Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Sundagsfjellet -Varder i Stølsheimen- Historie med ære!

Date:
05.11.2023
Distance:
22.4km

Dette var ein innertier av ein tur med eit terreng som ein lett kan ta forgitt! Det vart ein tur med mykje historie! Vi satte bilen på parkeringa ved Norddalen som vi etter planen skulle komme ned igjen til etter tenkt utmarsj via Sundagsfjellet & Norddalen. Vi starta litt seint på dag fordi vi starta heime ifrå Jølster og hadde ein beinstrekk oppom ein topp først. Vi skulle berre ha innmarsjen til Vardadalsbu. Vi følgde ifrå parkeringa, vegen til stistart ved Steinsland og Kvernhuselva. Vi skulle ha base på Vardadalsbu eit par netter med bra opp pakning og truger. Det vart truger, fordi det var ymse føre og forlite skiføre i området. Det skulle vise seg å være riktig valg. Det vart noko vind og snøføyke mot kvelden! Og det var knotete å sjå kva som var skavler og følge >>>

Map    

Årsdalsryggen - Høyanger/Stølsheimen - Dag 1

Date:
04.11.2023
Distance:
8.4km

Første morgen på Vardadalsbu var berre superfin. Stille, hytta og fjella for seg sjølv. Dagens første fjellmål var Årsdalsryggen og Eldhusfjellet var det andre tenkte fjellmålet denne dagen. Det var for lite snø til fjellski turer. Det var eit midt imellom føre imellom truger og broddeføre! Så begge deler var med under turen.

Map    

Steindalsbreen - Jostedalsbreen/Luster/Sogndal

Date:
02.10.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
18.6km
Map    

Storebreen & Stiganosi

Date:
17.09.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
21.1km
Map    

Helgenosi

Date:
16.09.2023
Distance:
14.0km
Map    

Okken

Date:
15.09.2023
Distance:
4.3km
Map    

Raudeggi & Såta

Date:
10.09.2023
Distance:
16.0km
Map    

Vegen delte seg - Aurlandsriket! :)

Date:
09.09.2023
Characteristic:
Hike
Distance:
28.1km

Lett å gå og lett å like! Lika leike like ved med Staut er berre nydelig :) https://www.youtube.com/watch?v=L6Nv-d4tPfE&list=RDL6Nv-d4tPfE&index=1 Dette fjellområdet har vore i kikkerten lenge! Då spesielt dei to siste åra. Turen har vore vurdert både til fots og på ski. Fjellområdet og toppane er nok eit perfekt skiområde med lange distanser. Men, det har aldri laga seg med veret i friperiodane mine ifrå jobben. Eg tek muligheten, tida og lysta ikkje minst, når eg har den. Denne gangen passa det nesten heilt med veret og fridagane. Planla raskt den lengste turen i dei mest unike områda til den eine stabile verdagen med antydning til sol og opplett! Det var full klaff! :) Det er og har vore eit temmelig turbulent seinsommerver i høgfjellet dette året her på vestlandet. Dette området har to hytter Grindaflethytta som eit godt utgangspunkt for fjella >>>

Map     2 comments

Liabrekulen - Breheimen/Luster

Date:
30.08.2023
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
12.5km

Etter gårsdagens hærlege tur til Lokebreen ifrå Veitastrond. Var eg lysten på Liabrekulen i det meldte lettskya veret. Å køyre innover Lustrafjorden mot Skjolden er eit lite eventyr i seg sjølv. Den irrgrøne fjorden, fossefalla ifrå dei bratte fjella som blandt anna Feigefossen. Eit lite stopp på Lustrabui for nydelig bakverk som ein saftig kanelbolle med på tur. Alt er som ein forsmak på neste eventyr av stortindane våre på Sognefjellet. Berre lekkert alt sammen! Kunne ramsa opp så mykje meir av kulturskatter i dette området. Medan eg drømmer meg vekk i alt dette lekre! Så møter det meg eit syn som sperrer og setter eit skår i fryden over alt det fine...Ein enorm vegg av eit malplasert turistskip inne i den tronge fjorden ved Skjolden. Skipet spyr ut os som nesten dekker >>>

Map    

Lokebreen ei mektig brevillmark! Jostedalsbreen/Luster

Date:
29.08.2023
Distance:
9.7km

Lokebreen er eit av tre brefall ned mot Austerdalsbreen. Det har eit nydelig navn og det er eit område som eg har gleda meg stort til å studere nærmare! Skal tru kvifor det fekk navnet Lokebreen! Dette er villmark av natur som det står respekt av i storheit ikkje langt heimatt ifrå. Det har vore studert kart nokre ganger over dette området i forkant. Dette var virkelig ein tur som sto til forventningane! Det er eit mektig fint naturområde og det gjere godt i sjela at ein kan nyte ein sånn vill natur i fred. Reiste inn og slo leir om kvelden ved slettene rundt Tungestølen. Veldig kjekt å ha med Ottar som turfølge på denne turen til Lokebreen. https://www.youtube.com/watch?v=QKcxhQZxvdw

Map