Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Bremangerlandet i godt turfellesskap :)

Date:
10.05.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:53h
Distance:
11.5km

Fam Lotsberg var på toppsamling i Bremanger landet med hytta på hjul....:) Eg visste litt om planane, godt ver og i beste Mai tider med Ungdommer i hus... så var det litt av og på med min overbevisning og deltakelse som turvenn denne helga!! ;) Nattevåk på kvar sitt vis med liten og stor....:) Mine håpefulle hadde det moro medan eg såg søvntimane berre fordufta!! Utruleg fine ver meldingar var det og det frista stort å komme seg ut til havet med sånne turmål og fellesskap :) Så etter litt teksting fram og tilbake på morgenkvisten.. om noko trøtt! så vart det pakka raskt og avgårde til hav eventyret i Bremanger. Fint no å køyre til Kalvåg og Grotle med den nye vegen via Svelgen, Leirgulen og til Bremangerlandet Ca 1.45 timer køyring frå Førde. Vi hadde tidenes overnatting >>>

Map    

Bremangerlandet og Blåfjellet

Date:
10.05.2014
Characteristic:
Hike
Duration:
1:06h
Distance:
5.0km

Parkerte ved Oldeidstunnelen, og gjekk opp ved linja til høgre for tunnelen eit fint utgangspunkt for Blåfjellet. (innom p. 358 moh) Lise hadde teke kveld med minstemann og på veg mot Grotle. Ove tok samme runde som meg og Lise hadde på Hælkinna og Skateheia tidlegare på dag, med start frå Berle. Der han også plukka med seg eit par toppar til og vidare over mot Oldeidstunnelen. Då eg nett var komt tilbake til bilen frå min flotte Blåfjelltur, og hadde slått av Gps. Høyrde eg løps steg gjennom tunnelen i det fjerne... Trudde kanskje det var ein lokal helt på joggetur i eit ellers så stille miljø... men der dukka det opp ein happy Ove :) snakke meg om timing!! Flott dag og fine toppar og som alltid, hærleg med havutsikt :)

Map    

Dunheia frå Utviken :)

Date:
22.04.2014
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:00h
Distance:
18.1km

Ein flott skidag med Dagsenter jobb :)

Map    

Endeleg Gjegnen 1670 moh :)

Date:
20.04.2014
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
33.0km

Gjegnen har eg lenge hatt i tankane! Den synast som ein markant, nydeleg og tydelg topp mot vest i frå fjella her :) Mange muligheiter til turvarianter denne dagen... men då Joar nemde på planane om å gå turen ifrå Ålfoten og Gjegnalunden, ein variant han ikkje hadde gått før.. så var det grei skuring :) Det frista stort, litt lite søvn men Joar skulle køyre så då var saken grei!! :) Dryg køyring herifrå, nesten 2 timar. Denne dagen gjekk eg til duk og dekka bord ;) :) Vi starta turen å gå i nyare anleggsveg på ca 4 km. Vi bar skia til opp på ca 650 moh. Stussa litt på kor vi skulle gå av vegen, visste det skulle vere merka sti!! Men hadde sett litt på kartet og teke ut rute ved punkt 506 moh faktisk ikkje så langt frå der vi fant den tilfeldige merkinga som ei raudmala >>>

Map    

Fossane

Date:
09.04.2014
Map    

Kiursnakken - Gloppen

Date:
06.03.2014
Characteristic:
Hike
Map    

Bolberg - Gloppen

Date:
06.03.2014
Characteristic:
Hike
Duration:
0:40h
Distance:
3.0km
Map     2 comments

Daurmål frå Jølster sida og to topper til!!

Date:
03.03.2014
Characteristic:
Hike
Duration:
5:16h
Distance:
17.6km

Lenge tenkt eg ville gå Daurmål frå Jølster sida frå Klakegg, etter at eg hadde vore der på ein utruleg flott skitur i Mai 2012 med start frå Årdalsstøylen i Årdal. Ein spesiell topp for meg...og ein flott skitopp! Hærleg å køyre telemark ned att på fjellski den dagen. Sidan eg mangla eit par Jølster topper til like ved Daurmål og dagen, vermeldingar var flott så var det berre å rusle avgarde ein tur:) Tok med stegjern og lett brodder i tilfelle. Noko trått føre å gå!!! Så lårmusklaturen fekk røyne seg idag... gjennomslagsføre, fokk snø og skare! Men det er god trening og sola var framme :) Super dag i Jølsterfjella og utruleg stille!!

Map    

Impulstur til Selje!! dag 2

Date:
01.03.2014
Distance:
22.6km

Våkna tidleg lørdagsmorgen av havdønningar frå Hoddevika, berre å komme seg opp og leite fram primusen. Å kunne nyte ny trekt kaffi og havregrynsgraut til frukost med eit sånt havskue! Om litt kjølig morgen (men berre friskt) 1 Mars det er det ingen ting å seie på :) Berre Hærleg! Kl 08.30 var eg klar for Varden og Kjerringa (Vestkapp) parkerte nede ved veiskifte som går opp til Vestkapp platået, merka skilt vinterstengt veg! Tur 1. Varden 418 moh og Kjerringa 497 moh Starth. 157 moh 7,4 km Totalstigning 422 m Tid t/r 1 t Frå Vågsvarden 391 moh mot Kjerringa og Varden. Starta frå Årvik og Stølsmyra. Ingen markert sti her, myr og høg lyng å trakke i oppover.. Toppen var ein artig steinhaug/røys midt på platårygg, derfor gledeleg å kunne trakke litt i steinrøysa som >>>

Map    

Impulstur til Selje!! dag 1

Date:
28.02.2014
Characteristic:
Hike
Distance:
8.4km

Etter å ha studert Yr, såg det ut til å bli supert ver i helga:) lite nedbør og styrke bris av vind! Då er det berre å komme seg ut til havet! Håpet var vel endå at det var litt tele att i myrane, noko som det ikkje var...!! Pakka vel raskt i bilen, av det som trengdast til ei bil overnatting ved havet. Kom til Skei, Kor var gps`n... rask tlf til Joar, kan eg få låne din.. finn ikkje min!!! men der dukka den opp i løpet av samtalen! Godt med venner langs ferdavegen å spørje uansett!! :) Litt fort i svingane av og til.. og fant vel ut at halvparten av det eg hadde klart å presse inn i bilen kunne vore heime :) Så mange fine topper i Selje, så her lyt ein ut fleire vender :) Tur 1. Gnullane 508 moh Starth. 231 moh 6,7 km Totalstigning 330 m Tid t/r 1,27 t Turen gjekk via Okla 458 >>>

Map