Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Veten i Gloppen! Nydelige kontraster!

Date:
15.02.2024
Distance:
6.8km

Fin beinstrekk på snøføre og hærlege forandringer!

Map    

Kletten & små - ærend!

Date:
12.02.2024
Characteristic:
Hike
Distance:
1.5km

Ein rotedag! Utan det heilt store av gjeremål! Blir litt stressa av sånne dager. Men, trur det gir overskudd... :)

Map    

Morsdag!

Date:
11.02.2024
Distance:
3.2km

Kva har eg lyst til idag!? Kunne nok mest hatt lyst til å vore ein tur opp på Jostedalsbreen. Ei lita stund sia no. Men, det har vore mykje skiftandes ver i det siste. Ei viss skredfare og etter ei halv arbeidshelg! Så kjenner eg på at det begrenser seg med "goe" Ein løpstur ute ved kysten var det som lokka meg mest då :) På veg ifrå Jølstra fjella møtte eg full utrykning av blålys etaten til skred ved Bjørkelia og Kvamsfjellet i Jølster. Det gjekk heldigvis bra for dei involverte og nydelig at vi har så bra beredskap i vårt land. Etter tur var det staselig å ha den goe tida ilag, liten og stor! :) https://peakbook.org/tour/305300/Fem+fjell+i+Bruheims+rike+%26+Botnane+i+Bremanger.html

Map    

Hafstadfjellet & Kletten - Ifrå A-Å

Date:
02.02.2024
Characteristic:
Hike

Etter nokre småærend i Førde. Var det to greie topper å traske opp til i store nedbørsmengder i 7 + oppi all snøen! Krafig vind på toppen av Hafstadfjellet. Sånn er det om dagane her vest! Så lenge eg har levd, kan eg ikkje ha registrert så mykje nedbør og så store skiftingar i temperaturer. Ifrå kulde, puddersnø, slush snø, skaresnø & elvar av vatn overalt. Minus & pluss grader vilt om eit anna i eit ganske så vidt spekter!

Map    

Eikåsnipa i legendarisk ver!

Date:
30.01.2024
Characteristic:
Hike
Distance:
5.2km

Fin tur!

Map    

Fanneskarvarden + Heftig fint!

Date:
28.01.2024
Distance:
9.1km
Map    

Fint ruskever! Flofjellet & Storehovden

Date:
27.01.2024
Distance:
4.2km
Map    

Veten - Vinter & fullmåne før meir mildver!

Date:
25.01.2024
Characteristic:
Hike
Distance:
6.9km

Snøføre og noko isete mot toppen av Veten. Måtte bruke hodelykt siste del på nedfart! Fin tur etter jobb! Mykje fint ruskever for tida! Staselig å få med seg klarveret og fullmånen ifrå ein topp. Skulle så gjerne eigentleg ha vore i eit telt på ein eller anna fjelltopp for å nyte kontrastveret og nokre fridager ifrå fullmåne livet! Det kribler etter nye eventyr. Men, imorgen veldig tidleg må eg til favoritt Grytten, for siste skulder behandling og kike litt på meniskskade etter eit tidlegere Alden løp. Det er eigentlig berre småbagateller & kroppen trenger litt forpleiing & overhaling som alt anna i livet. Sånne greier! 50 + Så må ein kjenne at ein har brukt rustninga i livet. :) Det forteller meg at ein lever og ein må justere & komplimentere på slitasje deler. >>>

Map    

Ein trenger ikkje reise langt for å nyte livet!

Date:
22.01.2024
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
5.6km

Når været rusker som verst, er det nydelig å være på tur! Liker det aller best med den største fryd! Sånn har det vore sidan eg var unge og kan hugse vinter stormane lengst ute i havgapet på ei lita øy i Solund. Vinden er fascinerende der den riv og raser avgårde og lager musikk i trea. Høyrer duren nedover fjellsidene, før den treffer med nydelig styrke. Kjenne regnet som nesten går over til snø, piske i ansiktet når ein trakker seg tolmodig oppover i høgde. Det er då ein kjenner at ein lever, og kan nyte den magiske "stilla" Ein trenger ikkje å reise langt. Musikk på nrk for tida... :) https://www.youtube.com/watch?v=8Tl9xlqqTG8 Hadde eit lite håp innerst inne å sjå spor etter reinsdyrflokken! Men, såg ikkje noko denne gangen til den fine flokken. Det er enorme kontraster for tida! Ifrå nesten 20 blå >>>

Map    

Legendarisk på Eikås

Date:
18.01.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.2km

Legendarisk på Eikås og som alltid den gode refleksjonspraten ilag om laust og fast!! Det har vore mykje jobbing på oss alle den siste måned og tid. Så endelig klaffa det med å komme oss på tur ilag igjen. Vi var einige i at det var digg å dele brøytinga ilag med pudder til knes! Samtidig som vi kunne einast som alltid, at me har det fabelaktig nydelig som å bu som vi gjere i grisgrendte strøk. Og i fin kombinasjon til jobb & gode relasjoner rundt oss :) Vi er veldig bestemte på at det er vemodig å sjå att naturen vi har rundt oss taper så drastisk areal og vern til fordel for egoisme & kapital. Vi ønsker våre barn, barnebarn og familie å få oppleve den friheita som det er å nyte naturen som vi kan gjere. Noko om betyr alt for oss & som er eit fredfylt pusterom... Takk >>>

Map