmen ifrå november sola som kom tittande fram på denne toppen.

Map    

Storehesten og Heilevangmassivet

Date:
11.10.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:20h
Distance:
23.6km

Hadde lenge tenkt at eg skulle ta turen til fots og denne gang som ein løpstur via Kvamshesten til Blægja tur/retur. Den er også fin som ein skitur, meldingane for dagen var lettskya og sol. Køyrde mot Bygstad søndags morgen og på veg utover fekk eg melding ifrå Brit Siv, ho var på veg til Blægja frå Rørvika. Eg er på veg ifrå den andre kanten...kanskje vi treffast på toppen av Blægja då!! Parkerte ved bommen på Kårstad og som for øvrig kostar kr 50 Eg sparte dei pengane og starta løpstur på grusveg derifrå, det er asfalt opp til bommen. At eg hadde 6 kg i sekken mot 2.5 som eg har brukt på løp, kjende eg oppover men synest eg hadde fin driv og kroppen var lett. Traff ein eldre kar på toppen av Kvamshesten og fleire var på veg oppover, det er ein populær topp og >>>

Map     4 comments

Eksotisk turliv...Stauren & Storenipa - Askvoll

Date:
03.09.2015
Characteristic:
Kayaking
Distance:
25.2km

Fine meldingar og turplanane ligg klar... Vi trivst begge med raske beslutningar og nesten alt let seg gjere! Litt mindre søvn i nokre periodar lyt våge seg, og når me bur på Vestlandet så lever vi i sterke kontrastar når det gjelder veret. Ferdig på jobb kl 14.00 og eg møtte Britt Siv ved klubb naustet vårt ved Sunnfjord kajakk klubb i Førde. Eg hadde tenkt å prøve ut ein litt mindre kajakk, den som eg eig sjølv av typen Hasle Excursion 500 er litt for stor. Toppane på Tvibyrge hadde eg tenkt på ei stund, å kombinere turar med ulike aktivitetar er berre superfint. Britt Siv er alltid oppdatert på veret og det i minste detalj, så meldinga kom også denne gangen på kort varsel!! Kl 16.00 var vi padleklare frå Staveneset ved Askvoll. Siste toppen Storenipa 192 moh på Tvibyrge >>>

Map     1 comment

Høgkletten

Date:
30.06.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
3.3km

Map     3 comments

Rånane i Værlandet

Date:
30.06.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
1.6km

Fint å parkere ved masta i Værlandet og eit godt utgangspunkt når ein skal besøke denne artige toppen Rånane 104 moh

Map    

Teltovernatting ved Majestetiske Blægja/Heilevangmassivet

Date:
05.06.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
12.7km

Ei stund sidan sist teltovernatting...og det kriblar av eventyrlyst! Alltid kjekt å ta med teltet om ikkje så langt. Ca ein 1/2 time frå Førde mot Askvoll og så er vi der i mektig natur! Ingen ting er betre enn dei gode nær turane! Denne ruta hadde eg ikkje gått, så eg var litt gira på det. Gått frå Laukeland ein gang og frå Solheimsdalen via Lille og Storehesten på ski tur men uten topp bestigning på den turen, pga sterk vind og glasert topp. Etter jobb og litt for rask pakking, var vi på veg utover mot fjelleventyret og for min sin del uten sovepose....Med litt hell og lykke hadde Brit Siv sånn delvis avklart å få med Tom på tur. Sidan Yr av og til melder ver som kan avvike litt.... var han litt usikker på heile tur eventyret... Men heldigvis funkar "Gentle mann" >>>

Map    

Høgeheia

Date:
24.03.2015
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.7km

Ein fin dag på jobb :)

Map