Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Amlaholten - Sogndal & søndagstur ilag med Miriam

Date:
25.01.2026
Distance:
4.4km

Mange på tur undervegs alle stader i dag! Nydelig kaldt ver med jamt ca 10 kalde blå med ei sol som ein etter kvart, kan kjenne varmen av! Det var eindel folk på ski i Sogndals dalen. Då kan man seie at det er meir snøfattig heime i Jølstrafjella! Hadde eit lite håp om meir snø i slutten av perioden! Men, i følge langtidsvarselet ser det heller dårlig ut. Framtids - varselet melder stabilt kaldt, blå himmel og sol. Seier ikkje nei takk til det heller! :) Fin søndags tur ilag med Miriam i strålande vinter ver!

Map    

Amlaholten - Sogndal

Date:
09.01.2026
Distance:
4.2km

Ein temmelig roleg tur i forkjølelse modus! På tur mot Lærdal sjukehus.

Map    

Byrknesveten i Gulen & solnedgang!

Date:
03.01.2026
Distance:
3.0km

Det skulle skje mykje spennande aktivitet på himmelen i det nye året. Med diger solformørkelse, stjerneskudd, planetparade og nordlysaktivitet. Det vart eit utgangspunkt for å berre pakke bilen og reise ein eller anna plass for å oppleve litt av naturelementa. Byrknesveten vart toppen sporadisk og kjekt å være på tur igjen til denne flotte kyst toppen! Rakk akkurat solnedgangen! :) 12 minusgrader ute ved kysten og like kaldt heime i Jølster

Map    

Amlaholten

Date:
15.12.2025

Tur til Amlaholten i lag med Inge

Map    

Gudalsfjellet - Færøy/Solund

Date:
06.12.2025
Distance:
5.9km
Map    

Sågneskollen - Hyllestad

Date:
05.12.2025
Distance:
4.4km

God tid til ferja til Solund og heim til Færøy. Kjekt å ta turen oppom Sågneskollen igjen! Det er laga til parkering nedanfor garden og eg valgte å følge dei retnings linjene. Det var våt sti til toppen denne gang også og det går å knote litt med stien i eit par vende! :) Ellers fint å ha tida til å studere landskapet og kjente landområder ifrå toppen!

Map    

Amlaholten - Sogndal

Date:
13.11.2025
Distance:
3.9km

Map    

Amlaholten - Sogndal

Date:
11.10.2025
Distance:
4.0km

Map    

Hesteggi med haustfarger!

Date:
21.09.2025
Distance:
8.2km

Finere ver i Sogndal enn Jølster og Miriam vart med på søndagstur. Miriam hadde sprunget halvmaraton dagen i forkant og ville ta ein kviledag. Ho valgte å stikke innom sin pappa som bur i området. Medan eg valgte å ta ein tur oppom Hesteggi i godveret. Den godt trakka stien og svaberga var våte etter regn tidlegere. Mykje folk å treffe på tur til Hesteggi. På toppen var det stille og fint og tid til å knipse nokre utsiktsbilder med lettare skydekke og skoddedis. Tok turen bortom den mindre varden på returen.

Map    

Høgvagltindane i trollsk skodde!

Date:
28.08.2025
Distance:
16.1km

Etter gårsdagens fine tur til Rauddalstindane hadde eg og Brit Siv ein dag igjen før arbeid kaller. Ikkje fullt så heldig med veret og utsikta denne dagen. Men, likevel nok til at ein fekk sjå området rundt, når skodda letta litt på sløret. Vi gjekk litt etter GPS og ura var særdeles glatt å gå i under dagens tur. På Høgvaglbreen var det ein heldig skuleklasse, som fekk prøve seg over breen. Vi traff på dei i skaret mellom Vestre og Midtre Høgvagltinden. Eine breføreren kunne fortelle at det var blitt mykje meir laust og meir steinsprang opp og ved Vestre Høgvagltinden spesielt dei siste åra. Takker for nok ein fin tur Brit Siv

Map