Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Når mil blir til smil på det enklaste vis! Reinheimen

Date:
11.02.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
12:46h
Distance:
38.1km

Mange planer og Snøhetta var først tenkt! Men det ender i ein superfin dags og langtur på gode gamle fjellski i nydelige Reinheimen og i eit særdeles godt turfølge. Det er dette som er kjekt :) Visst kan vi klatre spektakulært, konkurrere på topp, nå dei fleste topper, gjere dei heftigaste stunt i tida og med heftig "UTSTYR". Men ingenting slår ein tur på enkelt vis nokre mil i ei sånn stille, urørt natur og ilag med mennesker som har samme ro og gleda til naturen. Takker for strålande tur JPV100 (Jan Petter Vad) Øyvindbr (Øyvind Brekke) Atomsilda (Jørn Håvard Ask) Garm (Gal Krokfot)

Map     3 comments

Storivilen og Storhøi

Date:
20.09.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
7:30h
Distance:
29.8km

Storivilen hadde eg eigentlig tenkt ifrå Lom, men hadde også tenkt litt på Storhøi 1780 moh som såg ut til å være ein fin topp. Eg visste at Lars Sulheim har nytta Storhøi som sitt treningsfjell via Stein og at det var ein fin men bratt sti frå garden opp mot ryggen til Storhøi. Eg starta frå nabogarden med fin sti oppom Leiksæter, snakka med bonden der som skulle ha helikopter opp i området for å kike etter storfe og lova gje beskjed om eg såg dyr på min rundtur. Synest det var vel voldsomt med helikopter...men er då vant med litt mindre beite områder. Nydelige haustfargar var det oppover lia ved Sulegjelet, nysnøen låg heldigvis berre på toppen av Storivilen. Eg fortsatte vidare ryggen ut mot Lendefjellet 1973 moh og skråa ned mot dalføret via nordre Bord og rett opp >>>

Map    

Langtur til Benkehøa...

Date:
29.08.2015
Characteristic:
Jogging
Duration:
7:35h
Distance:
47.0km

Sidan vermeldingane var gode i indre strøk og regnet var spådd heile helga i Jølst....passa det fint å ta løpsturen som eg hadde tenkt på ei stund! Planen var å nå Benkehøa, Trollkyrkja og Storhøa. Starta frå Billingen og følgde stien på vestsida av Storeføysa og vidare inn langs austsida av idylliske Langvatnet. Elvekryssing måtte til over Spongi som var på grensa stor til å kryssast. Benkehøa bærer navnet sitt med rette, fine avsatser over heile fjellet. Mot toppen kom skodda tjukk med regn og snø i lufta. Sidan eg var så langt inne og skodda låg tjukk heilt ned, valgte eg å slå ifrå meg Trollkyrkja og Storhøa, men plukka med Nørdre Bolla 1628 moh i retur. Valgte å krysse elva heilt nede, etter å ha passert Friisbu. Ingen å sjå eller å treffe på undervegs, >>>

Map     3 comments

Hesthøi og Moldulhøi frå Lundadalen

Date:
03.08.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
24.6km

Map    

Endeleg Store Hestbreapiggen ilag med Stein P. & Geir Arne M

Date:
12.07.2015
Characteristic:
Hike
Distance:
22.1km

Etter fjorårets flotte rundtur på Hestbreapiggane ilag med Geir Arne, satte skodde og skisko ein stoppar for å nå Store Hestbreapiggen via eggen. Den satt langt inne...100 argument og overbevisningar fram og tilbake....den tar vi jo selfølgeleg att og fjellvett gjeld endå!! Så kom meldinga frå Geir Arne...når har du tid til Store Hestbreapiggen? Ferietid og ikkje tung å be :) Vi var tre som la iveg og som såg fram til denne fine toppen og eggen. Vi fekk campa på Netosætre etter å ha gjennomgått sikkert den første storstilte promillekontrollen i historia... til den litt avsides liggjande men flotte Kvanndal! Førarkort og blåsing på alle tre...Fint var det, då eit par smilande politimenn kom til konklusjonen at vi var då likandes fjellfolk ;) Grunnen for aksjon var krypskyting >>>

Map     4 comments

Skardtind 1883 moh ++

Date:
11.07.2015
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
31.0km

Etter rundtur på Hestbreapiggane i 2014. måtte vi sette att hovedtoppen Store Hestbreapiggen 2172 moh pga skodde og sleipt snøføre. Den satt langt inne... det var rett og slett ikkje forhold til å nå toppen utifrå ver og utstyr!! Men skjønt einige var vi at den jammen skulle takast ved første høve i beste tid og fellesskap :) Denne helga passa for mange til ulike turvariantar...og veret var ikkje så ille meldt! Søndag var plan om å nå Store Hestbreapiggen. Brit Siv skulle starte ferien sin med sti sykling i Oppdal og vart med meg til Vågå der vi telta nær Finndalen og utgangspunktet for lørdagens 1800 moh topper ilag med Geir Arne.

Map    

Søndagstur i Reinheimen og Legevakta i Førde....

Date:
15.03.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:10h
Distance:
28.1km

Atter ein fin solskinsdag og turplanane klar for dagen, men litt seinare start etter gårdsdagens rundtur i Reinheimen. Parkerte ved Morådalslægret og hyttegrenda ved Grotli, mykje bilar på parkeringa og folk rundt om i løypene på ein sånn godværsdag. Følgde den merka/varda turstien heilt opp til breen Nordaust for Skridulaupen. La på feller her og gomla nokre gode skiver med standar pålegget brunost, som er det beste pålegget som finnast :) og restane frå Smash sjokoladen frå gårdsdagens tur, den beste tur sjokoladen... Litt kald trekk nede i dalane denne dagen men ei ekstra positiv glede var vindstille toppar! Møtte på ein kar som hadde skikkeleg dreis på fjellskia og ikkje mykje uredd der han for som eit lyn nedover frå toppen på skaren...Ein skikkeleg "Ola Normann" >>>

Map     8 comments

Når mil blir til Smil i Reinheimen...

Date:
14.03.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
13:13h
Distance:
56.8km

Tenk at eit så flott høgtrykk skulle legge seg til ei helg, då er det vel ikkje så mykje å lure på!! Bilen min er alltid turklar, så det er raskt å komme seg av garde....grove planar for Reinheimen og Breheimen har vore tenkt. No var det rette tidspunktet for 1800 moh toppane i området og ein ekstra bonus for meg vart Gråhøe 2014 moh :) Det var rett og slett perfekt skiføre på desse lange strekka. Vi greidde mykje av turen på Blå Swix og fellar på dei brattaste kneikene, det gjorde turen til ein ekstra positiv opplevelse. Vi var turklar kl 07.40 frå Billingen ved Riksveg 15 og Aust for brua over Store Føysa. Følgde den raudmerka løypa oppom skoggrensa og fortsatte vidare mot punkt 1425 moh Sør Aust for Vesle Frøysa. Derifra eit laangdrygt stykke til vi nådde Sør ryggen >>>

Map     12 comments

Dyringshøi 1814 moh

Date:
21.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:30h
Distance:
15.8km

Passeleg topp å ta turen innom på veg heim :) Faktisk ein utruleg fin topp, med ein langdryg stein rygg. Flott utsikt til stortoppane i Breheimen og ikkje minst det flotte blågrønne Raudalsvatnet. Får å nå toppen tar ein av ved Storbråta eit stykke før ein kjem inn til Sota Sæter. Fin Skogsbilveg å køyre opp Bråtååsen og til parkeringsmuligheiter oppe ved Raudalsvatnet.

Map    

Rivenoskulen og dag to i Breheimen

Date:
20.07.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:11h
Distance:
24.8km

Når ein først er i eit så flott område og veret spelar på lag, så må ein utforske området noko meir:) Så då vart Rivenoskulen eit godt alternativ, køyrde vidare bomveg inn til Mysubytta frå Sota Sæter kr 40,- Eit utruleg idyllisk område med spesielt stor furuskog og mange på sykkel og søndagstur innover dalen i godveret. Inne ved Mysubytta og Støylsområdet følgde vi over brua og i merka sti eit stykke. Så tok vi av stien rett mot dalføret Sumarkvila, etter først å ha vassa over elva her. Fant ikkje side sti eller bru over elv mot dalen frå dette området. Men greit terreng å gå i, litt dyretrakk enkelte stader. I dalføret og oppe i Sumarkvila, var det berre å nyte skiva med kvitost og dalen som kler sitt navn ein sånn dag :) Følgde elva eit lite stykke opp, så >>>

Map