Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Klovetinden & Masdalhornet - Ørsta

Date:
29.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:57h
Distance:
14.8km

Ein dag for å nyte solvarmen, utsikta og bade i svalande fjellvatn! I boka på toppen av Masdalhornet stod det eit nydelig fjelldikt eg måtte lagre i minnet! Fjella! Der er dei altså fjella mine. Der er dei du også kallar fjella dine. Dei gir oss tryggheit og ro, der dei står heilt i ro. Det er berre vi som stresser oss opp og ned. Fjella dei berre står der i fred! Ein tur aldri heilt lik. For under ein himmel heilt unik. Om du aldri går opp, vil du heller aldri forstå den kjensla som eit fjell kan få deg til å kjenna på. Alle tankane som har blitt sortert og alle kjenslene som har blitt bearbeida og absorbert. Lukka av å nå heilt opp og av å kjenne att ein bruker sin eigen kropp. Det er enkelt, gratis og veldig nær. Og det kjære venn! Har livet lært meg at det er sjeldan noko som er. Så >>>

Map    

Ramoen/Jønshornet & eit av dei vakraste alpe eventyr!

Date:
27.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
21:21h
Distance:
17.1km

Dette er eit av dei store øyeblikka som eg har den aller største sans for! Kombinasjonen av revne, ville tinder, natur og overnatting på ein heller så temmelig unik topp! Det med panoramautsikt til ein annan nydelig topp, Randers Topp 1414 moh. med så mykje meir. Eit vidsyn av eit fantastisk vakkert alpeland i tidenes sommevær! Det må eg jo berre seie er eit av dei store øyeblikk!

Map     2 comments

Festøykollen/Ørsta - 17 Mai

Date:
17.05.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
2:38h
Distance:
6.8km

Ein nydelig dag med tid til å nyte i lange drag på toppen! Traff på ei trivelig lokal dame som gjekk mykje i desse fjellområda. Det kan eg godt forstå :)

Map    

Mot haust og drømmedag på Jakta og Risenosa

Date:
31.03.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:27h
Distance:
13.8km

Enkelte turer setter fleire spor og minner enn andre! Sånn er det berre :) Dette er ein tur ifrå 17 som vart liggande som enkelt registrert i påvente av tid til bilder og ord. No kjem i alle fall bilder og litt tekst! Gps loggen min på denne turen forsvant ilag med den forrige Garmin gps eg hadde og som var ein kjær følgesvenn. Litt dårleg er eg på å lagre alle ting rundt omkring!! Men to fine turrapporter med logg har Endre Fjellsamleren (Endre Myrdal Olsen) https://peakbook.org/tour/235556/Drømmedag+på+Jakta+og+Risenosa.html og Jan Petter JPV100 (Jan Petter Vad) https://peakbook.org/tour/235572/Jakta+og+Risenosa.html Ein strålande turdag med trøkk og med nydelige løpssteg ut ifrå fjellet tilslutt! Takk til eit supersprekt turfølge og ikkje minst ein strålande dag i fjellet :) Geir Arne, Endre, Jan Petter, Øyvind, Johannes og Sven

Map    

Saudehornet/Ørsta -Dei finaste kontraster på alle vis!

Date:
23.09.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
3:33h
Distance:
9.3km

Noko rufsete ver for tida! Men det stopper ikkje det gode sosiale tinde og tur fellesskapet! Kjekt at Morten drar i gang desse samlingane :) Eg veit kor mykje arbeid som ligger bak, fordi eg sjølv har vore med å starta Jølster friluftsfestival. Og det med samme utgangspunktet! Det er ikkje tvil at veret spelar ei rolle uansett på eit vis, i oppmøtet tilslutt i dette gamet! :) Men det er ekstra stas i sånt ver likevel, å reise på desse samlingane. Fordi tur, fjell livet og menneska betyr så mykje i kvardagen. Turen til Saudehornet 1303 vart ein fantastisk tur blant nye og gamle turvenner! Det vart det rette foto veret og ikkje minst så hærleg mykje ver! Takker for strålande tur ilag Morten, Jørn, Lise, Chris og Ragnar https://www.youtube.com/watch?v=TiCxqhu9cio

Map    

Nonshornet & Sylvkallen /Ørsta

Date:
18.08.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
6:41h
Distance:
12.6km

På veg nedover etter tur på Runde og omegn! Passa det fint å få til nokre fine topper ilag med Lise, sidan ho var i området. Det vart ein strålande dag i Sunnmørsfjella, før eg måtte heimover igjen til Jølster.

Map    

Grøthornet/Ørsta

Date:
20.05.2018
Duration:
2:18h
Distance:
5.5km
Map    

Sunnmørsalper i vinterdrakt!

Date:
30.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
4:22h
Distance:
7.9km

Sunnmørsalper er alltid stas å besøke! Håpet for denne turen var å få eit glimt av tindane i Molladalen med nysnø. Men yr var ikkje villig til å lempe på skodda og ikkje gi det heilt optimale fotoværet. Men tur i toppane uansett vær er då berre fint, når ein er forberedt for det. Eg hadde nok det største håpet med eit nytt etterlengta Canon 5D mark 3 systemkamera. Eg fekk virkelig testa det på denne turen. Fint å kunne parkere ved Steinstøylen og gå opp skaret og følge ryggen vidare via Hallehornet.

Map    

Dagstur til Åvasstinden i Ørsta

Date:
08.11.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
8.8km

Melding frå Lise...turplanar i helga? Seier nesten aldri nei til slike turar ;) Fantastisk å ha muligheit til å farte på tur i det flottaste av det flotte...Ove heime og kosa seg med Vinjar gut....så me damer kan Gønne på tur :) Starta dagen med ei uhorveleg forsoving.. Var vel ikkje heilt tur entusiast kl 06.54 då eg vakna av eit pip på melding av mobilen... ei melding frå andre morgenfugler... ;) :) Rakk ferje som avtalt med Lise i god margin, men då med frukosten i bilen!! Suste avgårde på tørre fine vegar med 12 grader pluss..Tok av frå E-39 (Nordre Vartdal) ved skilt Årskog og vidare opp Ådalen til Vartdalsætra og Bomveg kr 25,- Eit flott Sætreområde og fin parkering. God sti herifra og turmerka delvis mot Åvasstinden, ingen problem å finne den gode veg opp! Følgde >>>

Map     3 comments

Hesten - Skruven + Tverrfjellet

Date:
14.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:19h
Distance:
18.2km

Map