Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Eikåsnipa

Date:
28.08.2018
Characteristic:
Hike
Distance:
5.2km

Map    

Isvassnipa! Ei perle til fots og ein skibauta definitivt!

Date:
26.08.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
7:24h
Distance:
17.9km

https://peakbook.org/tour/160906/Isvassnipa+ei+fjellperle+i+Jølster+og+årets+flottast+skitur%21.html Isvassnipa er ein grensetopp for Jølster og Førde. Den er ein av dei toppane eg likar best, fordi den er markant sommer som vinter der den kan by på ulike utfordringer. Skimessig er den virkelig ei perle fordi du kan velge kor kvast du vil renne. Men ein bør være obs. på snøskavlen under toppen av Isvassnipa, mot ryggen/Tungefjellet og ned til Bjørndalen. Det var litt fjellreklame ifrå Jølstrasida :) Denne turen vart til litt fordi Stig Roger Eide skal gi ut ei bok ilag med Selja Forlag. Det blir ei ny turbok/Fotturar i den nye Sunnfjord kommunen. Som då blir Jølster, Naustdal, Gaular og Førde. Isvassnipa er heldigvis ein tur som kjem med :) Yr hadde litt skivebom igjen på veret, det var meldt overskya og solgløtt. Eg tenkte nok då at det var det perfekte foto veret! Det vart >>>

Map    

Årnesholten/Gaular

Date:
25.08.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
1:45h
Distance:
7.0km

Meldt noko regn idag, men var likevel ganske så heldig med turen! Opplett og nokre fine solglytt! Snakka med bonden på garden om parkering nede ved vegen, noko som var heilt greit. Følgde skogsvegen ifrå garden og oppover ca 2,2 km. Rødmerka sti vidare inn til Skardvatnet. Sidan fann eg ein slags bratt sti rett opp til toppen ifrå Årnesstølen. Nydelige haustfargar. Nede i tunet rakk eg akkurat å hjelpe bonden med å sanke ihop sauene som var på rømmen etter betre beiter :) Derfor litt merkelig sporlogg på slutten av turen!

Map    

Kletten/Førde

Date:
24.08.2018
Characteristic:
Hike
Distance:
0.8km
Map    

Kletten/Førde

Date:
23.08.2018
Characteristic:
Jogging
Distance:
13.0km
Map    

Orkja/Jølster

Date:
21.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.5km

Map    

Kletten/Førde

Date:
21.08.2018
Characteristic:
Hike
Distance:
0.8km
Map    

Kvamsfjellet/Jølster - Vindmåler

Date:
20.08.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
2:15h
Distance:
7.3km

Brit Siv var utsendt for ein inspeksjon på vindmåleren til Metrologisk institutt. Den trengde ei rask restarting for å komme på gang igjen. Ferdig på jobb og vi tussla avgårde.

Map    

Miniekspedisjon i havgapet/Flora

Date:
18.08.2018
Characteristic:
Kayaking
Duration:
7:47h
Distance:
26.0km

Det er alltid kjekt å kunne kombinere fjellturane med kajakk der det er mulig! Veret var meldt bra, men det var meldt noko frisk vind opp mot liten norda kuling ute ved kysten. Sidan eg har vakse opp ved storhavet så veit eg kva det inneheld, sjølv om det delvis ligg innaskjærs. Vinden skulle løye på ettermiddag! Men eg valgte likevel å ta med sovepose og ekstra utstyr i tilfelle eg måtte overnatte i området. Det skal være sagt at eg fekk testa meg på tilbaketuren! Vinden hadde auka på litt istadenfor. Og sta som eg er, valgte eg å ta sjansen på å komme over! Ei lita stund lurte eg litt på kor det skulle gå...Det var ingen andre padlere eller båter i området akkurat då! Godt letta var eg når eg endelig nærma meg rolegare sjø, og utgangspunktet for turen var like ved.

Map    

Ein avslappa tenketur på Eikåsnipa

Date:
17.08.2018
Characteristic:
Hike
Distance:
5.2km

Eikåsnipa er då berre fjellet mitt! :) Fjellet kjenner meg og eg kjenner fjellet! Litt stusselig idag å tenke på at eg ikkje skal springe Skåla imorgen! Eg rekner med det blir eit nytt halvt løp som i 2016 pga veret. Etter ein god tur på nærfjellet, så er det greit! Kneet etter skade på Alden løpet, trenger nok berre litt meir tid. Eg har nok valgt det rette som eg kan kjenne denne gangen. Det blir ein ny opplevelse langt inne i nye fjellområder denne dagen istadenfor i litt rolegare tempo :) Nye muligheter til neste år...

Map     2 comments